Julekalender 7. desember

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bak luke nummer sju er den nyvalde talspersonen for Grøn Ungdom, Teodor Bruu. Han tek fatt på vervet med mål om å vere ein uredd og tydeleg politikar, og vil sørgje for at Noreg ikkje er eit av verdas gråaste land.

Dette er ikkje første gong han skjuler seg bak nisseskjegg og nissehue – det gjer han nemleg kvart år.

– Ein litt hyggeleg tradisjon som framleis lever, er at sjølv om det ikkje er nokon born igjen i familien, så har vi julenissen som kjem. Og det har vorte meg! Så eg kjem og underhalder folk med julenissevitsar kvart år. Eg begynner å verte litt lei sjølv, men det er veldig hyggeleg, fortel Bruu.

God 7. desember!