– Dei har undervurdert oss skikkeleg

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha fleire jenter i band

 – Det er så mange å sjå opp til, men det er så mange som ikkje får den merksemda dei fortener fordi dei er jenter, seier Caroline Wilson Iglebæk.

15-åringen frå Kristiansand har vore på LOUD-camp alle tre åra det har vorte arrangert i Noreg.

LES OGSÅ: Mennene dominerer radiomusikken

Svensk modell
På Haugetun folkehøgskole utfor Fredrikstad vert ein i sommar møtt med mykje musikk. Ute i sola kjem ei av dei unge bandleiarane gåande med ein ukulele.

Det er sommar og festivalsesong, og tid for det evige mantraet om kvar er dei kvinnelege musikarane.

På LOUD – Noregs største bandleir berre for jenter tek dei problemstillinga ved rota.

Leiren vert arrangert av organisasjonane AKKS og JM Norway og er inspirertavdet svenske prosjektet Popkollo. I løpet av to vekelange leirar samlast kring 50 unge jenter i alderen 11-17 år for å stifte nye bekjentskap og band.

Målet er byggje sjølvtillit og musikkinteresse hjå unge musikkinteresserte jenter frå heile landet. Gjennom ei intens veke fylt med låtskriving, bandøvingar og besøk frå nokre av landets fremste musikarar får dei eit innblikk i korleis det er å vere musikar – anten du står i front eller sit bak eit trommesett.

Her er det ikkje fokus på kvinneleg trommis eller jenteband, men å ha det gøy med musikk og lære heile prosessen – frå det musikalske og tekniske til det å promotere seg sjølv gjennom bandbilete og t-skjorter.

LES OGSÅ: – Aktørane sitt soleklare ansvar


På leiren får bandet Vaniljesaus og dei andre ta bandbilete i tillegg til å laga eigen musikk. Foto: LOUD

Jenteteknikk
I øvingsrommet til det nystifta bandet Vaniljesaus må øyreproppane i før låta «Peeing in the shower» ljomar ut av høgtalarane.

Men sjølv med vitjing av gode førebilete som Fay Wildhagen, Razika og Slutface merkar jentene at ikkje alt er som det skal i den norske musikkbransjen.

– Det har blitt litt sånn at jenter står foran mikrofonen og dei veit ikkje korleis dei skal kopla ein gitar i sin forsterkar, eller dei veit ikkje at ein leidning er ein jack eller at ein forsterkar er ein amp. Dei veit ikkje korleis dei skrur opp mikrofonen sin på eit miksebord ein gong, fordi det berre er masse knappar, seier Caroline, som får støtte av venninna Klara Hoff-Torgnesskar (14).

– Me kan jo like mykje som gutar kan om elektrisk utstyr, eg trur berre det har blitt til at dei har undervurdert oss skikkeleg fordi det gjennom historien alltid har vore slik at kvinner har vore undertrykte. Det sit igjen i musikken, men det er på god veg til å bli betre, meiner Caroline, som drøymer om å leve av musikk utan å vere frontfigur i eit band.

Bassisten får ofte spørsmål om kvifor ho spelar i band og om det i det heile teke er nok jenter til å starta eit band.

– Det er jo mange jenter som har veldig lyst, men musikkmiljøet i Noreg er berre ikkje slik enno, forklarar Caroline, som vonar det endrar seg.

LES OGSÅ: – Gi meg èin mann som kan konkurrera med melismane mine

Klara Hoff-Torgnesskar (14) frå Asker har med eigen gitar på LOUD
Gitarist Klara Hoff-Torgnesskar (14) drøymer om å starta band heime i Asker.

Fangirl og boyband
Òg Klara frå Asker har vore med på LOUD-leir før. Ho tykkjer det er kjekt å spela i band og verte kjent med nye folk.

– Eg har lyst å starta band, men så er det jenter som tykkjer det er gutete å spela trommer, så dei vil ikkje. Litt av greia med denne campen er å vise at jenter er like flinke til å synge og alt det der som gutar. Det denne campen går ut på er å gjere kvinnemusikk større i Noreg, forklarar Klara, som denne veka speler gitar i bandet #Rolf.

– Eg trur det på ein måte berre blitt litt sånn, at jenter høyrer meir på musikk og er meir fangirl enn det gutar blir, men jenter er jo like flinke som gutar, funderer 14-åringen.

LES OGSÅ: Fansen som slår belieberane

Fy Farao så Razika
I farta på veg ut treff Framtida.no Kari Jahnsen, som går under artistnamnet Farao. Ho er blant dei musikarane som kjem innom for å lære og inspirere ungdommane.

I fjor fortalde ho Framtida.no om kor viktig det er at òg unge jenter speler i band, for å jamne ut kjønnsubalansen som syner seg år etter år på norske festivalar.

– Dette er eit kjempefint arrangement, skryt artisten, som får støtte av Razika.

