Lesjajenta Camilla i knivskarp konkurranse

Fredag skal Camilla Brendjord Hetland (19) frå Lesja måle krefter mot kokk- og servitørlærlingar frå heile landet under Norgescup i Stavanger.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne artikkelen vart først publisert i Vigga, og er omsett til nynorsk med velvilje frå redaksjonen.

Vianvang-lærlingen var kvalifisert til Norgescupen for kokkelærlingar også i fjor, men måtte trekke seg frå konkurransen grunna sjukdom. No er ho igjen klar for lærlingmeisterskapet.

Knivskarp konkurranse

Årets Norgescup, som er den 31. i rekka, startar med semifinalar på Jåttå vidaregående skule i Stavanger fredag. Der skal 42 kokkelærlingar og 18 servitørlærlingar fordelt på 30 tomannslag knive om plassar i laurdagens finale. Berre seks kokkelag og seks servitørlag kjem til finalen.

I Stavanger skal Camilla Brendjord Hetland konkurrere på lag med Thomas Ekle Løken, som òg er lærling på Vianvang.

Spennande og lærerikt

Dagane fram mot konkurransen brukast til trening og terping. Råvarene er nemleg bestemt på førehand.

– Vi førebur oss ved å teste ut forskjellige måtar å gjere i stand råvarene på, og prøver å få fram gode smakar. Eg trur konkurransen blir spennande, og ikkje minst lærerik. Eg gler meg veldig, seier Brendjord Hetland.

Lærlingen er opptatt av kvalitet og oppleving rundt måltidet.

– Grunnen til at eg ville bli kokk, var først at eg synest det er svært spennande og morosamt å lage mat, men no har eg eit heilt anna bilde på kva mat faktisk er, utover at det er artig å lage. Det er fantastisk å kunne skape så stor glede gjennom eit måltid. Å sjå korleis eit måltid samlar folk, gir glede og ikkje minst god stemning, er heilt spesielt, seier 19-åringen.

Torsk og storfe

I semifinalen fredag skal ho førebu og servere skinnstekt torsk med mandelpotet og grønnsaksgarnityr til kresne smaksdommarar. Av torsken som blir til overs, skal det lagast fiskefarse og steikast fiskekaker. Til dessert har kokkelærlingane fått i oppdrag å lage sin eigen variant av den klassiske Tarte Tatin.

Lærlingane som kvalifiserer seg til finalen laurdag, skal blant anna førebu ein graskarbasert forrett og kjøttretten «Beef Wellington». Vinnarane – eit kokkelag og eit servitørlag – blir utropt på ein bankett laurdag kveld.

Framtidas fagarbeidarar og leiarar i reiseliv

Norgescup for kokk- og servitørlærlingar blir arrangert av Kokkenes Mesterlaug Rogaland og Norges Kokkemesteres Landsforening (NKL). Parallelt med Norgescup arrangerast NM i resepsjonsfag for lærlingar, som i år har 12 deltakarar. NHO Reiseliv er med som samarbeidspartnar i både Norgescup og NM i resepsjonsfag.

– Reiselivsnæringa er ein av Norges fremste jobbskaparar. Mange nye arbeidsplassar skapast kvart år, og difor er det viktig at vi viser fram ungdom som vel å ta fagbrev som kokk, servitør og resepsjonist. Desse er reiselivet sine framtidige fagarbeidarar og leiarar, seier NHO Reiseliv-direktør Kristin Krohn Devold.

Dei to laga som vinn Norgescup i Stavanger, går vidare til Nordisk meisterskap for kokk- og servitørlærlingar i Stockholm 26. og 27. april.