Brexit-nederlag for Theresa May: No ventar ny skjebneavstemming

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det britiske Underhuset stemte i går over Brexit-avtala statsminister Theresa May har framforhandla.

Parlamentet var klar i si tale: 202 stemte for å godta avtala, 432 imot. Avtala vart difor forkasta. Kva som skjer no, er usikkert.

Mistillit mot May

Etter at avtalen vart avslått fremja leiaren for det britiske arbeidarpartiet (Labour) mistillitsforslag mot den sitjande regjeringa.

– Ho kan ikkje seriøst tru at ho, etter to år med nederlag, er i stand til å framforhandle ei god avtale for folket i dette landet, sa Jeremy Corbyn frå talarstolen.

Onsdag vert det difor ei ny runde med avstemming i det britiske parlamentet, og dersom opposisjonen får fleirtal vert Theresa May kasta.

Fleire spår derimot at statsministeren ikkje lyt gå av:

– Alle motstandarane av Theresa May i det konservative partiet kjem til å støtte ho i eit mistillitsforslag, sjølv om dei stemte mot avtala i går, seier Jan Erik Mustad, universitetslektor ved Universitetet i Agder til NRK.

Les også reportasjen om representasjon i politikken: – Eg kjem ikkje berre til å bli ein funksjonshemma ordførar.

Den irske usikkerheita

Ein av grunnane til misnøye med avtala er knytt til grensa mellom Nord-Irland og Irland. Kva skjer når dette vert ei grense mellom Storbritannia og EU?

Korleis påverkar dette folket? Mange er avhengige av å krysse grensa kvar bidige dag for å reise til arbeid. Og kva skjer med vareflyten, sidan Storbritannia melder seg ut av den indre EU-marknaden og tollunionen?

EU og Storbritannia vil begge unngå ei hard grense med sikkerheitspunkt og grensekontroll – det minner om uroa som herja i Nord-Irland før fredsavtala vart inngått i 1998. Difor vart partane samde om ei overgangsperiode som skulle vare til 31. desember 2020. Før den tid skulle det meste halde fram som no. Det skulle gje partane tid nok til å forhandle fram handelsavtalar og finne ei løyse på grenseproblemet.

Men EU har insistert på ei nødløysing, ein «backstop». Om inga semje var nådd innan overgangsperioden var over, så skulle Storbritannia halde fram i tollunionen og følgje EU sitt regelverk fram til begge partane vart samde om ei løysing.

Denne filmen forklarar Brexit-avtala:

Les også: Starten på slutten for Merkel: Fire konsekvensar for Tyskland og Europa

Vegen framover

Om statsministeren overlever mistillitsforslaget så får May tre arbeidsdagar til å presentere sin Plan B. Den må leggast fram for parlamentet seinast på måndag.

Den offisielle dagen England forlet EU er 29. mars 2019. Landet risikerer no å forlate unionen utan noko avtale på plass i det heile.

Les også: Høgrebølge i Latin-Amerika