Dubie Toa-Kwapong
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Oh, listen to my story, I’ll tell you no lies,
How John Lewis did murder poor little Omie Wise.

Som siste song i Tiny Desk-konserten sin for to veker sidan, song jazz-artist Cecile McLorin Salvant den klassiske folkevisa «Omie Wise». Songen handlar om drapet på Naomi Wise som vart utført av elskaren hennar Jonathan Lewis i 1808 i Nord-Carolina.

Fattige Naomi var blitt gravid. Den velståande Lewis, som hadde planar om å gifte seg med ei anna, slo i hel gravide Naomi og kasta kroppen hennar i elva Deep. Familien fann det mørbanka liket hennar flytande i elva.

Ei dame som budde i nærleiken, sa ho hadde høyrt kvinneskrik natta før. Kort tid etter vart Jonathan Lewis sikta for drapet på Naomi og fengsla. Etter ein månad i fengsel rømde han og flytta til Kentucky, der han stifta familie.

Les også: Den vesle bygda med det store rocksamfunnet

Kva er sant?

Det er uklart kva som er sant og kva som er oppdikta i attforteljingar av denne historia. Det finst ingen konkrete bevis på at Jonathan Lewis faktisk myrda Naomi Wise, sjølv om nokre versjonar av legenda fortel at han erkjende drapet rett før han døydde.

Og trass i at Naomi ofte er framstilt som ei ung kvinne, har akademikaren Eleanor R. Long-Wilgus i si forsking funne teikn til at ho kan ha vore ei ugift eldre kvinne som allereie hadde fødd to barn.

Les også: Den kulturberande songen

Ein av dei eldste

Historier som denne er typiske for amerikanske mordballadar. Dei tek føre seg eit drap, anten fiktivt eller ekte. Songen startar med ei innføring i livet til offeret, eller forholdet mellom offeret og mordaren. Etter dette blir som regel sjølve drapet skildra. Det siste verset avslører vanlegvis om mordaren kjem seg unna med drapet eller ei.

Teksta til «Omie Wise» vart skrive kort tid etter mordet i 1808. Songen vart fyrst spelt inn av G.B. Grayson i 1929, og er ein av dei eldste og mest kjende i tradisjonen av mordballadar.

Ein annan populær mordballade er «In the Pines/Black Girl». Visa vart fyrst skrive ned av Cecil Sharpe i 1917. Den blei seinare gjort populær av blant anna Bill Monroe, Lead Belly og seinare Nirvana med ein cover av Lead Belly-versjonen som fekk tittelen «Where Did You Sleep Last Night».

https://www.youtube.com/watch?v=2Ydo78YrMvI

Rapparen Kid Cudi har òg gitt sin vri på den mørke låta om ei jente som er vitne til at faren vert halshogd.

Test vår musikk-quiz: Kan du fullføre teksten?

Barneskuleklassikar

Vi nordmenn kjenner godt til skillingsvisa «Tom Dooley». Barneskuleklassikaren er ein mordballade basert på endå ei grueleg historie frå Nord-Carolina. I denne er det soldaten Tom Dula som i 1866 vart sikta og hengt for drapet på sin kjæraste, Laura Foster.

I dag er det svært populært med seriar, filmar og podcastar som tek føre seg mordhistorier frå verkelegheita. Vi ynskjer å vite så mykje som mogleg om bakgrunnen og psykologien til folk som drep, og om liva til ofra. Tradisjonen av mordballadar viser at vårt forhold til mord, som blir kjenneteikna av både tiltrekking og frykt, slett ikkje er ny.

Høyr på nokre av desse: