Romsonden «Insight» har landa på Mars
Etter ei reise på nesten sju månader landa romsonden «Insight» i går kveld på Mars.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Insight tok av frå basen i California i mai, og reisa har vore på 484 773 000 kilometer. Romsonden har hatt ei toppfart på 10 000 km/t.
Det toårige oppdraget på Mars vil vere å studere det djupe indre av planeten for å lære korleis alle himmellekamar med steinete flater, inkludert jorda og månen, har vorte danna, for 4,5 millionar år sidan.
– I dag landa vi med suksess på Mars for åttande gong i mennesket si historie, sa NASAs administrator Jim Bridenstine.
– InSight vil studere det indre av Mars, og vil gi oss verdifull kunnskap når vi førebur oss på å sende astronautar til månen og seinare til Mars, seier han i pressemeldinga på NASA si heimeside.
Skapt samtidig med jorda

Bilde tatt frå NASAs InSight Mars Lander, 26. november 2018. Foto: NASA/JPL-CalTech
Mars har vorte studert både frå overflata og frå bane sidan 1965, og har gitt forskarar høve til å lære om verforhold, atmosfære, geologi og kjemisk samansetning i overflata.
For å undersøke det indre av Mars, skal romsonden bore fleire meter ned i jorda.
– Mars vart skapt samtidig med jorda. Difor kan Mars fortelje oss om korleis jorda og dei andre planetane som finst i galaksen vart til, sa NRKs reporter Hallvard Sandberg om prosjektet da NRK følgde hendinga måndag kveld.
Han meiner det er sannsynleg at menneske kan lande på Mars i overskueleg framtid.
– Vi har teknologien no til å setje folk på Mars, men vi manglar pengane. For det er utruleg dyrt, seier Sandberg, som legg til at Tesla-gründer Elon Musk håpar å lande med menneske på Mars om 16 år.

Teamet hos NASA jubla da dei fekk stadfesta at romsonda hadde landa. Foto: NASA/Bill Ingalls/Flickr/CC BY-NC-ND 2.0

Tom Hoffman, prosjektleiar for InSight, ser på dei første bilda frå InSight, kort tid etter at landinga var stadfesta. Foto: NASA/Bill Ingalls