Kollisjonen mellom Mjølkevegen og Andromedagalaksen blir større enn rekna med

Andromedagalaksen nærmar seg vår galakse med ein fart på nesten 400.000 km/t. Den er venta å kollidere med Mjølkevegen om fire milliardar år.

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ved hjelp av to gigant-teleskop er det oppdaga ein mykje større del tunge stjerner i både fjerne og nære galaksar med høg produksjon av stjerner, enn det som er tilfelle for stjernedannande område i meir «fredelege» galaksar.

At det er oppdaga fleire tyngre stjerner, endrar forståinga av korleis galaksane utviklar seg, og korleis grunnstoff og svarte hol blir danna.

Det gir òg ein indikasjon på at den framtidige kollisjonen mellom Mjølkeveggalaksen og vår nabo, Andromedagalaksen blir større enn tidlegare trudd. Kollisjonen er venta om fire milliardar år, skriv Anne Mette Sannes og Knut Jørgen Røed Ødegaard i Astroevents i ei pressemelding.

Kunstnerisk framstilling av ein fjern og støvete galakse der stjerner blir danna i langt større utstrekning enn i Melkevegen. Illustrasjon: ESO/M. Kornmesser

Ei forskargruppe ved Universitetet i Edinburgh har observert fire starburst-galaksar (galaksar som er i ei fase med stor produksjon av stjerner), slik dei såg ut den gong universet var mykje yngre.

Gruppa utvikla ein ny teknikk for å måle mengda av ulike typar karbonmonoksid i desse fjerne starburst-galaksane kor det kan vere meir enn hundre gongar meir intens stjernedanning enn i vår eigen Mjølkeveggalakse.

På grunn av den nye metoden, var gruppa for første gong i stand til å finne ut kor mange tunge stjerner som finst der, skriv Sannes og Knut Jørgen Røed Ødegaard i pressemeldinga.

Stjernene blir danna grunna kollisjon mellom galaksane

Den intense stjernedanninga i slike galaksar blir ofte utløyst av at galaksane kolliderer med andre galaksar. Sjølv om det for tida er relativt liten produksjon av nye stjerner i Mjølkevegen, vil også vår eigen galakse om fire milliardar år gå gjennom ein starburstfase med intens stjernedanning når vi kolliderer med Andromedagalaksen. Andromedagalaksen nærmar seg vår galakse med ein fart på 110 km/s – eller 396.000 km/t.

Galaksen M82 befinn seg 12 millionar lysår unna oss i stjernebildet Storebjørn, og er den nærmaste større starburst-galaksen. Bildet er satt samAN av bilde tatt i synlEg lys, infraraudt (viser støvskyer) og røntgen (blått). Foto: NASA/JPL-Caltech/STScI/CXC/UofA/ESA/AURA/JHU

Resultatet av kollisjonen vil bli eit utal nydanna stjerner, eksploderande stjerner, tåker og andre fenomen, og til slutt vil dei to galaksane danne ei såkalla elliptisk galakse.

På dette tidspunktet vil menneska bu på Mars fordi sola innan 1,8 milliarder år blir så sterk at dei siste vatndråpane på Jorda fordampar.

Ei stjerne kan ha ei vekt på 300 solmassar når ho blir til

Ved å kjenne til mengda av stjerner med ulik masse i galaksar, får ein mer kunnskap og forståing av korleis galaksar blir danna, og utvikling heilt frå universet vart til, noko som gir avgjerande kunnskap om grunnstoffa som fantest for å danne nye stjerner og planetar og talet på svarte hol med stjernemasse som kunne samle seg for å danne supermassive svarte hol slik dei vi ser i sentrum av mange galaksar.

Resultata av funna gjorde med ALMA-teleskopet stemmer overeins med ei anna oppdaging i eit svært aktivt stjernedanningsområde i vårt nære univers.

Målinger av 800 stjerner i den gigantiske stjernefabrikken 30 Doradus i Den store magellanske sky (ei av Melkevegens satellittgalaksar) viste at det også der er langt fleire tunge stjerner enn forventa.

Resultatet utfordrar det ein tidlegare antok var grensa for kor tung en stjerne kan være ved fødselen. Etter de nye funnene antas nå at stjerner kan ha opp til rundt 300 solmasser når de blir til, melder Sannes og Ødegaard i Astroevents.