Møbeleventyret på Sunnmøre er ikkje over

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er vekstmoglegheiter framleis, sjølv om sysselsetjinga og talet på bedrifter har gått ned, seier historikar Eldar Øyehaug Høidal ved Møbelmuseet i Sykkylven.

Det er framleis gode vekstmoglegheiter for møbelindustrien på Sunnmøre, trur møbelhistorikar Eldar Høidal. Foto: Torunn Langlo

Han har saman med Kjetil Tandstad skrive boka «Møbeleventyret» om den 110 år lange historia til den driftige møbelklynga på Sunnmøre.

Ikkje lenge før boka kom ut, vart den største og mest kjente av dei mange møbelbedriftene på Sunnmøre, Ekornes, kjøpt opp av den kinesiske møbelkongen Ruihai Zhao og selskapet hans, Quimei. Kinesaren sikra seg i vår og sommar så godt som alle aksjane i selskapet og tok det av børsen.

Men Høidal trur ikkje Ekornes-salet er byrjinga på slutten, verken for Ekornes eller andre møbelbedrifter på Sunnmøre.

– Vi håper jo ikkje det, vi som bur i Sykkylven, møbelkommunen framfor nokon. Om det gjekk mot slutten, hadde det jo vore kroken på døra for Sykkylven kommune, der halvparten av den yrkesaktive befolkninga arbeider i ei møbelbedrift, seier Høidal, som til dagleg er førstekonservator ved Stiftinga Sunnmøre Museum.

Les også: Kvar er alle borda?

Møbelkraft-satsing

Men ingenting tyder på at dei vel 1.000 arbeidsplassane i Ekornes er trua. Den nye eigaren har så langt signalisert at han vil utvikle verksemda vidare i Noreg. Som bonus får Ekornes tilgang til det store salsapparatet til Quimei og gode moglegheiter for ny vekst.

Resten av møbelklynga er optimistar, dei òg. I 2015 starta dei saman med Møre og Romsdal fylkeskommune og fleire kommunar utviklingssenteret Møbelkraft, som skal vere med og sikre grunnlaget for møbelindustrien i framtida.

I tillegg husar no Norsk Maritimt Kompetansesenter i Ålesund organisasjonen Norwegian Rooms, som arbeider for å styrkje posisjonen til norsk møbelindustri internasjonalt.

Det kinesiske møbelkonsernet Quimei overtok tidlegare i år den største av møbelprodusentane på Sunnmøre, Ekornes i Sykkylven. Foto: Arild Solberg

Så lenge drifta er rasjonell og effektiv, går det framleis fint å lage møblar i Noreg, meiner Høidal.

– Dessutan finst det nisjebedrifter som har litt høgare kostnader, men som likevel klarer å selje ut av landet, seier han.

Les også: Asbjørn slutta i jobben for å bli oppfinnar på fulltid

Korgfletting i Stranda

Korgflettingsstolen som Peter I. Langlo laga på korgflettingskurs i Standa i 1908, var kimen til møbeleventyret på Sunnmøre.Foto: Selja Forlag

Det sunnmørske møbeleventyret starta da småbrukaren Peter I. Langlo laga sin første stol på korgflettingskurs i Stranda i 1908. Eit par tiår seinare var P.I. Langlo’s Fabrikker den største møbelprodusenten i Skandinavia med 120 tilsette.

Suksessen smitta, og snart var det «møbelfabrikk i annankvar kjellar» på Sunnmøre.

I Sykkylven åleine var det på 1940- og 1950-talet rundt 120 møbelverksemder i kommunen. Høidal kallar det granneskapseffekten.

– Sunnmørssamfunnet har vore eit likestilt samfunn utan store forskjellar. Ingen væreigarar eller landbrukspatronar har halde folk nede og sagt kva dei skal gjere. Folk har ikkje hatt grunn til å tru dei ikkje skal lykkast like godt som naboen, seier Høidal.

– Og så var dugnadsånda og samhaldet i bygdene sterkt. Heile samfunnet vart solidarisk engasjert i bedriftene. Dessutan har nok pietismen og haugianismen spelt ei rolle, som på Vestlandet elles. Folk har vore flittige, nøysame og lojale.

Les også: Han vil gjere panneband av norsk ull til levebrød

Eksport og design

Adolf Relling teikna denne lenestolen for Hjellegjerde Lenestolfabrikk i 1951/1952. Foto: Møbelmuseet / Stiftingsa Sunnmøre Museum

På femtitalet kom nye krav og internasjonalisering, og design vart ein viktig faktor i møbelproduksjonen.

– Da fekk vi Scandinavian design-perioden med viktige designbedrifter som Rastad Relling og Bruksbo og designarar som Sven Ivar Dysthe. Stokke var tidleg ute med den første kvilestolen. Vipp-stolane i Star-serien kom alt i slutten av femtiåra. Stressless frå Ekornes kom i 1971 og har vore heilt dominerande sidan, sjølv om mange har prøvd seg på tilsvarande, til dømes Hjellegjerde og Pedro, fortel Høidal.

– Stresslessen med trinnlaus regulering var litt av ein revolusjon da han kom?

– Han var det altså. Det var ein veldig komfortabel stol. Mange reagerte likevel på utsjånaden og metallunderstellet og meinte han såg ut som ein tannlegestol. Ifølgje direktør Jens Petter Ekornes var den første som kjøpte stolen, ein tannlege i Nordfjord.

Ivar Helland gjer klar ein Stressless ved Ekornes-anlegget i Sykkylven. Foto: Nicolai Karlsen

Les også: Kaffi frå Sogn hevda seg mot dei beste brenneria i Norden

10 millionar Tripp Trapp

– Salsgrepet hans var sjølvsagt å seie: «Set deg i stolen og prøv, så får vi sjå kva du seier etterpå». Da meinte han at folk snudde.

Barnestolen Tripp Trapp, designa av Peter Opssvik, har vore i produksjon sidan 1972. Foto: Stokke

– Det viste seg at han fekk rett, stolen slo an?

– Stresslessen vart ein stor suksess, men det er ikkje den aller mest selde. Tripp Trapp er den mest selde stolen i norsk møbelproduksjon med 10 millionar selde einingar. Og han går framleis like bra.

– Andre som er verde å nemne?

– Stressless, Tripp Trapp og Balans er kanskje dei mest funksjonelt nyskapande. Dei andre er meir konvensjonelle stolar. Siesta er for så vidt ein konvensjonell stol, men han er veldig rasjonelt bygd opp, estetisk fin, skulpturell i forma, lett å transportere.

– Og med retrotrenden har mange stolar fått nytt liv, både brukte og nye?

– Ja, og det er denne marknaden vi håper å nå med denne boka. Det er mange unge som er interesserte i å kjøpe retromøblar som har litt meir karakter og ei historie å fortelje. Håpet for norske møbelprodusentar er at det blir fleire av den typen forbrukarar i Vest-Europa, folk som vil ha kvalitet, noko som er slitesterkt og økologisk, seier Eldar Høidal.

Les også: Elevane får bruke både laser og 3D-skrivar