Asbjørn slutta i jobben for å bli oppfinnar på fulltid

Elise Løvereide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

— Eg hadde eit verv i Start UiS der eg skulle marknadsføre arrangementa til studentane. Det vart uoversiktleg og vanskeleg å halde alle arrangementa samla. Då ein kompis foreslo ein app, syntest eg det var ein genial idè, seier Asbjørn Rørvik (25) til Framtida.

Dermed lærte Rørvik seg programmering, og sat ein månad i strekk før skulestart hausten 2016. Samstundes studerte han elektroingeniør ved Universitetet i Stavanger, og hadde ein relevant deltidsjobb. Resultatet blei Stavanger Student Appen. Der fekk du tilgang til dei aktuelle arrangementa i ditt nærområde.

— Eg oppdaga at den største jobben var å få folk til å bruke appen. Sjølv om det kunne vere 200 personar inne på ein dag, så var det mange bugs og eg blei aldri heilt nøgd, fortel elektroingeniøren frå Stavanger.

Strikkemaskinen til Asbjørn, “Knitting Printer”. Foto: Privat

Arrangement-kongen

Derfor skal han no lansere sin nye og forbetra arrangement-app kalla Eksire. Til forskjell frå den første skal denne gjelde for heile landet.

— Eg er nesten ferdig, og har gjort det mest åleine. Appen hentar automatisk ut arrangement frå Facebook og serverer dei til deg på telefonen. Den har også innebygd GPS som finn arrangementa som skjer i nærleiken av deg. Det er litt ryddegare enn slik Facebook gjer det i dag.

— Det finst allereie Facebookgrupper for lokale arrangement, som «Hva skjer i Stavanger»?

— Eg vil ikkje kalle dette ein konkurrent, men heller eit supplement. Appen blir gratis, jamnleg oppdatert og krev lite plass. I første omgang vil han rette seg mot studentar. Folk kan også legge inn arrangement sjølv i appen, seier oppfinnaren.

Der og då-produksjon

App er ikkje det einaste Rørvik har på agendaen. Då han studerte ville han lage ein strikkemaskin til ei skuleoppgåve, og den jobbar han med framleis.

— Eg lærte å strikke på folkehøgskule, men syntest det gjekk veldig treigt. Så eg googla litt for å finne ut om det var ein raskare måte å gjere det på.

Torbjørn Røe Isaksen ser på strikkemaskina til Asbjørn Rørvik som er oppfinnar.

Dåverande kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) ser på Asbjørn Rørviks strikkemaskin. Foto: Privat

Rørvik kjøpte ein strikkemaskin frå Australia på Ebay, som var utvikla på 80-talet. Han ville lage ein ny versjon ved hjelp av dagens teknologi.

— Den var veldig mekanisk, der du måtte strikke manuelt. Strikkemaskina mi går av seg sjølv, og den er mykje raskare.

— Kva er målet med strikkemaskinen Knitting Printer?

— Det langsiktige målet er å endre klesindustrien i framtida, med meir lokalproduksjon av klede. For eksempel at du skal kunne gå inn i ein butikk, sjå genseren du vil ha, og så blir han produsert der og då. På den måten sparer vi ressursar.

Det Rørvik siktar til, er såkalla Manufacturing on demand (MOD), ein prosess der varer og gods blir produsert der og då, når kunden ønsker dei. Dette til forskjell frå tradisjonell produksjon der varene blir masseprodusert, lagra og frakta.

Lever som ein student

Førebels har ikkje Rørvik tent ei krone på oppfinningane sine, og han skal heller ikkje ha annonsar i appen sin. Når produkta kjem på marknaden, vil han prøve å ta betalt frå private aktørar.

— Som student er ein fattig og maskinar er dyre. Eg har ikkje søkt om støtte enno, men skal gjere det til marknadsføring. Eg må kanskje også ha hjelp til firmaet på sikt, seier han.

— Kvifor har du lyst til å vere oppfinnar?

— Eg trivst med å utvikle, det å sitje med eit problem og prøve å finne løysingar. Eg får ei meistringskjensle av det. Dessutan ser eg at det er behov for det eg lagar. Per i dag finst det ikkje nokon studentapp for arrangement, og det kan bli populært om det først slår an.

Strikkemønster. Foto: Privat

— Er dette noko du vil jobbe med framover?

— Akkurat no skal eg «gønne på» og satse på det. Eg sa opp jobben for å frigjere tid, men det verste som kan skje er at eg må søke jobb igjen. Erfaringa eg får er gull verd.

No vil elektroingeniøren først og fremst skape betre studentliv.

— Ingen skal gå glipp av ein fest eller eit arrangement no. Studentar må vere meir sosiale, og ikkje berre sitje på lesesalen. Derfor heiter appen Eksire, som på latin betyr ut. Eg vil at folk skal kome seg meir ut, ler oppfinnaren.