Noreg utanfor samarbeid mot atomvåpen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg skulle verkeleg ynskje at eg kunne seie til våre internasjonale samarbeidspartnarar at Noreg er med på dette, men det er me diverre ikkje. Mange av deltakarane er skuffa fordi Noreg ikkje tek ei meir aktiv rolle, seier Ingrid Aspelund i ei pressemelding.

Leiaren i Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom deltek i desse dagar på ein stor internasjonal konferanse om atomvåpen i London arrangert av International Campaign to Abolish Nuclear Weapons (ICAN).

LES OGSÅ: Fann restar frå atombomber i Noreg

Fleirtal mot atomvåpen
Aspelund, som var ein av hovudtalarane på konferansen, meiner Noreg nyttar dårlege unnskyldningar som til dømes at noverande internasjonal lovgjeving er nok, som ein årsak til at ein ikkje lengre vil vere ein pådrivar for dette.

Både Irland og Austerrike er land som har gått i bresjen for eit slikt forbod og stadig fleire land kjem til. I dag har 112 statar forplikta seg til det humanitære løftet om å arbeide for eit internasjonalt atomvåpenforbod.

– Den norske regjeringa med utanriksminister Børge Brende i spissen har diverre vald å stille seg på sidelina av det globale arbeidet mot atomvåpen. Dette trass i at det både er fleirtal i befolkninga og på Stortinget for å forby atomvåpen, seier Aspelund.

Tidlegare i år fremma representantar frå Venstre, Senterpartiet og SV eit forslag om at den norske regjeringa skal arbeide for eit internasjonalt forbod mot atomvåpen.

Då saka vart debattert i Stortinget kom det fram at både Miljøpartiet Dei Grøne, Arbeiderpartiet og KrF støtta forslaget, sjølv om dei to siste ikkje ville sikra fleirtal.

LES OGSÅ: PST slår alarm om risikostudentar

70-årsmarkering for Hiroshima
Atomvåpen står høgt på dagsordenen i 2015, 70 år etter bombinga av Hiroshima og Nagasaki. Det skal mellom anna markerast med ein stor konsert på Youngstorget i Oslo.

Konserten for eit forbod mot atomvåpen vert arrangert av Nei til atomvåpen, Norsk Folkehjelp, LO, Norges Fredsråd, Norske leger mot atomvåpen og ICAN Norge. 

 Det er eit stort engasjement og me gjev ikkje opp. Dette er ein kamp som eg er viss på at me kjem til å vinne, avsluttar Aspelund.