Var dataslask – blei superrask

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Sunnhordland.

– Eg kom heim frå skulen, og sat meg til å spela. Der sat eg heile dagen. Eg spelte heile helgene. Eg var aldri ute. Eg klarte knapt å springa ein kilometer, kondisen min var heilt forferdeleg … eg hadde ingen kondis.

Slik skildrar 18-åringen frå Stord kvardagen for eitt år sidan.

Så kom vendepunktet, like før sommarferien i 2016.

– Ein kamerat spurde om eg ville vera med på ein joggetur. Då svara eg ja. Etter kvart byrja me å jogga ein gong i veka, så trente me i lag i om lag eit halvt år. Me jogga lengre og lengre og me pressa kvarandre.

Omtrent der stoppa treningsforholdet mellom Birkeland og kameraten Stian Onarheim.

– Plutseleg pressa eg meg veldig mykje hardare enn han, så eg fòr forbi han. Deretter enda eg opp med å jogga åleine, fortel Birkeland.

Onarheim fortel om ein imponerande framgang hos kameraten.

– Då han byrja var han ikkje så god som han som er no, for å seia det slik. Han sprang nok litt ekstra, seier Onarheim, og legg til:

– Han var langt meir motivert enn meg.

Spelavhengig

Som born prøvde Birkeland seg på fleire ulike idrettar. Frå første- til femteklasse gjekk han på fotball. Deretter prøvde han både symjing, handball, basketball, og friidrett.

Då han byrja på ungdomsskulen var det slutt på fysisk aktivitet.

– Nokre kompisar av meg bad meg prøva dataspelet Minecraft. Det gjorde eg, og blei avhengig, seier Birkeland.

Slik såg Magnus Valdal Birkeland ut for tre år sidan. – Det finst knapt bilete av kroppen min frå tida før eg byrja med treninga – eg ville ikkje bli teken bilete av. Foto: Privat

Sidan har det gått i både League of Legends, World of Warcraft og ulike dataspel.

– På den tida var det å gå opp trapper som ei treningsøkt for meg, seier han vidare.

– Nokon sa at eg såg ut som ei potet då eg byrja å springa. Det var såpass gale, held han fram.

Slanka seg 40 kilo

No er ting snudd på hovudet.

– Kvardagen er enklare no. Før hadde eg knapt energi til å finna på ting – no er alt mykje enklare, seier han.

Ikkje berre har Valdal Birkeland blitt ein rask maratonløpar. Det siste året har han slanka seg 40 kilo.

– Det finst knapt bilete av kroppen min frå tida før eg byrja med treninga – eg ville ikkje bli teken bilete av.

Ny livsstil

I tillegg har han gått frå å ha ein nærast fråverande kondisjon, til å springa raskare og lengre enn dei aller fleste. No har han to-tre løpeøkter i veka, og spring 17 kilometer kvar økt.

– Eg har iallfall éin gong i veka der eg presser meg og vil ha betre tid enn førre veke, seier han.

Så tek han ein pause.

– Ikkje for å skryta, men: Det nivået eg har brukt eitt år på å koma til, har nokon brukt heile livet sit på, seier han trass alt ganske audmjukt.

Ingen kosthaldsregime

Sjølv om ernæringsfysiologar og trenarar i aust og vest held fram om at kosthald er omtrent like viktig som treninga for å bli god, er ikkje Valdal Birkeland kommen til det ekstra punktet enno. Han fylte 18 for berre nokre veker sidan, og skyr ikkje ein god fest. Eit strengt kosthaldsregime har han aldri hatt. Det har han ikkje sett poenget i – enno.

– Eg må jo leva litt, seier han, og legg til:

– Eg tok meg ein fest rett før halvmaratonen på Stord, og då var eg redd for at det ville øydeleggja. Det gjorde det jo ikkje, seier han.

For å bli best, er ein nøydt til å satsa, prioritera, og ta val ikkje alle andre tek. Det er han innforstått med.

– Det kan vera at eg er nøydd til å leggja frå meg slikt i framtida. Det ser eg for meg – eg har ingen behov for å drikka, seier han.

Over all forventning

– Kvardagen er enklare no. Før hadde eg knapt energi til å finna på ting, seier stordabu Magnus Valdal Birkeland. Foto: Marius Knutsen / Sunnhordland

På halvmaratonen under Bruløpet 7. juni kom Valdal Birkeland på fjerdeplass, med tida 1:28:29, drygt ni minuttar bak førsteplass Sjur Ferkingstad frå Stavanger Friidrettsklubb.

Det hadde han aldri førestilt seg for eitt år sidan.

– Eg hadde aldri sett for meg at eg ville vera på dette nivået då eg byrja for eitt år sidan. Eg gjorde det berre for å koma i betre form, seier han.

Sjølv meiner han at han var god for ei langt betre tid enn 1:28:29.

– Eg kjente eg byrja å få vondt i foten mot slutten. Om ikkje kunne eg kanskje ha klart å komme nærare 1:20:00.

Trenar og sportsleg leiar i Stord Idrettslag, Nils Hetleflåt, har lagt merke til den sjølvstendige utøvaren.

– Dette må jo vera snakk om ei total livsstilsendring. Det er heilt enormt. Her har nok både trening og kosthald blitt teken tak i, seier Hetleflåt, og legg til:

– Det krev mykje trening.

Sjølvstendig

Magnus Valdal Birkeland har ikkje vore underlagt eit idrettslag sidan han gjekk å friidrett i 2011. Det slutta han på kjapt.

– Eg likte berre jogginga der, så eg slutta fordi det var så mykje anna uinteressant som ikkje innebar jogging. På oppvarminga la eg meg alltid fremst. Trenarane klaga alltid på at eg ikkje måtte bruke opp all energien der.

Ein kan få inntrykk av at Valdal Birkeland ikkje har tenkt til å melda seg inn i noko idrettslag enno. For han har det funka fint på eiga hand.

– Eg føler det er mykje betre å trena for meg sjølv, enn med eit idrettslag. Dei som trenar organisert gjer ingenting betre enn meg. Eg kan enkelt ta dei igjen ved å trena sjølv, seier han sjølvsikkert.

– Det er veldig mange som les seg opp på korleis ein skal bli god. Eg berre spring.

Ambisjonar

Det held ikkje å gjera det godt lokalt. Framgangen har gitt meirsmak.

– Det hadde vore gøy å bli stor ein dag. Eg har lyst til å vinna noko – noko større enn lokale tevlingar. Det er oppnåeleg dersom eg trenar slik eg gjer no og eg framleis har motivasjon, seier han.

Til hausten skal han springa Oslo halvmaraton. Til det har han sett seg det hårete målet å oppnå ei tid på 1:15:00, noko som ville vore godt nok til ein 20.-plass i fjorårets løp. Vinnartida var på 1:05:49.

LES MEIR PÅ SUNNHORDLAND.NO