Datarakel er einaste jenta i klassen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det fins jo såklart kvinnelege produsentar. Men det er mange færre av dei, så ein ser dei ikkje, seier Rakel Nystabakk.

27-åringen frå Sørfold i Nordland er i gang med andreåret på ein bachelorgrad i utøvande musikk – laptop. Studiet starta opp på Universitetet i Agder i 2013. I dag er Rakel ein av 24 elevar som tek ein bachelorprogrammet.

– Det er ikkje fleire kvinnfolk, stadfestar ho.

Heller ikkje blant dei ti som var ferdige til våren i år, eller blant dei som no har starta på det ferske masterprogrammet, var det nokre jenter.

LES OGSÅ: Musikkvitar:  – Musikklivet er påfallande mannsdominert

Sigurd Køhns hus
For Rakel er det ikkje noko nytt å vere kvinne i eit mannsdominert miljø. Då ho tok ei halvårseining i musikkteknologi på Universitetet i Tromsø var ho éi av to jenter i klassen.

– Når folk ser ei jente som ber rundt på kablar og mikrofonar, så blir folk veldig imponert med ein gong. Berre det at du skjønar kvar den kabelen skal inn. Ein har liksom ingen forventning om at ei jente skal kunne det, forklarar Rakel.

Ho skjønar ikkje heilt kvifor det er sånn, men trur det har samanheng med at ein ser flest mannlege produsentar.

Me møter musikaren, som først byrja å studera klassisk trompet i Tromsø, på Universitetet i Agder. Ho sit i studio i kjellaren i Sigurd Køhns hus, som er oppkalla etter den lokale jazzsaksofonisten.

Her lagar Datarakel det ho kallar elektroakustisk musikk, noko som vil seie at ho spelar inn med akustiske instrument i studio. Ho bevegar seg meir i samtidsmusikken enn i popmusikken, men lagar òg ein del heilelektronisk musikk der ho sjølv syng.

Høyr verdas første poplåt komponert av kunstig intelligens!

Rakel Nystabakk jobbar i Pro Tools med låta «Trall». – Vokalen vart så fæl at eg må ta det på nytt, smilar ho.

Hellar Kari enn Kygo
– Folk spør: «Skal du bli Kygo?» Det er veldig få samtalar der ikkje han er nemnt. Folk tenkjer ikkje på at du kan laga kva som helst. At det er meir enn det ein høyrer på P3 akkurat no. Folk har jo laga elektronisk musikk i 60 år – minst.

– Eg tenkjer veldig lite på Kygo. Minst mogleg. Eg trur ikkje det er så mange som tenkjer på Kygo når dei høyrer det eg lagar, seier Rakel, og legg til: 

– Men det er mange her som tenkjer på Kygo.

– Kven er dine musikalske førebilete?

– Eg har vakse opp med Kari Bremnes. Det er litt komisk og det er ingen sørfrå som skjønar det, men ho er framleis ein av dei viktigaste, ler Rakel.

Vidare trekk ho fram folkemusikar Kristin Bråten Berg og samtidskomponist Maja Ratkje.

– Er det tilfeldig at du berre nemner damer, eller er det fordi me snakkar om det?

– Det er på ein måte tilfeldig, men eg trur ikkje det er heilt tilfeldig heller. Det er noko med at ein ser opp til. Det ligg kanskje litt nærare å sjå opp til og samanlikne seg med kvinnelege artistar og låtskrivarar. Men eg er sjølvsagt bevisst på det, når eg er den einaste. I mange situasjonar så er eg jo den einaste – eller éin av få. Det er ikkje så mange kvinnelege komponistar som har den same statusen som dei mannlege, så ein blir litt ekstra oppteken av det.

LES OGSÅ: – Vi må endre måten vi skriv om kvinner og musikk

Professor ved Institutt for rytmisk musikk Jan Bang meiner musikk er viktigare enn kjønn, men tek kvinneunderskotet ved laptopstudiet på UiA på alvor. Foto: UiA

På veg inn i guterommet
Ingen av førelesarane på laptopstudiet er kvinner, men Universitetet i Agder har no ei ledig stilling der dei gjerne skulle hatt ei dame.

– Kvinneandelen er ei utfordring. Det tek me superseriøst. Det handlar om korleis me kan leggje til rette for å trekkja til oss norske og internasjonale, seier Jan Bang, professor ved Institutt for rytmisk musikk.

Han prisa seg difor lykkeleg då Rakel i fjor kom inn som første og hittil einaste jente på studiet.

– Eg tenkjer ikkje kjønn, men enkeltindivid. Likevel skal ein skal vere oppteken av den kjønnsbalansen, slik at ein legg til rette og treff potensielle kvinnelege søkjarar. Så der har me ein jobb å gjere. For det med elektronisk utstyr har vore ein litt sånn guteromting. 

Internasjonalt og særleg innan kunstmusikken er det ifølgje Bang fleire gode kvinnelege førebilete, som føregangskvinna Laurie Anderson.

Her heime nemner han Maja Ratkje. Ho har sjølvast delteke på Punkt-festivalen, ein elektronisk festival der som Bang har vore med å arrangere i ei årrekkje.

Likevel må musikkprofessoren medgje at elektronisk musikk framleis er veldig mannsdominert.

– Eller gutedominert, for det er jo ofte veldig unge gutar som utmerkar seg.

Bang meiner kvinnerolla i pop og rock lenge har vore frontfiguren, men at fleire skolerte kvinnelege musikarar tek grep om heile prosessen. Her meiner Bang at institusjonar som UiA, jazzlinja i Trondheim og Musikkhøgskolen i Oslo spelar ei viktig rolle. Sistnemnde kan til dømes skryte av å ha utdanna Highasakite.

– Susanne Sundfør og Jenny Hval er musikarar som er van med å ta grep om det gamle guteromsutstyret, som ikkje lenger er berre for gutane, seier Bang.

Han meiner likevel det vil ta tid å endra haldningar i samfunnet, som både kvinner og menn er vekse opp med.

LES OGSÅ: Bli med på LOUD – ein bandleir for jenter!

Rakel Nystabakk er ein allsidig musikar, som i tillegg til elektronisk musikk skriv for store ensemble og sceneoppsettingar. Draumenno er å satsa vidare på teatermusikk.

Kabelstrekkar
På turné med Den kulturelle skulesekken har Rakel vore ute for ein vaktmeister, som konsekvent vende seg mot den mannlege skodespelaren for å svara på Rakel sine spørsmål om straum og ampere.

– Slike ting opplever ein heile tida. Der tenkjer eg at ein må berre insistere, så går det over til slutt. I mange slike tilfelle handlar det om å bli vant til å sjå det. Å bli van med å forholda seg til kvinnelege teknikarar, komponistar, dirigentar, produsentar og så vidare.

Rakel synast å kunne spora ei litt betre kjønnsfordeling blant lysmeistrar og sceneteknikarar.

I oktober er Rakel ute på turné med Hålogaland teater som set opp stykket «Snakk for deg sjøl» – som tek for seg fråfall i vidaregåande skule.

– Ein får gjerne litt ekstra merksemd. Eg tenkjer jo på at eg kanskje er den første kvinnelege teknikaren nokon ser. Så ein blir litt ekstra bevisst på at ein er ein slags ambassadør. Ein blir litt sta og ekstra bevisst på at ein skal bære sjølv.

LES OGSÅ: Razika om stempelet som jenteband

LES OGSÅ: Kristian (24) har laga sitt eige Kinect-piano

Høyr musikken til Datarakel her: