Kan det lyse i stille grender av glødande menneske, ikkje av blå mobilskjermar?


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det nærmar seg desember og adventstid. Ventetid. Enkelte ventar på snøen, andre på julegåvene under treet, og nokre ventar på at det heile skal vere over. Desember er ikkje berre fred og ro. Eksamen, tentamen, julebord, skuleavslutning, gåvehandel, klesjakt og stress. Fullt opp. For andre berre tomrom.

Tomme ansiktsuttrykk, ein tom stol, tomt kjøleskap og tom lommebok. Ein kan ha samhald, latter, boblande brus og mette magar på den eine sida av veggen, einsemd og mørke i naboleilegheita. For mange står desember og juletida som ein enorm kontrast ein knapt kan vente med å få viske ut på nyåret.

Ting går ofte ikkje etter planen, sjølv ikkje i desember. Kanskje endå mindre då. Gåvepapiret er for kort slik at ein må ty til tre sider av lokalavisa. Julemiddagen vert servert kald, sjølv etter timevis med førebuing. Kanskje er juletreet både skakt og ujamt, medan stova er for låg under taket. Butikkane går tomme for poteter og julekakene vert svidde.

For enkelte er det krise, som å søle vatn utover eit kunstverk eigna for Instagram, minst. Andre ser på det som bagatellar. Men så sit der alltid nokon og drøymer om å ha nokon å servere mat til, vere i stand til å skaffe eit juletre eller ha pengar til å kjøpe gåver til borna. Ein kan kalle det ytterpunkt: Lys og mørke. Kontrastar. Dei fleste er ein stad mellom desse ytterpunkta. Vegane frys til i tider og utider, og nesten alle kjem før eller seinare i kontakt med grøfta. Nokre med eit hjul, andre vert ståande bom fast. Lenge. Då køyrer vi ikkje rett forbi. Vi stoppar for å hjelpe, ikkje sant?

Eg trur at dei aller fleste inst inne ønsker seg mykje av det same til jul: Medmenneske, varme og omsorg.

Vinteren er mørk, kald og lang. Kalendrar, julegåver og julemat er sjølvsagt stas, men jula handlar om så mykje meir dersom ein lagar rom for det. Skal vi på noko tidspunkt invitere folk inn til oss, setje oss tettare saman i sofaen slik at alle får sitje, eller hjelpe nabokona med å tenne lys på grava til ektemannen, så kan vi godt gjere det no.

I år håper eg at vi ikkje berre opnar gåvene under treet, men døra og gjesterommet i hjarta våre. Og forhåpentlegvis kan det lyse i stille grender av glødande menneske, ikkje av blå mobilskjermar og tomme kjøleskap. Velkomen, desember!