Tine skal bli leiande på klimasatsing

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det betyr mellom anna at alle meieria og transportverksemda innan den tid skal vere heilt over på fornybare energikjelder. I dag skal over 80 prosent av energien Tine bruker, vere av den fornybare sorten, går det fram av ei pressemelding.

– Vi har komme så langt i det grøne skiftet på produksjonssida at vi ikkje lenger snakkar om moglegheiter, men konkrete resultat, seier kommunikasjonsdirektør Lars Galtung i Tine.

Det er med andre ord særleg på transportsida det er gevinstar å hente, og Tine trur etter kvart fleire løysingar kan bli aktuelle. Mens straum er gunstig i byane, trur meierikonsernet at bioenergi og hydrogen kan bli gunstig for transport over større avstandar.

I desse dagar har fleire av Tines bilar i Vestfold byrja å køyre på biogass vunne ut frå kumøkk og hushaldsavfall, og tidlegare i haust fortalde Tine at dei skal teste ut den nye hybridlastebilen Nikola One frå USA.

Tine har òg utvikla ein eigen miljøkalkulator der mjølkeprodusentane kan få oversyn over klimagassutsleppa per liter produsert mjølk.