Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Den britiske komikaren Sarah Millican har dei siste åtte åra brukt første juledag på Twitter.
Frå ho står opp til ho legg seg, så deler komikaren dagen på sosiale medium. Millican både fortel kva ho ser på fjernsyn, slik at ein kan sjå det saman, og har samtaler med andre som av ulike grunnar treng samhald i romjula.
For anyone who isn’t looking forward to Christmas Day, have a read of this and see if you fancy joining us here on Twitter for #joinin. A little bit of company if you need it. Please spread the word. https://t.co/p8IibO1Xii
— Sarah Millican (@SarahMillican75) 20. november 2018
Einsemd
Det heile er ein innsats for å hindre einsemd i juletida. Millican fortel magasinet Standard Isssue at #joinin er til for dei som ikkje har valt å vere åleine, men som er det likevel.
– Anten det er fordi dei ikkje har noko familie, ikkje har kontakt med familien, fordi det ikkje er deira tur til å ha borna, eller berre fordi partneren deira er på arbeid, same kva. Dei er åleine og vil helst ikkje vere det, sa komikaren i 2014.
Sidan Millican først starta emneknaggen har fleire komt til, og emneknaggen har fått litt sitt eige liv også utanom Millican. Det har no vorte eit Internett-fellesskap som folk kjem attende til kvart år.
Alone on christmas day? Dreading it?….#joinin really helped me last year when i was all alone x
— runner_wild (@trainer54321) 16. desember 2018
Love this – follow it every year – the first year you did this was my first Xmas without any family .. in a xmas ‘routine’ now -church , pub , home for a duvet day and #joinin ❤️ ..lucky to have a home and food though some don’t even have that ..
— clare williams (@williams1980) 27. november 2018
Alternativ julefeiring
Også her til lands freistar fleire å hindre einsemd i jula. På folkehøgskulen i Seljord stelte elevane i stand ei alternativ julefeiring for dei som kanskje ikkje har ein annan plass å gå.
– Ingen skal sitje åleine om dei ikkje ynskjer det, eller kutte ut å feire jul av økonomiske grunnar, sa Anne Opheim til Vest-Telemark Blad tidlegare i desember.
Samstundes arrangerte Tale Maria Krohn Engvik, best kjent som Helsesista, og Løvetannakademiet også ei alternativ julefeiring for unge mellom 18 og 30 år. Det kom i stand i kjølvatnet av at Helsesista la ut ein Instagram-post der ho fortalte at ho sjølv skulle feire jula utan borna sine i år.
– Jula er ei tid der dei som har det vanskeleg får vanskelegare og dei som har det bra får det betre. For mange er det ekstra vanskeleg før jul når ein har så tydelege forventningar og ser at ein ikkje matchar det andre har, sa Engvik til Framtida.no.
Målet er å ha eit liknande arrangement kvart år.