Olav H. Hauge skreiv Noregs beste dikt

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Det er den draumen» blei sundag kveld kåra til Noregs beste dikt gjennom ei kåring på NRK.

Diktet til Olav H. Hauge var blant seks finalistar og fekk 34 prosent av sjåarrøystene. På plassane bak kom «Du må ikke glemme» av Arnulf Øverland og «Ord over grind» av Haldis Moren Vesaas.

LES OGSÅ: Fortel Olav H. Hauge sanninga?

Nominert med to dikt
Olav H. Hauge var den einaste forfattaren med to dikt i finalen. Det andre diktet var «Kvardag».

– Det er svært gledeleg at Hauge har ein slik posisjon i det norske folk, både blant unge og gamle, seier Geir Netland (bildet), dagleg leiar ved Hauge-senteret.

Hauge-senteret er det einaste lyrikksenteret i Noreg. For vel éi veke sidan samla Poesifestivalen deira rekordmange gjester.

– Me vil bruka posisjonen til Hauge til å formidla ny lyrikk i nye former. Difor er det ekstra gledeleg for oss at dette er med på løfta lyrikken generelt sett, seier Netland.

Han rosar NRK for å bruka fem timar av sendeskjemaet på NRK2 til dikt.

Blei tatt i mot som rockestjerne
Olav H. Hauge er blant dei meste folkekjære diktarane med har, og fekk også sjølv oppleva stor åtgaum.

I 1972, då han deltok på Vise- og lyrikkfestivalen i Haugesund, var det mange tusen som høyrte han framføra dikta sine. Totalt skal det ha vore 18 000 deltakarar på festivalen.

– Det som er interessant å sjå, er at han i starten er litt usikker på publikum. Det var høg hippiefaktor der, og Hauge var nok spent på mottakinga. Men etter kvart får han ei enorm respons, og du kan sjå at han blir gripen av situasjonen. Det var nok stort å få oppleva for han, seier Geir Netland.

QUIZ: Kva veit du om Olav H. Hauge?

Faktaboks

Her er vinnardiktet:

Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje –
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um