Grøn Ungdom: – Klimapolitikken grunn til mistillitsforslag mot regjeringa

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Klimapolitikken grunn til mistillit mot regjeringa

– Kva har gledd deg mest dette året?

– Det som har gledd meg mest, er korleis den grøne rørsla har vakse i Europa. Eg har tru på at det kan få oss òg opp frå den 3 prosent-gropa vi er nede i. Det har vore betydeleg vekst i Tyskland og i Belgia. Der er dei blant dei aller største partia.

Mange i Europa forstår at det grøne alternativet er den beste motvekta til dei høgrepopulistiske partia.

Og så har eg fått meg kjærast.

Sjå Teodor Bruu som nisse for Framtida.no sin julekalender

– Kva har skuffa deg mest?

– Det statsbudsjettet regjeringa la fram på klima. Det kom same dag som klimarapporten til FN. At dei legg fram eit statsbudsjett som ikkje tek sikte på å få ned klimagassutsleppa i det heile tatt, samtidig som FN slepper ein rapport som fortel at vi må kutte veldig mykje.

Det er så alvorleg at vi meiner at opposisjonspartia burde gått saman og stille eit mistillitsforslag mot regjeringa på grunn av det. Dei set liv og helse i spel.

– Kva er ditt største ønske for 2019?

– Mitt aller største ønske for 2019 er at vi tek klimautfordringane på alvor. At vi byrjer å tenke at det er ein unntakssituasjon og at vi byrjar å kutte i klimagassutslepp på kostnad av andre ting. Eg trur ikkje vi får oppfylt det med den regjeringa vi har.

Og så ønsker eg at vi får lagt ned den norske kyllingindustrien. No som kampen mot pels på ein måte er vunnen ønsker eg at alle som er opptekne av dyrevelferd samlar seg i tog mot kyllingindustrien, som er mykje verre.

Les også: Grøn Ungdoms nye talsperson skal halde moderpartiet i øyra