Hobbiten – frå tynn bok til triologi på ni timar

Framtida
Publisert
Oppdatert 21.09.2017 12:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Hobbiten» er starten som kom til slutt, for å gje «Ringenes Herre»-svoltne kinogjengarar meir frå det same storslegne universet. Og det liknar – tilsynelatande.

– Det er veldig stor forskjell på dei to bøkene, større enn eg trur mange er klar over, seier den fremste eksperten på J.R.R. Tolkien-bøkene i Noreg, professor Nils Ivar Agøy, som peikar på at i bokform skil «Hobbiten» og «Ringenes Herre» seg frå kvarandre på nesten alle felt.

– I motsetnad til «Ringenes Herre» så eignar «Hobbiten» seg til dramatisering: Ho er episodisk, forteljande, perspektivet følgjer hovudpersonen og det er ein klar kurve, seier Agøy.

– Mykje positivt

Men regissøren for begge trilogiane, Peter Jackson, går på nytt hardt til verks når bøkene blir til film.

Agøy, som har skrive bok om forfattarskapen til Tolkien, omsett «Hobbiten» til norsk og vore med på å revidere «Ringenes Herre», slår fast at han har «mykje positivt» å seie om «Ringenes Herre»-filmane til Jackson.

– Men dei er altså ei filmatisering av 5– 6 prosent av bøkene, først og fremst av actionscenane.

Medan «Ringenes Herre»-boka er på 1.095 sider, er «Hobbiten» berre på 283 og skal bli til ein like lang, om ikkje lenger, filmtrilogi. Dermed har regissør Jackson gått langt utover det opphavlege innhaldet, noko ikkje all fansen er like begeistra for.

– Enkelte meldarar har klaga over at det tek tid, men ihuga Tolkien-interesserte vil nok ikkje sjå det som eit problem, seier Agøy muntert.

Les siste boknytt her!

– Rart

Første film ut: «Hobbiten: En uventa reise» tek oss berre med gjennom dei første seks kapitla av boka, fylt ut med tilbakeblikk som ikkje er med i originalboka.

– Det er også actionscenar som ikkje er med i boka, seier Agøy, som synest det er rart at Jackson valde å lage ein trilogi.

– Slik eg har forstått det, var det opphavleg ein plan om to filmar; ein som tok føre seg handlinga i «Hobbiten», og ein via til mellomspelet mellom «Hobbiten» og «Ringenes Herre». Det går 60 år frå «Hobbiten» sluttar til første kapittel i «Ringenes Herre», og 80 år til hovudhandlinga – Frodo som reiser ut – begynner, seier han til NTB.

Men filmfolka måtte droppe planane, visstnok fordi dei mangla dei nødvendige bokrettane. I staden gjekk dei laus blant anna på tillegga bakarst i «Ringenes Herre», fortalde Peter Jackson til NTB i London tidlegare denne veka.

– Tolkien skreiv mykje tilleggsmateriale som han meinte å utvide «Hobbiten» med etter «Ringenes Herre», for å binde saman dei to historiene, sa Jackson, som for eksempel valde å ta med Det kvite råd, leidd av Sarumann (Christopher Lee), inn i «Hobbiten» – der det ikkje er nemnt i sjølve boka.

(saka held fram under bildet)

Martin Freeman i «Hobbiten – en uventet reise»

Ringen uviktig

Dermed fungerer «Hobbiten» også tidvis som forklaring på det som vart hengande i lufta i «Ringenes Herre»-filmatiseringane. Men for å knyte dei saman, måtte Jackson gjere ringen viktigare.

– I «Hobbiten» er ringen ikkje noko hovudelement. Han kunne ikkje vere det, sidan tydinga først vart klar då Tolkien seinare skreiv «Ringenes Herre». Difor er det litt ironisk når ein ser korleis han blir vektlagt i filmen!

«Hobbiten» er ei muntrare barnebok, der alvane er leikande og glade – nesten fjollete, og tussane stygge, men ikkje så fæle som orkane i «Ringenes Herre». For først med «Ringenes Herre» tek Tolkien lesarane med inn i ei dystrare, kompleks og meir høgtidsstemd atmosfære.

Småfolket

– «Hobbiten» kom i 1937, og var først ikkje skriven for publikasjon. Tolkien vart overraska over den moderate suksessen han opplevde, han såg ikkje på seg sjølv som barnebokforfattar. Då forlaget bad han skrive meir, var han motvillig: Han meinte det ikkje fanst meir å skrive om hobbitar. I staden prøvde han å sende forlaget noko anna, som ikkje akkurat passa for barn – nemleg noko av det som seinare vart «Silmarillion», forklarar Agøy.

Då «Ringenes Herre» omsider kom ut i 1954-1955, hadde det vore ein ny verdskrig. Tolkien var i skyttargravene på Vestfronten under den første, og som katolikk trudde han ifølgje Agøy på syndefallet – og at det vonde aldri kunne utraderast heilt i ei fallen verd.

– Dermed vart verket også manifestet hans av småfolkets betydning, seier Agøy.

Noko som Jackson lar Gandalv forklare – alt i «Hobbiten» …

Les meir om film på filmsidene våre!

Faktaboks

John Ronald Reuel Tolkien (3. januar 1892–2. september 1973) var ein britisk filolog ved Universitetet i Oxford, frå 1925 til 1945 tilsett som professor i angelsaksisk, og frå 1945 til 1959 som professor i engelsk språk og litteratur.

 

Likevel er han mest kjend for forfattarskapen sin, og vert i dag rekna som skaparen av moderne fantastisk litteratur, som sidan hans tid har vorte ein umåteleg populær sjanger over heile verda.

 

Nils Ivar Agøy (f. 1959) er teolog, historikar og professor ved Høgskolen i Telemark. Skreiv boka «Mytenes mann. J.R.R. Tolkien og hans forfattarskap» i 2003, omtalt som ei svært kunnskapsrik innføring i hovudverka til Tolkien.

 

Fekk i 1995 Bastianprisen for omsetjinga av Tolkiens «Silmarillion», har også omsett «Hobbiten», «Ufullende forteljingar» og «Húrins barn», og var sentral i revideringa av «Ringenes Herre» i 1999.