– Spesielt for unge er jula forbunde med mange forventningar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Jula er eit forstørrelsesglas som forsterkar kjenslene på godt og vondt. Det kan forsterka kjensla av utanforskap og einsemd, seier Anna Celine Røstbakken.

Ho er frivillig i Løvetannakademiet som er stifta av venninna Sandrina Sandell. Dei to vart kjente gjennom styret i Landsforeningen for barnevernsbarn og jobbar no med ulike tiltak knytt til ettervern for unge mellom 16 og 23 år under barnevernet.

– Spesielt for unge er jula forbunde med mange forventningar om kva det skal vere og det er eit fokus på sosialt samvær, familieidyll og dei greiene. Me har lyst å skifta litt fokus og gje unge ein stad dei kan koma og bli kjent med andre og berre vere, fortel Røstbakken.

Ho fortel at målet er å skapa eit alternativ til einsemd, uavhengig av årsaka. Det kan vere for unge som manglar familie og nettverk, dei som har dårlege erfaringar med julefeiring, eller unge som skal jobbe i byen og difor ikkje kan reise heim eller som ikkje har økonomi til det.

Òg på Seljord folkehøgskule inviterer elevane julefeiring. Les saka her!

Helsesista feirar jul utan born

Årets julefeiring for unge mellom 18 og 30 år vart oppretta etter at Tale Maria Krohn Engvik, best kjent som Helsesista, la ut ein Instagram-post der ho fortalte at ho ikkje skulle feira jul saman med borna sin og lurte på om nokon ville vere med å arrangera ei alternativ julefeiring.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Noen tanker jeg har rundt julaften: Jeg skal ikke være sammen med barna mine på julaften i år, og så har jeg fundert på om jeg skulle få til å være sammen med noen av ungdommene mine i stedet.. Evt de veldig unge voksne som har valget mellom en stusselig hybel og ingenting, eller et stusselig sted alene eller sammen med en familie der det virkelig ikke er noe hyggelig å være av ulike grunner.. Jeg vil ikke at det skal være julegaver, men bare et hyggelig sted hvor vi kunne være sammen og spise mat sammen. Jeg aner jo ikke hvor mange det ville være snakk om enda, og jeg vil jo inkludere hele landet, så noen ville trengt spons av både reise og overnatting. Det enkleste hadde kanskje vært å hatt det på et hotell..? Nå grubler jeg liksom høyt her, og jeg vet ikke om det er mulig å få til i år, men det kunne blitt fint og jeg er sikker på at noen kunne trengt det ❤️ Om noen har tanker eller ideer, så si gjerne i fra. Poenget er å være sammen bare. Ikke noe fænzi! ?

Et innlegg delt av Helsesista (@helsesista)

Løvetannakademiet såg behovet og saman med Helsesista fekk dei sponsa både lokale av Scandic Holmenkollen og hotellrom av Comfort Hotel Xpress.

Røstbakken er ikkje i tvil om at det å ha ein profil som Helsesista med på laget, bidreg til å bryte ned stigma og tabu knytt til einsemd.

Arrangementet er gratis og alkoholfritt. Deltakarane får gløgg og julebuffet før det vert leikar og quiz utover kvelden.

Les innlegget: «Einsemd gjer stor skade, men let seg ofte lett bøte»

Helsesista Tale Maria Krohn Engvik tenkjer ekstra mykje på unge vaksne som ikkje har det støtteapparatet dei treng no i jula. Foto: Privat

Helsesista: – Ver til stades

– Det beste i livet kan ein ikkje kjøpa og pakka inn, nemleg det å vera til stades. Godheit og kjærleik. Det beste du kan gje, er tida di, seier Tale Maria Krohn Engvik, best kjent som Helsesista.

Ho er utruleg takknemleg for at Løvetannakademiet plukka opp meldinga hennar og tok på seg å arrangera julefeiringa der ho får vere gjest.

Helsesista fortel at ho får meldingar frå einsame ungdommar året rundt, og at for mange byggjer det seg opp på hausten fram mot jul.

– Jula er ei tid der dei som har det vanskeleg får vanskelegare og dei som har det bra får det betre. For mange er det ekstra vanskeleg før jul når ein har så tydelege forventningar og ser at ein ikkje matchar det andre har, seier ho.

Barnevernsborn vil ha krav om ettervern: – Det følast som vi vert gløymde når vi vert 18 år

Hybel eller blåveis

Aller helst skulle Engvik ynskja at den som gav ho ideen til ei alternativ julefeiring skulle vere med, men sidan personen bur ein anna stad i landet vert det diverre ikkje slik.

– Eg fekk ein snap frå ein ungdom som hadde valet mellom å sitje åleine på ein hybel eller å reise heim, og då får eg gjerne snap av ein blåveis. Det er ikkje noko hyggjeleg, og gjer at ein får lyst å opne armane og huset sitt, seier Engvik.

Ho håpar unge vaksne som treng å vere ein god stad med hyggelege folk i jula vågar å melde seg på, og understrekar at om berre ein person kjem så er det verdt det.

– Mange er utsette for vald, og kjem gjerne frå familiar med alkoholmisbruk. Dei slit gjerne med store traume, slit psykisk og har ikkje så stort nettverk. Då er ein veldig åleine. Kan hende har dei vore under barnevernet, men no skal dei klare seg sjølve. Eg er 39 år og kan framleis ringje pappa og spørje om råd, eller ringe mamma for barnevakt. Eg har ein stor familie som hjelper og støttar meg, men ikkje alle har det slik, understrekar Engvik.

Ho oppmodar dei som har moglegheit til det, til å gje av tida si, anten ein melder seg som frivillig på eit arrangement om ein er einsam, inviterer inn nokon ein tenkjer treng det, eller legg ut ein invitasjon på Facebook.

– Då er det viktig med minst mogleg alkohol, fordi mange er sensitive på det og har negative erfaringar, understrekar ho.

Bilete frå Facebook-arrangementet.

Håpar arrangementet spreier seg

Anna Celine Røstbakken frå Løvetannakademiet fortel om mange positive tilbakemeldingar. Mange har meldt seg som frivillige, men framleis er ikkje alle 30 plassane på den alternative julefeiringa fylt opp.

– Einsemd i jula er tabubelagt og me ser det sit langt inne for folk å til dømes trykkja på skal eller interessert på hendinga på Facebook, så mange sender e-post, seier Røstbakken.

Arrangementet er ope for folk frå heile landet, og dei har vorte kontakta av ungdommar frå andre sida av landet. Dei håpar difor å få på plass sponsorar til reise.

I tillegg har dei fått spørsmål om det kjem til å verte eit liknande arrangement på nyttårsaftan, noko dei håpar å få til seinare.

– Feriar og høgtider er generelt vanskeleg. Målet er å ha dette kvart år – også på andre store dagar. Me har òg lyst til å bidra til at det blir arrangert andre stader, men enn så lenge er me berre to personar. Så me ser gjerne at fleire hektar seg på, avsluttar Røstbakken.