Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 12.05.2019 10:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I går vart det omsider avslørt: Den åttande og siste sesongen av Game of Thrones vert tilgjengeleg på HBO i april neste år.

Den nøyaktige datoen er enno ikkje offentleggjort, men den siste sesongen av suksess-serien kjem til å bestå av seks episodar.

Ifølgje Entertainment Weekly svarte David Nutter, ein av regissørane, i ei spørjerunde på Reddit at kvar episode nok vert over ein time lange.

Vidare skildrar han sesongen med dei tre orda «spektakulær, inspirerande, tilfredsstillande», og dersom ein vart overraska av episoden om the red wedding, så har ein mykje i vente.

Førebu deg til den nye sesongen ved å sjekke kor mykje du eigentleg veit om Game of Thrones! 

Tolv klipp er tilgjengelege no

I påvente av den nye sesongen har HBO lasta opp 12 klipp på serien sin offisielle Youtube-kanal.

Sjå det første klippet her: 

Kampen om jerntrona

Det store spenningsmomentet i den avsluttande sesongen er spørsmålet om kven som kjem til å ende opp på jerntrona i Westeros.

I dei føregåande sesongane har tronpretendentane stått i kø, og samstundes falle vekk som fluger.

Klarer Cersei Lannister slå ned all konkurranse eller kjem utfordraren Daenerys Targaryen til å ta makta attende til si slekt? Vert det kanskje Jon Snow som ender opp som regent? Svara kjem ikkje før til våren.

HBO har oppretta emneknaggen #forthethrone på Twitter der ivrige Game of Thrones tilhengarar over heile verda kan dele entusiasme og spekulasjon medan dei ventar på april.

Les også: – Norsk tronstrid var som Game of Thrones

Ny bok i november

Dersom det vert for lenge å vente på noko nytt frå Game of Thrones-universet, så skal etter planen ei ny bok frå forfattaren George R.R. Martin komme 20. november.

Den heiter Fire and Blood og er den første av to bøker om Targaryen-huset.

Mange vart skuffa då George R. R. Martin annonserte at det ikkje var The Winds of Winter som vart publisert i år, då det er den neste boka i serien A Song of Ice and Fire, som Game of Thrones er basert på.

Til den britiske avisa The Guardian seier forfattaren at populariteten til serien har vore med på å hindre framgangen med neste bok.

– Eg har slite med den i nokre år. The Winds of Winter er ikkje så mykje ein roman som eit dusin romanar, som alle har ulike protagonistar, ulike støttespelarar, antagonistar, allierte og elskarar rundt seg.

Han fortel at det difor er veldig utfordrande å skrive boka ferdig. Fire and Blood derimot var hakket enklare, og er såleis den som kjem først.

Les også: Klart for ny bok, men ikkje den du ventar på