Harry Potter-skapar skulda for rasisme

Joanne Rowling får kritikk for å bruke asiatisk kvinne som slaveslange i den nye «Fantastic beasts»-filmen.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Om du ikkje ser noko rasistisk ved at ei asiatisk kvinne er kjæledyret til ein kvit mann – som praktisk talt er magiske Hitler, så veit eg ikkje kva eg skal seie, skriv ein Twitter-brukar.

Frå Grindelwald til Voldemort

Førre veka kom traileren til Fantastic Beasts: The Crimes of Grindelwald, som er den andre filmen i historia som tek føre seg kampen mellom det gode og det vonde før Harry Potter-eventyret tek til.

Her møter helten Newt Scamander (Eddie Redmayne) igjen den vonde trollmannen Gellert Grindelwald (Johnny Depp).

Saka held fram under traileren: 

Historia går føre seg fleire år før Harry Potter vert fødd og tek til på Galtvort. Grindelwald har i den nye Fabeldyr-filmen ein slange som heiter Nagini. Denne slangen vert seinare ei viktig puslebrikke i Harry Potter sin kamp mot Voldemort.

At kjæleslangen til Voldemort faktisk også kjem i menneskeform er ei hemmelegheit Joanne Rowling har halde for seg sjølv i 20 år.

I filmen, som på norsk har fått tittelen Fabeldyr: Grindelwalds Forbrytelser, har sørkoreanske Claudia Kim fått rolla som slangen Nagini. Dette har fått fansen til å reagera.

Ezra Miller er tilbake i rolla som den amerikanske trollmannen Credence Barebone og får selskap av Claudia Kim i den omdiskuterte rolla som Nangini. Foto: Warner Bros

Ezra Miller er tilbake i rolla som den amerikanske trollmannen Credence Barebone og får selskap av Claudia Kim i den omdiskuterte rolla som Nangini. Foto: Warner Bros

Twittermisnøye

Ein Twitter-brukar kritiserer Joanne Rowling for å ikkje inkludera nok ulike grupper i bøkene sine, men meiner det å gjere slangen Nagini til ei koreansk kvinne i filmversjonen er «søppel».

Forfattaren sjølv svarar på kritikken ved å forklara at Naga er slangeliknande mytiske skapningar frå indonesisk mytologi.

– Dei er somme gonger framstilt som bevinga, somme gonger som halvt menneske, halvt slange. Indonesia består av eit par hundre etniske grupper, inkludert javanesar, kinesarar og betawi, skriv ho på Twitter.

Urfolkskritikk frå USA

Dette er ikkje første gong Harry Potter-forfattaren har fått kritikk for sin bruk av andre kulturar. I forkant av av den første Fabeldyr-filmen lanserte ho History of Magic in North America – ei historie i fire delar, som vart lansert på hennar offisielle nettstad Pottermore.

Forfattaren fekk då kritikk for å bruka tradisjonsrike historiar frå amerikanske urfolk som fantasifigurar i populærkulturen.

Kritikken skriv seg òg inn i rekkja av kritikk av representasjon i Hollywood.

Då det vart kjent at Scarlett Johansson fekk hovudrolla i Hollywoodfilmatiseringa av manga-serien Ghost in the Shell og Tilda Swinton fekk rolla som ein gamal vis mann frå austen i Doctor Strange vekte det sterke reaksjonar på nett.

– Vidarefører ein stereotypi

Journalist i Sky News, Yun Ren, peikar på at sjølv om nokon meiner castinga av Claudia Kim er gjort for å betra mangfaldet i Fabeldyr-filmane, heilagar ikkje målet middelet.

– Når realiteten er at så mange gode roller ikkje går til asiatiske skodespelarar, treng det ei seriøs rettferdiggjering å gje dei enda ei rolle som vidarefører ein stereotypi, spesielt i ein film som har så stor innverknad, som ein ført i pennen av Rowling, skriv Ren i ein kommentar på Sky News.

Rollebesettinga i den første Fabeldyr-filmen fekk kritikk for lite mangfald. I den nye filmen er det både gamle og nye andlet. Foto: Warner Bros

Rollebesettinga i den første Fabeldyr-filmen fekk kritikk for lite mangfald. I den nye filmen er det både gamle og nye andlet. Foto: Warner Bros