Kvar er dei kvinnelege produsentane?
På elektroLOUD får jenter i alderen 14-37 år læra å produsera sin eigen musikk, slik at dei kan ta makta tilbake.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Den var kul, sjølv om den var litt sånn mørk. Eg likte at det vart ein heilt anna sjanger.
Ein av deltakarane på ElektroLOUD har brukt ein remixpakke av Katy Perry-låta E.T. til å laga eit «spooky» uttrykk, som fell i smak i rommet.
Alle har same utgangspunkt, men det låter svært ulikt når dei kjem fram med Macbookane sine og speler av sine nyutvikla sekund etter tur.
Nokon er på veg mot ein «syk drop», nokon har fått til cello-liknande lydar, nokon har nytta vokal chops og ikkje alle er heilt sikre på kva som førte til suksess. Kan det ha vore ekkoeffekten som gjorde utslaget?
Over tre helger i oktober, november og desember får jenter i alderen 14-37 år læra å produsera eigne beats og elektrolåter, prøva ut programvare og leika med synthar og kontrollarar.
Les også: Artiststipend til Thea Hjelmeland og Hanne Kolstø
Allmakt
Historia om kvinner i produsentstolen er alt anna enn lystig, sett frå eit likestillingsperspektiv. I 1975 var første gong ein delte ut Grammy i kategorien årets produsent, ikkje-klassisk. Ingen kvinner har nokon sinne vunne prisen. Ei handfull kvinner har vore nominert for å produsera eigen musikk, medan Lauren Christy i produksjonsselskapet The Matrix er einaste kvinne som har vore nominert for å ha produsert for ein artist.
Det skriv Billboard, som tidlegare i år stilte spørsmålet: «Where are all the female music producers?»
– Me vil jo ha fleire kvinnelege produsentar og fleire kvinner som produserer sin eigen musikk, seier Sofie Søndervik Sæther, prosjektleiar i LOUD! Jentenes bandleir.
Kvar sommar arrangerer dei musikkleir for jenter som har lyst å jobbe med band og låtskriving. Deltakarane har vorte rettleia av musikarar som Bendik, Hayley Shea i Sløtface, Kaja Gunnufsen, Razika, Farao, Frk. Fryd og Sandra Kolstad.
I fjor var første gong dei arrangerte elektroLOUD, som dei i år har utvida med ei øvingshelg og fylt opp til randen med 12 deltakarar.
Ifølgje Sæther er det viktig å få jentene inn på produksjonssida slik at dei både kan ha styring over eigen musikk og vera med å avgjera kven som får gje ut musikk.
– Produsentrolla i musikkbransjen har blitt så viktig, fordi ein vert den som har makt over kven som får sin musikk frå dei skissene ein lagar heime og ut i verda, understrekar Sæther.
Les også: Datarakel er einaste jenta i klassen
Lydjakt
– Eg høyrer eigentleg masse på mannsartistar. Eg burde høyra meir på kvinner òg, svarar Solveig So-Sun Garen (17) på spørsmål om kven som er hennar musikalske førebilete.
Ho tek ein kort lunsjpause med mellom anna Jaqueline Biglary, som synest det hadde vore kult om fleire jenter lærer seg å produsera musikk.
– Eg har veldig mange gutevener som driv med musikkproduksjon, men eg kjenner ingen jenter som gjer det, seier 22-åringen frå Oslo.
Og det skal ikkje stå på engasjementet til jentene. Dei kastar seg inn i oppgåver der dei loopar Katy Perry, før dei etter matbiten vert kasta ut av lokalet for å finna naturlege lydar.
Ho som jobbar som vaskedame men drøymer om å bli Noregs neste Kygo – Miriam Rønjom – har fått med seg Solveig So-Sun Garen. Dei to jentene smeller med jernportar, ringer med sykkelbjeller og jublar når dei får opptak av sirener.
Miriam pirkar i plastikk og festduskar på Nille, før dei går vidare til H&M der Solveig klakkar med høghæla sko.
Ta kontroll!
Deltakarane får kyndig rettleiing av musikarane Vjolla Emiri (26) og Vilde Nupen (30), som har brei erfaring med å produsera både eigen og andre sin musikk.
Emiri ser ofte at kvinnelege vokalistar gjev ansvaret til «gutta i bandet» for å laga eit arrangement rundt sitt eige produkt
– Om du har visjonen, men ikkje nødvendigvis klarer å laga det sjølv, så mistar du veldig mykje av kontrollen, forklarar 26-åringen.
Ho håpar difor at jentene på kurset lærer seg å kommunisere betre musikalsk sett, slik at dei kan vidareformidle visjonen sin på ein mest mogleg presis måte og ta kontroll.
– Eg trur det er veldig viktig at jenter tør å ta den plassen, understrekar Emiri.
Ho får støtte av Vilde Nupen, som har vore med å utvikla pedagogikken og heile prosjektet. For Nupen er det særleg viktig å skapa eit trygt rom der deltakarane kan prøva og feila med fokus på det kreative.
– Det er fint å fjerne heile det kjønnsaspektet, der ein kanskje ikkje tør å spørja om ting. Etter mi erfaring er det gutane på skulen som tek ordet og står fremst når noko vert demonstrert. Me er så høflege og må vera så veldig sikre på dei tinga me gjer før me gjer det, seier Nupen, som skulle ynskje ho hadde eit tilsvarande tilbod då ho starta.
Frå Øya til miksebordet
Deltakarane er alt frå ivrige nybyrjarar til etablerte musikarar. I sommar stod Hayley Shea og bandet Sløtface på scena under Øyafestivalen i Oslo og oppmoda jentene om å kasta seg inn i ein «girls only»-moshpit.
I dag sit 24-åringen med headset og konsentrerer seg djupt om produksjonsprogrammet Ableton.
– For meg som jente hadde det berre vore digg med fleire kvinner i studio og rundt studio for å ikkje føla seg så annleis eller åleine i den rolla, seier Shea, som ikkje kjenner til mange kvinnelege rockeprodusentar.
Les også: Likar din stortingsrepresentant Beyoncé?
Trygt rom
Vanlegvis komponerer Sløtface-vokalisten musikk saman med dei andre bandmedlemmane, men redigeringsprogrammet gjev ho moglegheita til å gjere alt sjølv.
– Eg synest det er sykt digg at me er berre…ikkje gutar. Eg speler berre med menn og har berre jobba med produsentar som er menn. Eg er ikkje redd for å spørje dei om ting, men det er likevel ei anna greie å starte med berre andre jenter som heller ikkje har prøvd dette før, seier Sløtface-vokalisten.
Her er det nemleg slik at alle startar på botnen og ingen spørsmål er dumme.
Akkurat det trur bassist i Razika, Marie Moe, er kjempeviktig.
– Det følast kanskje litt tryggare å vere saman med ein stor gjeng som alle er litt i same båt. Det følast trygt og ein tør å vise fram ting utan at det vert veldig skummelt, seier 27-åringen frå Bergen.
elektroLOUD
- Vart arrangert som eit prøveprosjekt i 2017
- ElektroLOUD vert arrangert av den ideelle musikkorganisasjonen JM Norway, som jobbar for å gje unge, norske musikarar tilgang til internasjonalt musikkliv
- I tillegg vert ElektroLOUD arrangert i samarbeid med Agenda X, som er Antirasistisk senter sitt ungdomsprosjekt