Det ligg an til den heftigaste klimakampen på Stortinget gjennom tidene.

NPK-NTB-Anne Marjatta Gøystdal
NPK-NTB-Anne Marjatta Gøystdal

Miljøprofilen i statsbudsjettet var langt frå god nok for Venstre og KrF. Ti av fylkesleiarane i Venstre trur det går mot regjeringskrise, eller vil ikkje sjå bort frå det, ifølgje ein ringjerunde Adresseavisen har gjort. Berre éin – fylkesleiar i Nord-Trøndelag – trur det ikkje er særleg aktuelt.

Likevel meiner parlamentarisk leiar i Høgre Trond Helleland at det vil løysa seg når forhandlingane kjem i gang. Partane har alltid vist seg konstruktive, peikar han på. Den optimismen deler Frps finanspolitiske talsmann Hans Andreas Limi.

– Utgangspunktet er alltid at «dette skal vi løysa». Men det er klart at det går nokre smertegrenser, vedgår han.

Dei to er klare på at grensa for bilavgiftene går ved ein auke på 15 øre for bensin og 35 øre for diesel, slik regjeringa føreslår. Men dei er villig til å forhandla om heilskapen, også for andre tema som vedkjem det grøne skiftet.

– Ikkje godt nok
Uttalane er neppe eigna til å roa Venstre-leiar Trine Skei Grande, som ikkje er særleg oppløfta av nivået på norske utsleppskutt i budsjettforslaget.

– Vi har ein Parisavtale som seier at vi innan 13 år skal kutta 40 prosent. Det budsjettet seier, er at vi kuttar 2,1 prosent, seier ho.

– Dette er ganske enkelt ikkje bra nok. Det burde regjeringa ha skjøna, meiner Grande.

Finanspolitisk talsmann i KrF Hans Olav Syversen viser til at regjeringa i fjor inngjekk ein avtale med KrF og Venstre om å få ned utsleppa i vesentleg grad.

– Der trur eg ikkje vi er i mål, for å seia det forsiktig, seier han.

For regjeringa held det med støtte berre frå KrF, men Syversen seier at partiet står last og brast med Venstre i dei komande forhandlingane.

LES OGSÅ: – Regjeringa sviktar klima totalt

Rekordmykje oljepengar
Regjeringa føreslår å bruka 3 prosent av verdien til oljefondet, tilsvarande 225,6 milliardar kroner. Det er ny rekord i reine kroner, og ein ytterlegare auke frå statsbudsjettet i år, der delen låg på 2,8 prosent.

Trass fleire lyspunkt strekar Jensen under at det er for tidleg å friskmelda økonomien. Difor ligg det inne ulike tiltak til 4 milliardar kroner som skal bidra til aktivitet og kjempa mot arbeidsløyse på Sør- og Vestlandet.

Regjeringa reknar med at veksten i arbeidsløysa vil bremsa heilt opp neste år.

6,5 milliardar i skattelette
Regjeringa føreslår også omfattande skattelette – sjølv om dei lèt formuesskattesatsen liggja neste år. Botnfrådraget blir auka frå 1,40 til 1,48 millionar kroner, noko som i praksis vil bety ein viss skattelette, til dømes for bustadeigarar.

Dei samla endringane i skatte- og avgiftsopplegget inneber totalt 6.446 millionar i skattelette over statsbudsjettet for neste – så sant det blir vedteke slik regjeringa føreslår. Dermed blir dei samla skatteletten over fire år med Høgre/Frp-regjeringa 25 milliardar kroner.

Selskapsskatten blir redusert vidare til 24 prosent, og regjeringa innfører ein eigen finansskatt som skal gje ein berekna inntektsauke på 1,8 milliardar kroner.

Økonomar gjev tommelen opp
Fleire økonomar meiner budsjettet til regjeringa er fornuftig, balansert og vil bidra til auka sysselsetting, medan andre er urolege over bruken av oljepengar.

Kritikken til Arbeidarpartiet, Sp, SV og fagrørsla går på at regjeringa ikkje prioriterer kampen mot arbeidsløyse sterkt nok. Ap hevdar regjeringa har kutta over éin milliard kroner i arbeidsmarknadstiltak samanlikna med i år. (©NPK)

Les siste nytt om statsbudsjettet her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.12
ANNONSE