No er det fantasy og dystopiar som gjeld

På nyåret kom Norsk barnelitteraturhistorie ut for tredje gong. Framtida har tatt ein prat med forfattarane om dei største endringane innan barne- og ungdomsbøker.

Elise Løvereide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ungdomslitteraturen set ord på uroen for krig og klimakrise

Mellom 2005 og 2015 kom det ut cirka 3000 nye, norske titlar innan barne- og ungdomslitteratur. Derfor såg forfattarane bak den klassiske fagboka Norsk barnelitteraturhistorie ei grunn til å oppdatere boka, som no kjem i ei ny og revidert utgåve.

– Barnelitteraturhistoria er ein del av historia om barndommen, og speglar ulike tiders oppfatning av kva det vil seie å vere barn, ungdom og vaksen. Tidlegare bøker for barn og unge framstilte vaksne som autoritetar, mens dagens litteratur oftare fortel om at vaksne manglar autoritet. Barna ordnar opp der den vaksne ikkje gjer det, fortel forfattaren Tone Birkeland.

Norsk barnelitteraturhistorie i 3. utgåve. Foto: Samlaget

Saman med Karin Beate Vold og Gunvor Risa har ho skrive Norsk barnelitteraturhistorie, som er ei fagbok om litteratur. Boka kom først ut i 1997.

Birkeland meiner at den viktigaste endringa i barnelitteraturen sidan 1800-talet handlar om korleis verda blir opplevd av barn. Verda er ikkje lenger framstilt slik ho burde vere, men slik dei unge opplever henne. Røynda er tøffare, karakterane sterke og sårbare på same tid, og den opne slutten erstattar gjerne den lukkelege.

– I dag er bøkene meir spørjande og litteratur for barn og unge er blitt meir lik den for vaksne, fortel Birkeland.

Barne- og ungdomslitteraturen har endra seg mykje gjennom hundreåret. Foto: Annie Spratt/Unsplash

Større utgåve

Karin Beate Vold trekker fram Willum Stephansons Lommebog for Børn frå 1780 som den første boka for barn i Noreg. Her fanst ei blanding av moralske forteljingar og kunnskap om naturen.

– I 1997 skulle boka vår stille fleire behov, ettersom barnelitteratur var blitt eit fagemne på høgskule og universitet. Sonja Hagemanns tidlegare Barnelitteratur i Norge blei nytta fram til 1970. No trengde ein ny og spennande litteratur, ny presentasjon og drøfting. Vesentleg var det også at populærlitteraturen framleis ikkje var verdig nok til å bli synleggjort, seier Vold.

Den nye utgåva er større og innehar fleire sider om kulturmøte. Heile kapitlet om ny litteratur frå 1970-2015 er no auka med 160 sider.

– Endeleg kan vi presentere forfattarar med fleirkulturell bakgrunn som gir barne- og ungdomslitteraturen nye, forteljande røyster, seier Vold.

Karin Beate Vold.

– Fantasy i stor vekst

Birkeland fortel at det skjer store endringar i barne-og ungdomslitteraturen for tida, særleg når det gjeld eksplosjonen av visuelle forteljingar. Både teikneseriar og bildebøker er blitt svært populære.

– Barnebokfeltet går mot ei dreiing av visuelle virkemiddel, i tillegg til det digitale. Dette fører til at lesaren møter forteljingar også på film og på smarttelefon. Når barnelitteraturhistoria skal skrivast neste gong, vil digitale plattformer truleg ha ein større plass, seier ho.

Ein annan ting som har endra seg drastisk dei siste 30 åra, er veksten av fantasy-litteratur. Ifølge forfattarane har det vore ei stor satsing på denne sjangaren, med drahjelp frå Harry Potter, Ringenes Herre og Hunger Games.

– Heltane er kjende for sitt mot og sin handlekraft, men i moderne fantasy blir eigenskapane balanserte opp mot uro, tvil og etiske spørsmål. Dei samansette karakterane gjeld også for den mørke dystopi-sjangaren som på effektivt vis sett ord på ungdommens uro for krig, klimakrise og maktstrukturar.

Auguste Renoir, 1895. Småjenter som les bøker. Foto: Wikimedia Commons

Kjønnsdelte bøker

Det kan ofte virke som at barne- og ungdomslitteratur blir meir og meir oppdelt i «jentebøker» og «gutebøker». Men ifølge Birkeland er ikkje dette eit nytt fenomen.

– På eit tidleg stadium var litteraturen kjønnsnøytral. I mellomkrigstida blei bøkene kjønnsdelte, med raud og blå bokrygg. På 1970-talet blei kjønnsdelinga sterkt kritisert, og merkinga forsvann. Når fenomenet i dag har oppstått på nytt, er det fordi marknaden vil appellere seg til vaksne kjøparar som klamrar seg til eit todelt kjønnsunivers, seier Birkeland.

Tone Birkeland. Foto: HiB

– Handlar barnelitteratur framleis om danning?

– Ja, i den grad litteraturen greier å engasjere lesarane sine og hjelpe dei til å forstå både seg sjølv og andre, har han eit danningspotensiale. Men mykje litteratur er skriven på innarbeidde spenningsformlar og vil først og fremst bli lesne for underhaldningsverdien sin.

Vold støttar dette.

– Barn og unge er på søken etter eigen identitet, og vil gjerne kjenne seg att i litteraturen, både i sorg og i glede, i heltar og i dei sårbare.