Elon Musk føreslår å atombomba Mars

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Naboplaneten vår, Mars, har fascinert menneske i lang tid. Mannen bak Tesla og SpaceX, Elon Musk, ønskjer at me menneske skal få bu på planeten. Men den raude planeten er svært kald og temperaturen varierer meir enn på Jorda. Ved ekvator kan temperaturen variera mellom -90 grader celsius om natta til +25 grader celsius om dagen. Ved polane kan temperaturen nå heilt ned i -140 grader celsius, ifølgje Store Norske Leksikon.

På tv-showet til Stephen Colbert onsdag kveld amerikansk tid, blei Elon Musk spurt om korleis han ville gjera det mogleg for folk å bu på Mars.

– Den raske måten å gjera det på er å bomba polområda med atomvåpen, sa Elon Musk.

LES OGSÅ: Romturist vil til Mars i 2018

Sjå intervjuet under:

LES OGSÅ: Over 1.000 blir trente for å leva og døy på Mars

NASA og forskarar åtvarar

Brian Toon, professor ved University of Colorado, kom i 1991 med ein rapport om korleis ein kan gjera det mogleg å bu på Mars.

– Det verkar som det kan vera mogleg å gjera Mars mogleg å bu på. Men det er fleire barrierar ein må stiga over. Men å sprenga bomber er ingen god idé, seier han til LA Times.

QUIZ: Kva veit du om verdsrommet?

Atomvåpen kan bli brukte til å varma opp planten, men vil truleg ikkje vera nok til å varma opp planeten, seier Joshua Bandfield, professor University of Washington til avisa.

NASA likar heller ikkje forslaget:

– Me er bunden på å fremja utforsking av verdsrommet på ein måte som vernar om utforska miljø slik dei eksisterer i naturtilstanden sin, seier dei i ein uttale.

LES OGSÅ: Eitt skritt nærare Mars