Billegare på bussen i Hordaland til neste år

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Med budsjettvedtaket for 2019 legg fylkeskommunen opp til å vera ein pådrivar i arbeidet med å redusera klimagassutslepp. Det mest effektive klimatiltaket er å få fleire til å reisa kollektivt, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun i ei pressemelding.

Det vert takstfrys for periodekort for born og ungdom i 2019. Periodekortprisen for born vert som no 365 kroner og det same vert prisen på ungdomskort. Prisen på periodekort for studentar vert 460 kroner, ein reduksjon på 25 kr i høve til noverande pris.

10 millionar til meir buss og bybane

For born opp til seks år vert det gratis å reisa kollektivt. Aldersgrensa for barnebillett vert auka frå 16 år til 18 år. Prisen for periodekort for vaksne i ei sone vert sett ned til 780 kroner, ein reduksjon på 30 kroner i høve til i dag.

Dei nye takstane vert gjeldande frå 1. februar 2019. Takstane for reiser med båtar og ferjer aukar med 2,7 prosent.

Det blir òg sett av 10 millionar kroner til fleire avgangar for bussane og Bybanen i Bergen.

Les også: Store forskjellar i studentprisar på årskort