Noreg fell fem plassar på miljørangering

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Miljørangeringa Climate Change Performance Index (CCPI) baserer seg på kontinuerleg overvaking av klimapolitikken i land, og er eit konkret verktøy for å følgje opp Parisavtalen.

Miljørangeringa i år vart lagt fram på FNs klimakonferanse i Katowice i Polen måndag.

CCPI har følgt klimainnsatsen i land sidan 2005. I fjor vart Noreg plassert som nummer sju, men trass i gode prestasjonar i kategoriane for fornybar energi og klimapolitikk, fell Noreg fem plassar på rangeringa i år.

Det skuldast at Noreg ikkje har nokon obligatoriske tiltak for energieffektivitet i oljeindustrien, noko som har ført til auka utslepp etter fleire år med nedgang. Ekspertar kritiserer òg Noreg for å ikkje ha nokon plan etter oljen, og at landet framleis investerer mykje pengar i industrien.

Les også: – Noreg kjøper seg fri frå utsleppskutt gjennom å pakka det inn som bistand og klimatiltak

Ingen pallplassar

Ingen land vart rangerte topp tre, sidan ingen land vart funne gode nok i alle kategoriane. Sverige, som er plassert som nummer fire, toppar dermed lista i år igjen. FN som heilskap steig frå 21. til 16.-plass.

Tyskland fall frå 22. til 27.-plass grunna kolindustrien sin, som er ei stor kjelde til klimagassutslepp. USA fall òg tre plassar frå 56. til 59.-plass på grunn av høge utslepp og dårlege klimapolitiske vurderingar. Saudi-Arabia er på botn av lista.

Les også: Reiselysta til nordmenn er ein trussel for Noregs klimamål