Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 12.05.2019 10:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jula er ei høgtid prega av tradisjonar, men det er også mogeleg å få for mykje av det gode. Kor mange gongar kan ein høyre Jussi Bjørling synge «O helga natt», før det vert «O helga, nei takk?».

Her er julesongane for deg som rett og slett har vorte litt lei.

Sufjan Stevens – Christmas Unicorn

Den amerikanske musikaren Sufjan Stevens har rokke å lage to bokssett av juleplater: Songs for Christmas og Silver & Gold: Songs for Christmas. Kvart sett inneheld fem EP’ar som er sett saman av hans versjonar av tradisjonelle juleklassikarar som den tidlegare nemnde «O helga natt» og «Jinglebells», samt hans eigenproduserte julesongar.

Denne 12 minutt lange songen er det avsluttande sporet på den siste EP’en:

Les også: For Marie er musikken det einaste som alltid gjev meining

Emmy the Great & Tim Wheeler – Zombie Christmas

Også Emmy the Great og Tim Wheeler har gjeve ut ei juleplate med ein ny vri. This is Christmas har ni nyskrivne songar og ein cover, og er eit resultat av at dei to artistane var snøfaste ein desember for åtte år sidan.

Zombie Christmas er i alle fall underhaldande både i musikkvideo og med tekst. Sjå kor mange referansar til andre julesongar du klarer plukke opp i denne julehiten:

Les også: «Omie Wise» og mordballadetradisjonen

Elmo & Patsy – Grandma Got Run Over By a Reindeer

Den nitriste juleforteljinga om ei bestemor som har fått i seg litt for mykje eggelikør på julaftan og vert påkøyrt av julenissen sine reindyr har ein overraskande lystig melodi.

Då Edison Media Research and Pinnacle Media Worldwide i 2007 skulle forhøyre seg med amerikanske radiolyttarar om kva julesongar dei likte og kva for nokre dei mislikte, var denne songen den einaste som raga høgt på begge listene. Anten så elskar folk den, eller så hatar dei den.

The Futureheads – Christmas was better in the 80s

Det britiske post-punk bandet The Futureheads gav ut denne moderne klassikaren i 2010. Kanskje dei også heller vil ha George Michael, romantikk, kjærleik og bjelleklang enn Freddy Kalas?

Les også reportasjen om det veldige rocksamfunnet i den vesle bygda Akkerhaugen.

Holderness Family Music – Baby, Just GO Outside

Og til slutt, ein song for deg som ikkje er lei julesongar, men heller bodskapen i nokre av songane.

Holderness-familien lagar parodiar på kjente songar, og den siste dei har teke fatt på er «Baby, It’s Cold Outside». Songen er skriven av Frank Loesser i 1944, men har seinast i år skapt overskrifter då ein amerikansk radiostasjon nekta å spele songen på grunn av teksten som latar til å undergrave samtykke:

«I ought to say no, no, no – Mind if I move in closer?
At least I’m gonna say that I tried – What’s the sense in hurting my pride?
I really can’t stay – Baby don’t hold out
Ah, but it’s cold outside»

Holderness-familien har løysinga, dei har rett og slett skrive om songen: