For Marie er musikken det einaste som alltid gjev meining

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Vest-Telemark Blad.

– Me hadde nok gjort det same uansett, me. No handlar det vel berre om at andre folk også likar det me driv med, seier Marie Tveiten.

Bandet hennar, The Northern Belle, er ute med sitt tredje album. Og anmeldarane er frå seg av begeistring.

– Det er så sjeldan ein ser at ein får ein toppscore, så det føles veldig spesielt.

Me møtest på Grisen på Torshov. Bybygda til Marie. Ho har feber, men ser ut som ein million. Eller terningkast seks, om du vil. Slik til dømes Aftenposten gav «Blinding Blue Neon».

– Me hadde ikkje drøymt om det eingong. Eg hugsar me fekk slakt av ei studentavis då me gav ut det første albumet vårt. Me hadde bestemt oss for at me ikkje skulle bry oss om kva folk sa, men eg kjente på meg at det var surt. Det blir som at nokon skal seie at ungen din er stygg, liksom. Du blir jo litt irritert då, ler ho.

Omtalene i dei større avisene var langt meir positive – heldigvis. I oktober blei minna bleike samanlikna med omtalene av tredjealbumet. Femmarar og seksarar trilla i veg.

The Northern Belle. Foto: Marius Nyheim Kristoffersen

– Berre det å i det heile tatt få ei omtale er ganske stort. Eg stivna heilt, det var ikkje til å tru. Vår fyrste reaksjonen til alle var: det kan ikkje vera sant. Me må finne ut om det er sant. Og så var det sant. Det var ei heilt surrealistisk øving me hadde den kvelden. Så høgt oppe har me aldri vore på øving før.

– Det vil jo seie at det de har gjort er tilnærma perfekt?

– Ja, nokon synest det. Det er ikkje slik at me reinskriv at då er det faktisk det, men nokon meiner at dette er heilt topp og det er veldig moro.

Marie smiler frå øyre til øyre.

– Det er berre «vesle kånn», liksom.

Les også: Strålande kritikkar til det tredje albumet til The Northern Belle

Americana og lassopop

«Vesle kånn» er eit band som består av sju gode vener. Dei møttest då dei tok ein bachelorgrad i musikk saman.

– Me var ein venegjeng som var mykje saman, og det trur eg er det som har vore suksessoppskrifta vår. Me har det så moro saman. Men me har jobba utruleg mykje gratis. Det er ikkje for pengane det her. Det er fordi det er moro å lage fin musikk.

– De hadde vel antakeleg lik musikksmak?

– Ja. Eller kanskje me skal seie at me hadde litt annleis musikksmak enn dei andre på kullet. Me starta som eit countrypop-band, og det var ikkje så mange i den kategorien. Men me fann kvarandre, då.

Marie hadde ikkje trudd at ho skulle hamne i eit countryband nokon gong.

– Eg har vakse opp der eg har, og fått litt bakoversveis av denne sjangeren. Men kjære vene, det er mykje fin countrymusikk. Eg likar at folk kallar det me spelar Americana. Nokon har kalla det lassopop òg. Det er fint.

At dei er heile sju personar i bandet meiner Marie er det som gjer det så lett. Det vil alltid vera nokon som kan spele på ein konsert. Det er ikkje slik at dei må avlyse viss bassisten ikkje kan. Då steppar nokon andre inn.

Marie syng og spelar gitar – samt litt perkusjon – i bandet, men viss hardingfelespelaren er sjuk, så spelar ho hardingfele.

– Det er litt artig at me har ein vikar på til og med dét, seier ho.

Nokre av bandmedlemene er frilansmusikarar. Marie har valt å ikkje vera det.

Eg er ikkje heilt laga for den livsstilen. Eg jobbar i bank ved sida. Eg må stå opp av morgonen og ha eit system. Det eg synest er mest moro er å få spela, eg treng ikkje vera på tusenvis av konsertar. For meg handlar det om å få skrive og vera i studio, noko eg jo gjer alle dagar og kveldar elles i veka. Ein kan seie at eg er 100 prosent musikar og 70 prosent bankdame.

Noko heilt eige

Førre veke heldt Marie og gjengen releasekonsert på Postkontoret på Tøyen. Det var fullt hus og stor jubel då «The Northern Belle» fylte lokalet med herleg lassopop.

Dei gode omtalene har gjeve bandet tidenes boost til vidare jobbing. På eitt eller anna tidspunkt hadde det vore moro å slå gjennom i utlandet.

– Eg har nokre amerikanske slektningar som har store planar om at eg skal spele der. Eg var der i sommar, og dei er no The Northern Belle sine største fans, ler ho.

Marie fortel at ho er usikker på kva ho eigentleg vil at musikarlivet skal vera. Ho er heimkjær. Saknar senga si når det har vore mykje reising og speling.

– Det er ikkje sikkert eg er laga for å vera stor musikar.

Ved sidan av The Northern Belle er Marie aktiv som musikar i andre prosjekt. Ho korar på den nye plata til Benny Borg. Spelar fele med Kristopher Schau sitt band The Dogs. Syng duett med Staut. Ho likar å gjera forskjellige ting.

