Dette googla nordmenn mest i 2018

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Desember byr på mang ei oversikt over året som har gått, og no er søkartala frå Google klare.

Kvart år lagar Google lister over dei meste populære søka. Desse søka fortel ein god del om kva folk flest er opptekne av i året som gjekk. Tala baserer seg på kva søkjeord som har auka mest i volum i høve til det føregåande året.

Søk som «korleis blir kvitt magefeittet» og «kva er bitcoin» er blant dei mange som nordmenn tasta inn i 2018.

Les også: Kokar bitcoins kloden?

Sportssøk dominerte

Rangeringa av generelle søk var i år i stor grad prega av sport.

– Halvparten av lista er prega av sport, noko som er naturleg sidan det har vore både OL og VM i år. Men at nordmenn var så sportsgale overraska meg litt, seier pressesjef Helle Skjervold i Google Norge til NTB.

Mange av søka er av typen «VM kampar» og «Korleis sjå OL». Skjervold trur dette er eit resultat av at tidene forandrar seg.

– Før kunne du berre skru på Tv-en, og der var sporten du ville sjå. No er kampen om sportsrettane vorte veldig sterk, og det er ikkje lenger gitt kvar du får sjå sporten. Dermed tyr mange til Google for å finne ut av nettopp det, seier ho.

Koreansk rett til topps

Lammelår var blant dei oppskriftene som vart googla hyppigast i år. Ikkje langt bak på lista ligg den noko ukjende retten «bossam», ein koreansk rett.

– Eg vart veldig nysgjerrig då eg så han dukka så høgt opp. Det var eit par datoar i starten av året der søket etter nettopp denne retten tok heilt av, før det plutseleg dabba av igjen. Det viste seg at det var akkurat i denne perioden at ein deltakar på «4-stjernes middag» hadde laga retten. Det viser berre at Noreg er eit lite land der ting raskt blir ein snakkis, seier Skjervold.

Eit anna søk som spratt i vêret, kom då bildeappen Snapchat vart oppdatert med eit fullstendig nytt layout- og brukarsystem. Dette utløyste ei bølgje av negative reaksjonar.

– Søket «Korleis få tilbake gamle snapchat» dominerte søkjelista i kategorien «Korleis …?». Det er tydeleg at folk var svært misnøgde ein kort periode. Så gav det seg då folk etter kvart vart vande til det, seier Skjervold.

Les også: Færre brukar Facebook og Snapchat dagleg

Tidlegare fiskeriminister Per Sandberg (Frp) tronar heilt øvst på søkjelista over norske menn. Foto: Alexander Helberg, IC Hendel, Framstegspartiet

Nyheitsbildet blir spegla

Frps tidlegare fiskeriminister Per Sandberg var heilt øvst på søkjelista over norske menn, mens den mykje omtalte kjærasten hans, Bahareh Letnes, var på andreplass blant norske kvinner.

– Desse søka speglar kva som har dominert nyheitsbildet, og vi ser jo i resultata våre at folk er opptekne av å finne ut meir om dei, seier Skjervold.

Venstre-leiar Trine Skei Grande var heilt i søkjetoppen av norske kvinner. Kulturministeren har vore mykje omtalt i året som har gått. Både i samband med saka om den intime omgangen med ein 17-åring på ein bryllaupsfest i 2008 og den mykje omtalte telefonsamtalen der ho baksnakka partikollega Abid Raja for open mikrofon i november.

Kunstnaren Pushwagner, som døydde i april i år, er òg heilt oppe i toppen, saman med Kristin Kirkemo, Frank Løke og Nora Mørk.

 

Topp fem søkeord hos Google 2018:

Søk:

1: VM
2: Aviici
3: Medaljeoversikt OL
4: Ex on the beach Norge
5: Eurosport Player

Norske kvinner

1:Trine Skei Grande
2: Bahare Letnes
3: Nora Mørk
4: Ida Eide
5: Juliane Snekkestad

Norske menn

1: Per Sandberg
2: Frank Løke
3: Trond Giske
4: Pushwagner
5: Knut Arild Hareide

Kva er…?

1: Kva er pinse
2: Kva er acer
3: Kva er klokka
4: Kva er blått kort i håndball
5: Kva er substantiv

Korleis…?

1: Korleis få tilbake gamle Snapchat
2: Korleis sjå OL
3: Korleis skrive søknad
4: Korleis bli kvitt floger
5: Korleis bli kvitt bananfloger

Oppskrifter

1: Lammelår
2: Aperol Spritz
3: Foccacia
4: Fårikål Hellstrøm
5: Bo ssam

(Kjelde: Google)