Kaffi frå Sogn hevda seg mot dei beste brenneria i Norden

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Porten.no.

Sogndal: – Eg vil seia det er ein sensasjon. Eg trur ikkje det er så mange her i fylket som forstår det heilt, seier kaffigründer Kjetil Russenes.

Panelet som skulle dømma konkurransen fekk mykje godt å smake på. Foto: Privat

Panelet som skulle dømma konkurransen fekk mykje godt å smake på. Foto: Privat

Han har drive med brenning av kaffi i litt over eitt år. Dette er den første gongen han er med på det årlege bransjetreffet Nordic Roaster Forum. Likevel hamla han opp med etablerte brenneri frå heile Norden

– Norsk og nordisk kaffi står høgt internasjonalt. Så viss du kjem på ei god plassering i ein konkurranse der folk i bransjen er dommarar, foran store og anerkjente brenneri, så får ein veldig mykje merksemd utanfrå, seier Russenes, som kan fortelja at han har fått gratulasjonar heilt frå Taiwan og Brasil.

Les også: I 2020 kan det bli gode kaffibønner bli mangelvare

Håpar på nytt løft for salet

Oppturen kjem etter eit drygt år som ikkje berre har vore enkelt. Det vil seia, sjølve lanseringa vart ein suksess. Det ferske kaffibrenneriet fekk inn 60.000 kroner i førehandstingingar før salet i det heile starta

Men utover hausten vart det tøffare.

– Eg solgte ikkje mykje kaffi ein periode, eg følte eg stanga hovudet mot veggen, og lurte på kva f… eg hadde sett i gong med.

Julesalet vart redninga, og sidan har det gått rett veg, føler Russenes.

Etter ein trå haust, fekk kaffisalet ein solid oppsving under julehandelen. Sidan har pilene peika rett veg, meiner gründaren. Foto: Halvor Farsund Storvik

Etter ein trå haust, fekk kaffisalet ein solid oppsving under julehandelen. Sidan har pilene peika rett veg, meiner gründaren. Foto: Halvor Farsund Storvik

– Eg får heile tida nye kundar, og mistar ikkje dei gamle. Men det tek tid. Det er ingen som går inn i kaffi utan interesse og lidenskap, det er ikkje noko du gjer for å tena pengar, seier han.

No håpar han at bronsen i den prestisjetunge konkurransen kan gje eit nytt løft for den ferske verksemda.

– Du skal ikkje sjå vekk frå at noko slikt vil påverka omsetninga. Du er ikkje lenger han ferskingen, men ein som kan hevda seg mot dei som har vore i bransjen i 20 år. Eg vil tru at eg blir teken meir seriøst, seier Russenes.

Les også: Forsking: Kaffi får fart på minnet

Ein kunst du kan læra

Grunnlaget for suksessen la han for fleire månader sidan. Då fekk han tilsendt ein sekk med tretti kilo bønner han skulle brenna. I tillegg fekk han velga kaffi sjølv frå den botaniske arten Pacamara.

– Det er store bønner, så det er ein utfordrande kaffi å brenna, seier Russenes.

Det eine partiet trengde han fem forsøk på å treffa fullklaff, det andre seks. Han seier kunsten er å vita kva endringar du må gjera i prosessen for å lokka fram smakane du ønskjer.

– Smaking er ein treningssak, slik som vin. Eg var jo forferdeleg dårleg for halvanna år sidan, samanlikna med no. No smakar eg på ting heile tida, og er verkeleg fokusert, seier Russenes.

For han har bransjetreffet vore ein sjeldan sjanse til å treffa folk som brenn for faget like mykje som han sjølv.

– For min del handlar ikkje dette om konkurransen, men om å kome dit å læra av folk som har drive med kaffi i fleire tiår. Sjølv om eg fekk eit bra resultat, så har eg kjempemasse å lære av dei, seier Russenes.

Sognefjorden Kaffibrenneri har flytta inn det kvite trehuset i Sogndal sentrum der Holen Installasjon før heldt til. Foto: Halvor Farsund Storvik

Sognefjorden Kaffibrenneri har flytta inn det kvite trehuset i Sogndal sentrum der Holen Installasjon før heldt til. Foto: Halvor Farsund Storvik

– Me får jobba i ro og fred

Det har ikkje mangla på skryt sidan han starta. Tilbakemeldingane frå kundane har vore gode. Likevel gjorde det godt for sjølvtilliten å bli verdsett av sine eigne.

– Eg sit no her åleine og då er det fort å bli usikker. Få gode tips og råd frå erfarne bransjefolk, så er det fantastisk.

Han føler han har blitt teken godt imot, sjølv om han er ein nykomling som på rekordtid har rota seg opp i toppen.

– Det er utruleg triveleg folk. Eg trur kaffi er magnet på ein spesiell type menneske, seier Russenes.

– Men eg trur dei vart litt sjokkerte over at eit litt over eitt år gamalt kaffibrenneri gjorde det så bra. Folk legg mykje prestisje i denne konkurransen, seier han.

Den gode plasseringa gir han motivasjon til å stå på vidare. Og trua på at det går an å brenna kaffi sjølv om du høyrer til langs Sognefjorden.

– Eg har verkeleg jobba knallhard lenge, og har henta den beste kompetansen eg kan få tak i, fått hjelp frå næringsapparatet og vennar. Det viser at viss du verkeleg vil, og gjer gode val, så er det ingen bakdel å vera her i Sogn. Tvert imot, me får jobba i ro og fred, seier Russenes.