Fiskebæsj får fart på kumøkk-gassen

Ein dæsj med fiskeslam i kumøkka kan vere det som skal til for å gjere det lønsamt å produsere biogass på norske gardar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norske gardar har potensial til å utnytte dyregjødsel til å produsere berekraftig biogass, noko som i fleire land i Europa i dag blir gjort i stor skala. For tida testar NIBIO og Antec Biogas AS eit pilotanlegg tilpassa norske gardsbruk på Tingvoll i Møre og Romsdal. Forsøka viser at å tilføre ein liten «proteinshake» i form av fiskeslam i dyregjødselet kan vere det som skal til for å gjere biogassproduksjonen lønsam.

– Her forskar vi på den optimale kombinasjonen av fiskeslam og kumøkk, for å få mest biogass og best prosess. Konklusjonen er at prosessen toler rundt 20 prosent fiskeslam i reaktorane. Då blei metangassproduksjonen tredobla, samanlikna med produksjon frå rein husdyrgjødsel, fortel forskar Joshua Fenton Cabell til NIBIO.no.

Utfordrande logistikk
For å finne ut om denne cocktailen av fiskeslam og kumøkk er framtida for norske bønder, må forskarane finne ut korleis dei kan løyse logistikkutfordringane. Fiskeslam inneheld mykje vatn, og er både dyrt, tungt og ikkje nødvendigvis klimavenleg å frakte over lange avstandar.

Ei løysing kan vere å utvikle lokale samarbeid der landanlegg for fisk ligg i nærleiken av gardar med husdyr. Eit anna alternativ er å tilarbeide slammet til ein annan konsistens, til dømes pellets eller pulver.

Forsøka på Tingvoll er ein del av eit stort forskingsprosjekt som vurderer korleis ein kan bruke fiskeslam til bioenergi og plantevekst. Initiativtakaren er Smøla klekkeri og settefiskanlegg, som sjølv ønskte å få meir kunnskap om kva dei kunne bruke fiskeslammet sitt til. Håpet er å kunne snu avfallsproblemet til ei verdifull og miljøvenleg inntektskjelde. (©NPK)