– Jobbar du med noko som er berre ditt?

– Ja. Eg har jo ei låt ute, men det begynnar å bli lenge sidan. Det har tatt litt tid. For meg så er det noko av det viktigaste eg gjer, og då tek det ironisk nok lang tid. Eg har vore mykje sjukemeld, ser du.

Ho tek ein pause. Det er tydeleg at ho skal fortelje noko personleg.

– Eg har kome til eit punkt der eg kan akseptere og prate om det, kjenner eg. Eg var heime i Seljord i fleire månadar for eit par år sidan med den klassiske kunstnar-diagnosen angst. Mamma og pappa kom og henta meg som ein personleg ambulanse. Det var vakkert. Sidan den gong har alt som er berre mitt eige vore litt tiltak, men eg skriv mykje. Så det kjem, forsikrar ho.

Lærer å leve med det vanskelege

I retrospekt er Marie glad for at ho gjekk gjennom det ho gjorde. Ho kom så mykje sterkare ut på andre sida.

– Då eg blei fullt sjukemeld var ikkje pyskisk helse så mykje snakka om. Eg hugsar nokon sa at eg kunne skulde på noko fysisk, som vondt i kneet. Men eg ville ikkje det. Eg var sjukemeld fordi eg sleit psykisk. Det er så synd at det ikkje var greitt då. Heldigvis har det blitt betre.

Dei vonde kjenslene dukka opp då ho var seksten. Etter kvart som dei har blitt sterkare har Marie tenkt at ho skulle bli friskare av å halde det inne.

– Men det er jo heilt motsett. Det tok hardt tak då det fyrst kom, men det var godt at det skjedde no og ikkje seinare. No lærer eg å leve med det.

Plutseleg er Marie tilbake i Oslo etter ein heilt naudsynt pust i bakken heime i Seljord. Ingenting gjev meining. Alt blir gjort litt halvvegs, energien rekker ikkje til. Med eitt unntak.

– Med musikk så var det ikkje slik. Det kunne eg gå inn i fullt og heilt, og gløyme verda rundt. Utan speling føler eg meg heilt underernært. Det er musikk som alltid gjev meining.

Ho fortel at ho føler seg tøff. Ho har aldri vore open om angsten offentleg før.

– Dei nære meg veit det, sjølvsagt, men det er ikkje slikt ein flaggar på butikken i Seljord. Eg synest det er bra å fortelje dette. Når eg er heime til jol og nokre folk har eit glansbilde av korleis livet mitt er i slike periodar som no, så kan dei vite at ting ikkje er svart/kvitt.

Men Marie fekk overveldande mykje forståing og støtte frå folk rundt seg.

– Særleg frå bandet så betydde det mykje. Dei respekterte og aksepterte at eg måtte stoppe opp. Eg er ein samvitsperson, så eg kjente mykje på det. Då var det fint å tenke på at eg kunne sleppe det litt. Det var godt at eg ikkje var i Oslo òg, for då kunne eg ikkje vera med på noko. Eg tok éin dag om gongen.

– Gode vener var utruleg viktig. Særleg éi frå Seljord, som eg eigentleg ikkje hadde hatt så nær kontakt med tidlegare. Då ho høyrte at eg var dårleg ringte ho meg og spurte rett ut kva som skjedde. No er ho mi næraste venninne.

Det går opp for underteikna at Marie har litt ekstra mykje å vera stolt av når ho ser seksarane i avisene.

– Denne innspelinga skjedde for eitt år sidan, og den var noko av det fyrste eg kasta meg ut i då eg begynte å føle meg frisk.

– Rett frå vond periode til seksar på terningen?

– Ja, faktisk, ler Marie.

– Det må du vera stolt av.

– Ja, det må eg.

Marie og mamma

I dei nye (førebels hemmelege) prosjekta sine, fortel Marie at ho vil skrive om det ho var gjennom. Saman med mamma.

– Eg er så heldig at eg skriv mykje med mamma. Me har begynt å skrive litterært så smått òg, og eg gler meg veldig til å vise dette når det blir modent. Det er mykje spennande på gang.

Mamma Anna Maria Kristin Tveiten var redninga då ting var mørke. Det var mykje å jobbe seg gjennom, og Marie var heilt avhengig av støtta hennar.

– Ho er så god å prate med og me tenker så likt om så mykje. At me no skriv om denne opplevinga saman er terapi for oss. Ein føler at ein vinn litt over tankane.

Det er dagen før den store releasekonserten. Marie har feber, men ho gler seg. Ho trur adrenalinet kjem til å fjerne hosten. Og så kjem mamma.

– Eg gler meg veldig. Eg trur det blir mykje folk, og eg ser på det som ei feiring av oss sjølve. Eg gløymer litt at det er ein konsert, men eg har som regel litt nervar. Dei gode omtalane gjorde det litt ekstra skummelt. Eg tenker at me verkeleg må innfri etter så gode anmeldelsar, ler ho.

Og det gjorde dei skal eg fortelje dykk.