10 gode bøker for ungdom

Ida Johanne Aadland
Publisert
Oppdatert 03.02.2020 15:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Treng du lesestoff? Silje Duus deler sine ti favorittar

– Du gav meg ikkje akkurat ei enkel oppgåve, hehe. Men etter litt om og men trur eg at eg har klart å lage ei verdig liste, seier ho.

Tidlegare i år vann Silje Duus prisen som Årets bokmeldar. Ho vart overraska med prisen i klasserommet på Ruseløkka skule i Oslo. Foto: Ida Johanne Aadland

Lista ber preg av at Duus sjølv er glad i spenning, fantasy og tenkte verkelegheiter, men ho understrekar at ein må finne sine eigne favorittar.

– Det viktigaste når du skal lese, er at du finn noko som du likar. Om du veit om ei bok du likar, prøv å finn andre som liknar. Det kan vere lurt å finne ein raud tråd.

Les også: Silje Duus (15) les helst bøkene VG slaktar

1-3. The Hunger Games, Divergent og Harry Potter.

– Det er heilt umogleg for meg å velje ein av desse betre enn den andre, så desse er alle topp tre, seier ho.
På toppen av lista ruvar tre klassikarar som må dele på gullmedaljen.

Både Hunger Games og Divergent er dystopiar, altså skildringar av skremmande framtidssamfunn der menneske vert kontrollert i maktsvoltne system.

Foto: commonsensemedia.org

Den første boka i Divergent-serien av Veronica Roth, handlar om 16-år gamle Beatrice sitt livs vanskelegaste val. Samfunnet er delt inn i ulike grupper, dei usjølviske, dei fryktlause, dei ærlige, dei fredelege og dei modige. For å finne ut kva gruppe ein høyrer heime i, må ein gjennom ein test. Det viser seg at Beatrice er divergent, som betyr at ho har litt av alt. Kva gjer ein då?

The Hunger Games, eller Dødsleikane på norsk, av Suzanne Collins, handlar om Katniss som deltek i dei årlege dødsleikane. 24 ungdomar kjempar på liv og død i eit mediestyrt diktatur, direktesendt på TV. Vinnaren er den som står igjen levande.
Harry Potter av J.K. Rowling har teke verda med storm. Dei sju bøkene om foredrelause Harry som flyttar inn på trolldomsskulen Galtvort med vennane Hermine og Ronny, har så høge salstal at ein kan miste tellinga.

4. Hobbiten/Ringens herre

Tolkien si første bok, Hobbiten, er ei barnebok. Handlinga går føre seg i eit fiktivt univers med dei kjente karakterane Bilbo, Gollum og Gandalf. Boka handlar om hobbiten Bilbo som finn ein magisk og vond ring.

Tolkien hadde i utgangspunktet ikkje planar om å halde fram å skrive om det same universet, men då utgjevaren bad om fortsetjinga, begynte han på det som vart til Ringens Herre-serien. Den handlar om Frodo som legg ut på ei land ferd for å øydeleggje den mektige ringen.

Visste du at Tolkien eigentleg ville gje ut heile verket på seks bøker som eitt bind, men måtte dele det opp i tre på grunn av papirmangel i etterkrigstida?

Les også: Hobbiten – frå tynn bok til triologi på ni timar

5. Percy Jackson-serien

Nok ein gong får bøker i fantasysjangeren plass på favorittlista til Silje. Rick Riordan har skrive fem bøker i ungdomsserien om Percy, der gresk mytologi, havgudar og spenning er stikkord.

6. Faen ta skjebnen

John Green sin Faen ta skjebnen tvingar fram tårer hos mange, men også latter. 16 år gamle Hazel har allereie levd tre år med dødsdommen – kreft. Midt i det alt det vonde møter ho Augustus, og humøret snur. Plutseleg vert kjærleiken det viktigaste, ikkje døden. Boka er kjensleladd og har treft mange.

Les også: – Ungdomslitteraturen set ord på uroen for krig og klimakrise

7. Doktor Proktor

Foto: ebok.no

– Denne klassikaren frå barndommen blir ein aldri lei av!, seier Duus.

Doktor Proktor serien byrjar med Doktor Proktors prompepulver, der den nokså gale doktoren ved eit uhell har funne opp verdas kraftigaste prompepulver. Prompehumor for heile familien!

Jo Nesbø har hausta mykje ros for den morosame og lettleste barnebokserien, som no har resultert i totalt seks bøker.

Les også: Norske bøker populære utanlands

8. The Selection

Kiera Cass har skrive fem bøker i serien The Selection, omsett til Utvelgelsen på norsk. Éin prins og trettifem jenter. Kven vel han å gifte seg med? Litt motvillig vert America vald, men ho endrar fort meining når ho møter han ho trudde berre var ein snobbete prins.

Les kva ungdom synest om boka her.

9. Et helt halvt år

Et helt halvt år av Jojo Moyes har slått an både som bok og film. Louisa Clark vert tilsett som assistent for Will, som er lam og sit i rullestol. Ettersom vekene går, blir det fort tydeleg at kjenslene dei har for kvarandre er sterkare enn eit vanleg assistent-brukar forhold skulle tilseier.

Will har bestemt seg for at han skal til Sveits for å avslutte livet, for der er aktiv dødshjelp lovleg. Boka skildrar korleis Louise i seks månadar prøver å overtale Will til å velje livet.

– Men oppfølgaren Etter deg, skuffa meg skikkeleg, seier Duus.

10. SVK – Store Vennlige Kjempe

Foto: Bokelskere.no

– Endå ein barneklassikar, men litt Roald Dahl skadar aldri!, seier 15-åringen Duus.

Store Vennlige Kjempe er ei barnebok skrive av britiske Roald Dahl. Boka handlar om ei foreldrelaus jente, som vert kjent med ein stor venleg kjempe. Saman legg dei ut på eventyr for å stoppe dei større og ikkje fullt så venlege kjempane frå å ete småbarn.

Det har vorte laga to filmar basert på boka, først ein teiknefilm i 1989 og så ein spelefilm i 2016, regissert av sjølvaste Steven Spielberg.

Treng du enno fleire boktips? Til «Les ei bok»-dagen samla me våre beste boktips!