Eit kapittel i tysk og europeisk historie er snart over.

Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 23.11.2018 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter 18 år som partileiar, av dei 13 som kanslar, annonserte Angela Merkel måndag at ho ikkje tek attval som leiar av kristendemokratiske CDU, men held fram i kansleramtet fram til 2021. Ho stiller verken til val i Tyskland eller i EU, som enkelte har spekulert i.

Då Gerhard Schröder gjorde det same i 2004, var det «starten på slutten» for den sosialdemokratiske regjeringa, ifølgje opposisjonsleiar Merkel. Halvanna år seinare gjekk spådommen i oppfylling, og Merkel tok over. Nå går hennar eigen æra mot slutten.

Sjølv om det var venta at dette ville bli Merkel sin siste periode som kanslar, er det eit aldri så lite politisk jordskjelv at ho går av som partileiar alt tre år før neste val. Avgjerda hennar om å opna grensene for flyktningar i 2015 blir typisk nemnd som årsaka.

Resultat av ei rekke kontroversar

Men det kan vel så mykje skuldast at Horst Seehofer og det bayerske søsterpartiet CSU valde å gå i open konflikt med Merkels CDU om innvandringspolitikken i forkant av delstatsvalet.

I ei meiningsmåling viste det seg at veljarane i Bayern var langt meir opptekne av utdanningspolitikk, sosialpolitikk og klima- og miljøpolitikk. Innvandring kom på ein fjern fjerdeplass.

Den tyske innanriksministeren Horst Seehofer i naturlege omgjevnader: Oktoberfest. Foto: lars20070/CC BY-NC-ND 2.0

Det er langt frå einaste kontrovers denne hausten. Trass i ei svært populær regjering mellom CDU og Dei grøne i Hessen, gjekk kristendemokratane 11,3 prosent tilbake. Berre grunna fantastisk framgang for Dei grøne kan koalisjonen likevel halda fram.

Ved delstatsvalet i Bayern tidlegare denne månaden låg tilbakegangen for søsterpartiet CSU på 10,3 prosent – det verste resultatet sidan 1950. Begge valnederlaga blei skulda stoda i Berlin.

1. Leiarstrid i CDU

Nå er kampen om partileiarvervet i full sving. Favorittar er generalsekretær i CDU Annegret Kramp-Karrenbauer, som vil halda på Merkels moderate sentrumslinje, og helseminister Jens Spahn, som representerer den konservative, meir næringsvennlege delen av partiet.

Kven som blir vald som etterfølgar i desember, vil truleg også avgjera kor lenge Merkel held fram som kansler. Europavalet i mai og nye delstatsval vil også kunne vera avgjerande.

FDP-sjef Christian Lindner har dessutan opna for nye forhandlingar om ein «Jamaica-koalisjon» beståande av CDU, Dei grøne og FDP – dersom Merkel går av alt nå. Det er lite truleg, ikkje minst fordi karbon-sjåvinismen i FDP har vist seg vanskeleg å sameina med klimaengasjementet til Dei grøne.

Alternativa ser ut til å stå mellom:
1. Å bevara status quo fram til 2021,
2. Å skriva ut nyval, eller
3. Å endra regjeringssamansetninga.

2. Nytt håp for «folkepartia»?

Delstatsvala i Bayern og Hessen stadfestar trenden ein har sett over lang tid: At «folkepartia» i storkoalisjonen som utgjer dagens regjering, er på full fart nedover.

Sosialdemokratiske SPD blei langt på veg utsletta i Bayern, og er brått blitt landets fjerde største parti, langt bak både Dei grøne og høgrepopulistiske «Alternative für Deutschland» (AFD).

Med 14 prosent på målingane, er partiet neppe spesielt optimistiske til nyval, sjølv om deltakinga i storkoalisjonen ser ut til å utgjera ein nærmast eksistensiell trussel.

Sett i lys av den fullstendige kollapsen i SPD blir ikkje CDU sin tilbakegang like dramatisk. Men at dei to folkeparti nå får støtte frå knappe 40 prosent av befolkninga er like fullt skilsettande for tysk politikk.

CDU lekk som ei sil både til høgre (AFD) og venstre (Dei grøne), medan SPD-røystene i hovudsak går til Dei grøne. Dei grøne ligg i enkelte meiningsmålingar på 21 prosent, og peiker seg ut som eit nytt, tysk folkeparti.

3. Mindre polarisering, meir fragmentering

Ein eventuell slutt på sentrumskoalisjonen mellom kristendemokratane og sosialdemokratane vil gi nytt liv til den tradisjonelle høgre-venstre-aksen.

AFD blir ikkje lenger største opposisjonsparti, og polariseringa av det tyske samfunnet vil kan henda svekkast.

Blir det regjeringsskifte eller nyval, er ein sentrum-høgre-koalisjon av CDU, Dei grøne og eventuelt FDP mest sannsynleg. SPD går i opposisjon og kan «fornya seg», til glede for store delar av partiet.

Mangelen på folkeparti kan også føra til fragmentering av det politiske landskapet, og større vanskar med å danna regjering, slik ein ser i ei rekke andre europeiske land. Med eit SPD på under 15 prosent, og CDU på knappe 25 prosent, krevst truleg koalisjonar av tre eller fleire parti – eit nærmast ukjend fenomen i tysk politikk.

4. Tysk leiarskap framleis etterlyst

Samstundes markerer dette at tysk leiarskap i Europa og verda neppe vil returnera med det første, spesielt dersom det blir stor avstand mellom Merkel og den nye CDU-leiaren.

Merkel har av enkelte blitt kalla «leiaren av den frie verda», trass i at tysk leiarskap stort sett har bestått i å fylla maktvakuum, heller enn aktiv maktsøking. I kjølvatnet av Trump og Brexit ser den liberale verda i aukande grad til Tyskland for håp, men historia sørger framleis for at Merkel tek rolla som meklar, ikkje leiar.

Eit beskjedent forsvarsbudsjett gjer dessutan at Tyskland framleis er prisgitt amerikansk militærmakt. Det er uansett lite som tyder på Tyskland vil gå frå diplomati og å avgrensa skade til konfrontasjon og leiarskap, uavhengig av kven som til slutt tek over som kanslar.

Ifølgje tyske avisspalter er det tre ting ein ny kansler bør inneha: Mot, solidaritet og beskjedenheit. Sistnemnde vil neppe forsvinna frå tysk politisk kultur med det første.