Oslo dårlegast på gjennomføring av vidaregåande skule

Årets skulebidragsindikator viser store sprik mellom fylka i landet og kvar enkelt skule. Oslo sikrar seg jumboplassen, mens Hedmark toppar målingane.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er store variasjonar mellom fylka, og store skilnader mellom skulane i same fylke. Det er viktig å vere open om resultata, slik at skuleeigarar kan sjå seg sjølv i korta og bli betre, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H).

Årets skulebidragsindikator for 2017 er klar, og kvar enkelt vidaregåande skule kan sjekke korleis dei ligg an med å få elevane gjennom utdanninga.

Les også: Mange elevar synest vidaregåande er for lik ungdomsskulen

Oslo jumbo

Den vidaregåande skulen i Oslo er i snitt blant dei dårlegaste i landet når det gjeld å få elevane til å gjennomføre utdanninga med karakter i alle fag.

Snittet av alle skulane med studieførebuande program i kvart fylke viser at Hedmark ligg øvst på indikatoren over elevar som har bestått i alle fag. Vidaregåande med studieprogram i Oslo, Rogaland, Vest-Agder, Aust-Agder og Vestfold, saman med Finnmark, ligg under landssnittet.

Når det gjeld yrkesførebuande utdanning, ligg dei vidaregåande skulane i Hedmark også her øvst samanlikna med landssnittet. Deretter følgjer Sogn og Fjordane og Oppland. Oslo scorar dårlegast, rett under Vestfold.

Les også: Rekordmange fullfører vidaregåande, men Nord-Noreg heng etter

Sjekk skulen din

– Eg forventar at skulane bruker undersøkinga til å lære av kvarandre, og tek tak i eigne utfordringar, seier kunnskaps- og integreringsministeren.

Resultata for kvar enkelt skule blir lagt ut i Skoleporten. Skulebidragsindikatoren viser kva elevane får av karakterar og kor mange som gjennomfører vidaregåande. Dette er justert mot utdanningsbakgrunnen til foreldra og ein del andre sosiale variasjonar.

Les innlegget: Karakterfri kvardag – også i den vidaregåande skolen