Trine Skei Grande: – Eg har ikkje gjort ein god nok jobb

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 01.01.2019 15:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Venstre-leiaren: – Eg har ikkje gjort ein god nok jobb

Det skulle bli året som løfta Venstre på trygg avstand frå sperregrensa, men vart i staden eit år prega av uro og svake meiningsmålingar.

– Ansvaret for Venstres oppslutning har eg ikkje behov for å delegere til nokon andre. Det er alltid sjefen som har det, seier Grande til NTB.

– Eg har ikkje gjort ein god nok jobb når vi ser på meiningsmålingane, det er det ingen tvil om. Eg må bli flinkare til å kommunisere politikken utover og til å fortelje kva som er Venstre si rolle framover.

– Har det slått deg at du kanskje ikkje er rett person til å leie partiet?

– Viss eg hadde meint at eg ikkje burde leidd Venstre, hadde ikkje eg leidd Venstre. Akkurat no er eg best. Når eg ikkje lenger er det, er det nokon andre som er det, seier Grande.

– Vi må vise fram sakene vi får gjennomslag for, og vise kva som er Venstre sin jobb i regjeringa. At vi skal rigge denne regjeringa til å takle klimautfordringa med å snu norsk økonomi.

LES OGSÅ: Trine Skei Grande er på søketoppen på Google

«Annus horribilis»

Venstre har gjennom året gjerne ville snakke om sine «blanke gjennomslag»: Vern av sårbare, men oljerike område i nord, gratis kjernetid i barnehagen, tredeling av foreldrepermisjonen, avvikling av pelsdyrnæringa, studiestøtta til elleve månader og vern av 40 trua skogområde.

I staden har det vorte mykje støy, både internt og utover.

Landsmøtet til partiet i vår vart dominert av spekulasjonar om kva som skjedde under ein mykje omtalt bryllaupsfest Grande tok del på i Trøndelag for ti år sidan. Partifellen Abid Raja bidrog ikkje til å roe gemytta då han bad Grande «snakke ut» om saka, eit utspel han seinare har teke sjølvkritikk for.

I haust hamna det første statsbudsjettet Venstre med stoltheit hadde vore med på å lage frå starten, i skuggen av KrFs interne prosess.

Og i desember hamna Grande og Raja igjen i søkelyset, då etter at Grande mens andre høyrde det høvla av Raja. Dei to har seinare skværa opp.

Trine Skei Grande

– Om eg hadde meint at eg ikkje burde ha vore leiar for Venstre, hadde eg heller ikkje leidd Venstre. Akkurat no er eg best. Når eg ikkje lenger er det, er det nokon andre som er det, seier Venstre-leiar og kulturminister Trine Skei Grande. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix / NPK

– Abort kjempevanskeleg

Alle problem til trass: Over nyttår set Grande seg igjen til forhandlingsbordet, no med mål om å innlemme KrF i ei fleirtalsregjering. Ho peikar på abort som det vanskelegaste spørsmålet å bli einig med KrF om.

– Heile abortområdet er kjempevanskeleg for Venstre, seier Grande.

Venstre steglar særleg over KrF-kravet om å reforhandle paragraf 2c, som opnar for seinabort etter tolvte veke når det er fare for livet til barnet.

– Eg ser ikkje for meg at Venstre nokon gong kan vere med på endringar av 2c. Venstre ønsker å styrke rettane til kvinner, ikkje svekkje dei.

Samtidig ber ho KrF innsjå at Noreg skal gjennom ei stor omstilling og åtvarar partiet mot å tru at auka skatt og ein tyngre offentleg sektor er vegen å gå for å skape nye jobbar. KrF vil finansiere auka barnetrygd og andre velferdstiltak med milliardar i auka skattar og avgifter.

Avgifter, rovdyr og innvandring

Ein krangel om bilavgifter mellom Venstre og Frp heldt på å setje heile regjeringa på spel hausten 2016.

– Ein av dei vanskelegaste tinga mellom oss er avgiftspolitikken. Men vi har funne ein balansegang som handlar om at vi skal gjere Dei grøne tinga billegare. Det er ein politikk som fungerer, seier Grande.

Frp har likevel den siste tida gått til åtak på elbilfordelane.

– Vanlegvis er det ikkje så vanskeleg å få Frp med på avgiftskutt. Eg prøver heile tida å fortelje dei at vi eigentleg er på same lag, seier Grande og ler.

Ho erkjenner òg ein «vanskeleg balansegang» på heile innvandringsfeltet i tilhøvet til Frp.

– Vi har vore med på nokon innstrammingar, mot at det har vorte lettare for barna.

Grande seier ho er «svært nøgd» med at Noreg i 2019 skal ta imot 3.000 kvoteflyktningar – «når talet på asylsøkarar går ned, går talet på kvoteflyktningar opp.» (©NPK)