Lågare risiko for depresjon hos dei som gjekk på kino og konsert
Forskarar har funne at kulturelle tilbod som kino, teater og konsertar kan hindre utviklinga av depresjon seinare i livet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Den nye studien er omtalt hjå forskning.no og utført av forskarar ved University College London.
Forskarane har analysert svara frå meir enn 2000 av deltakarane i den engelske studien ELSA, som hentar inn informasjon om helse, velvære, økonomiske og sosiale forhold blant engelskmenn over 50 år.
I den nye studien har dei kartlagt kartla kor ofte informantane drog på teater, konsertar, kino, kunstgalleri, utstillingar og museum i ein periode på ti år.
Resultata viste at dei som oppsøkte desse tilboda eit par gongar i halvåret hadde 32 prosent lågare risiko for å utvikle depresjon. Dei som gjekk kvar månad eller meir hadde 48 prosent lågare risiko.
Trur det er fleire faktorar som gir gode resultat
Forskarane trur at samhandling med menneske, kreativitet, mental stimulering og mild fysisk aktivitet i dei kulturelle tilboda er det som gir så gode resultat.
Forskinga viser at deltakarane fekk like store fordelar av aktivitetane uavhengig av kjønn, helse, formue, utdanning og om personen hadde mykje kontakt med venner og familie elles.
– Vi vart veldig positivt overraska over resultata. Blant anna at det ikke var nokon forskjell i resultata mellom dei med høg og låg formue eller ulike nivå av utdanning. Den einaste forskjellen var kor ofte dei oppsøkte kulturelle tilbod, seier Daisy Fancourt som er hovudforskar i studien, i ei pressemelding.
Les også: – Song er like viktig for helsa som kosthald og trening