Gje meg George Michael!

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 29.04.2020 13:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På vidaregåande hadde eg ein nesten manisk juletradisjon der eg høyrte på Last Christmas på repeat kvar einaste morgon, medan eg åt klementiner til det nesten taut ut øyrene mine. Det var liksom den einaste julesongen som talte til meg – kanskje med unnatak av Fairytale of New York og Driving home for Christmas.

Repeatknappen er heldigvis eit tilbakelagt kapittel, men eg merkar at hjartet mitt framleis brusar litt når Wham! dukkar opp i den tilfeldig valte julespelelista på Spotify. Eg skal ikkje skryte på meg å hugse noko særleg av 80-talet, men det er noko med den uironiske teksta og lyse lette tonen til George Michael som får meg til å lengte tilbake.

Ikkje minst gler eg meg til neste års supersupperomantiske julestorfilm som er basert på den klisjefylte, men åh så søte musikkvideoen:

Lengta er kanskje ekstra sterk i år som avdanka handballspelarar og oppmersomheitssjuke reality-kjendisar som Frank Løke har kasta seg på julesongtrenda med det me berre kan håpe og be om at er eit ironisk bidrag.

Då Wham! gav ut Last Christmas i 1984 nådde dei andreplass på hitlistene i Noreg og i år ligg klassikaren igjen på ein fin nummer tre på Spotify si Topp 50-juleliste i Noreg. Sidan George Michael sin song kom ut same året som Band Aid-suksessen Do they know it’s Christmas, nådde han ikkje heilt opp på toppen av listene. Men i likheit med Band Aid gav Wham! overskotet til veldedigheit.

Kjenner du att desse engelske julesongane på nynorsk? Prøv deg på quiz!

I år må Wham! sjå seg slått av juleprinsessa Mariah Carey og det me må innsjå er Noregs nye julekonge og -dronning: Erik Follestad og Linni Meister.

(Her vurderte eg å lime inn videoen, men det hadde vore enno ei juletragedie.)

Juletragedien toppar ikkje berre Spotify si juleliste, men òg den tradisjonelle VG-lista. På tredjeplass ligg Nå er det jul med The sPlayers, Murdocks, Herman Dahl, Isabelle Eriksen, Agnetesh og Stina Talling…(puh!) I tillegg har russelåtprodusent TIX vorte løna med ein femteplass for Håper nissen har råd, som handlar om ei ynskjeliste like lang som eit vondt år.

Heldigvis er det framleis eit ganske stort gap mellom Last Christmas sine 373 millionar videoavspelingar på Youtube og Juletragedien sine i overkant av 645 000.

Rein Alexander har allereie vore ute i på NRK og kalla den nye musikken «dritt», noko som er vanskeleg å protestere mot.

Er du ein av dei som boikottar julemusikken, eller synest det er for tidleg å ta han fram? Her er vekas musikk-tips frå Jon Olav!

Eg reknar med at den eldre generasjonen ikkje var særleg glade for supperomantiske Wham! eller Mariah Carey då dei meldte sitt inntog i julekatalogen, men eg ber til høgare makter om at kombinasjonen av russe- og julelåter er ei raskt forbigåande trend.

Det er så uendeleg usjarmerande å forholde seg ironisk til vår varmaste og næraste tradisjonsfeiring. Eg vert i alle fall mykje gladare av å høyre på pompøse og ektefølte juletekstar, enn dei som dreg feiringa ned i dragsuget til russefylla.

Så ver så snill, gje meg George Michael, romantikk, kjærleik og bjelleklang – berre ikkje som Freddy Kalas.

For gamal seier du? Treng du nokon til å bringe litt Wham! inn i 2018. Høyr berre på Robyn:

Eller den norske rap-duoen Snow Boyz <3