3. desember – gratulerer med dagen!

Tamarin Varner, leiar i Noregs Handikapforbunds Ungdom
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Noreg teikna under på FN-konvensjonen om menneske med funksjonsnedsetjingar i 2007. Det viktigaste med konvensjonen er å sikre at menneske med funksjonsnedsetjingar har like moglegheiter til å realisere sine menneskerettar, i tillegg til å bygge ned hinder som gjer dette vanskeleg. Med konvensjonen i handa skal vi knuse diskrimineringa. For funksjonshemma i Noreg blir framleis diskriminerte.

Diskriminering av funksjonsnedsette skjer på bussen, i handlegatene, på skulane, på universitetet og i arbeidslivet. Manglande universell utforming stenger menneske ute. Nokre gongar kjem ein ikkje med bussen eller toget i det heile tatt. På torsdag kunne vi lese om Birgitte, som måtte vente ein halvtime i iskulda fordi toget ho hadde tenkt å dra med ikkje kunne ta henne om bord.

Med konvensjonen i handa skal vi knuse diskrimineringa

Av same årsak kan det vere umogleg å kome inn i butikkar, barar og kafear. Dei er bygd ut ifrå ein tanke om at funksjonsnedsette er pasientar og heimesitjarar. Men vi er kundar som ser etter klede og går på kafé som alle andre. I fjor måtte ein av medlemene våre gi opp jusstudiet på UiO, fordi dei nekta å installere ein elektrisk døropnar. Ein bagatell som gir alvorlege konsekvensar. For når du blir ekskludert frå moglegheita til utdanning, blir du òg ekskludert frå moglegheita til å arbeide og bidra til samfunnet på lik linje med andre.

Konsekvensen av dette er at mange funksjonsnedsette får dårlegare økonomi. Dette bygger opp under myten om den funksjonshemma som fattig og stusseleg. I sommar kunne vi lese om funksjonsnedsette med god økonomi, som braut med folks førestillingar. Dei køyrer BMW og Tesla, og parkerer på HC-plassar. Folk vart sinte og irriterte. Nokre regelrett skjelte ut sjåførane. Folk trudde ikkje at ein med funksjonsnedsetjing hadde råd til å kjøpe seg ein staseleg bil – sjølv om det er noko mange nordmenn gjer. Men dei vart nøydde til å ete opp orda og haldningane sine. For ut av millionbilen steig en funksjonshemma, tok fram den manuelle rullestolen frå passasjersetet og rulla av garde mens han rista på hovudet.

For funksjonshemma i Noreg blir framleis diskriminerte

Heldigvis ser vi òg mange lyspunkt. Kunnskapsdepartementet ønsker å tydeleggjere rettane til studentar med funksjonsnedsetjingar, og lovfeste at kvar utdanningsinstitusjon skal ha eit studentombod. Ein anna viktig siger denne hausten er at regjeringa går inn for å utgreie korleis brukarstyrt personleg assistanse (BPA) kan bli det verktøyet for likestilling og inkludering som det var meint å vere.

Det er styrken som ligg i å organisere seg, å jobbe målretta saman, å vise at vi står i ein brei front for å sikre alle sin fridom og rettar. Ikkje fordi ein har ei funksjonsnedsetjing, men fordi ein er eit menneske.

God 3. desember!