– Det hjelper med slike leirar som dette der jenter kan sjå at dei klarar å spele i band og at dei ikkje treng ein gut til å vera trommis. Mange jenter gir seg fordi dei tenker dei ikkje er flinke nok eller ikkje får moglegheita. Medan gutar tenkjer at me berre køyrar på og ser kva som skjer.  Jenter skal alltid perfeksjonere alt før dei vågar å visa det fram, så tipset me gjev er: Berre begynn og spel og helst spel saman, for det er mykje lettare å stå fire dustejenter på ein scene enn at ein står der åleine, seier Razika-trommis Embla Karidotter.

Razika
– Me var liksom outcastene på skolen som gjekk saman og laga Razika, fortel vokalist og gitarist Maria Råkil, som rår andre unge jenter til å ikkje vere redd for å visa seg fram.

LES OGSÅ: – Viktig å ikkje gløyme dei yngre

Dårleg kjønnsbalanse
Ein av dei som har engasjert seg høglytt for likestillinga i norsk musikkliv er P3-journalist Trine Sollie, som på oppdrag for prosjektet Balansekunst har vore med å utvikla nokre rettesnorer for korleis omtala kvinnelege musikarar med respekt. Trikset er å fokusera på musikk framfor kjønn.

Ho trur tiltak som LOUD-camp absolutt har noko føre seg.

– Kjønnsbalansen i norsk musikkliv er ikkje god nok. Det er flest menn i alle ledd, noko som er svært uheldig, slår Sollie fast, og utdjupar:  

– Då prioriterer dei menn og det vert færre kvinner som slepp til – det er enkel psykologi. Eg trur mange menn har litt vanskeleg for å sjå viktigheita av å betre kjønnsubalansen, fordi dei ikkje sjølv har kjent på kroppen at det ofte kostar litt meir å vere ein del av minoritet.

Musikkjournalisten har tru på kvotering og viser til at det har vist seg vellukka i politikken.

– Det er jo slik at kvinner ynskjer å laga musikk. Då ser eg ikkje kvifor ein ikkje skal leggje til rette for det. Det handlar om å få ei truverdig spegling av samfunnet  –òg i kulturlivet.

Men sjølv om det framleis er flest menn i musikkbransjen gler Sollie seg over ei utvikling der fleire kvinner slepp til på scena. Og på LOUD får jentene prøve seg i trygge omgjevnadar.

– Mange unge jenter har behov for ein stad å jobbe med musikk, øve og vise seg fram utan gutta. Eg har vorte fortalt at ein del tykkjer det er kult å få vere i fred, i alle fall i starten, seier Sollie på telefon til Framtida.  


Musikkjournalist Trine Sollie meiner kjønnsfokuset gjev dårlegare musikkjournalistikk og tipsar om å bytte ut kjønn med hudfarge eller etnisitet, for å sjå kor rart det ser ut. Foto: Privat

Gode band – med kvinnelege musikarar
Prosjektleiar Sofie Søndervik Sæther (27) tykkjer det er mange grunnar til at det er behov for LOUD – jentenes bandleir.

– Ein openbar grunn er at det er færre kvinnelege musikarar i Noreg, dei som er får mindre jobbar og tener mindre pengar enn sine mannlege kollegaar, forklarar ho.

Prosjektleiaren meiner at betre rekruttering, å oppmoda unge jenter til å halde fram å spele og multiinstrumentalitet er nokre av tinga som kan betra kåra for kvinner i bransjen. Gode førebilete  er essensielt i ein alder der mange er usikre på seg sjølv og kva dei kan.

– Ein må normalisere det. Om ein vert van med å sjå kvinner i alle moglege roller så tenkjer dei jentene som vil halde på med musikk at det er normalt og at det ikkje er noko vanskelegare for dei å få konsertar. Så må ein ikkje tenkje at jentekvota vert fylt opp ved festivalar, me tenkjer at me skal ha gode band – og nokre av dei har kvinnelege musikarar.

LES OGSÅ: – Musikklivet er påfallande mannsdominert

Prosjektleiar i LOUD Sofie Søndervik Sæther
Informasjonsansvarleg JM Norway og prosjektleiar i LOUD Sofie Søndervik Sæther, meiner det er for mykje fokus på kjønn i musikken.

Balansegong
Sofie Søndervik Sæther meiner det er ein vanskeleg balanse å arrangere ein bandleir for jenter utan å fokusere på at dei er nettopp jenter.

– Me kallar det «LOUD –jentenes bandleir», medan journalistar ofte kallar det for ein jentebandleir. Heile omgrepet jenteband er utruleg meiningslaust for meg. Eg veit ikkje om det er ein sjanger som er jenteband. Det er noko med at det skal gå foran alt anna og at ein lagar ein eigen sjanger, som ikkje har noko med det musikalske å gjere, seier prosjektleiaren.

Som bandmusikar opplever Sæther oftare at folk er interessert i om det er eit jenteband, enn til dømes kva sjanger dei spelar, kva instrument ho spelar, om dei har gitt ut noko eller om det vert festivaljobbar.

– Eg tykkjer det framleis er mykje fokus på at jenter og kvinner sitt kjønn når dei speler. Det burde heller vore slik at jenter kan gjere kva som helst utan at det skal fokuserast slik på at det er så eksepsjonelt, men det er ein vanskeleg balanse, avsluttar musikaren, som vonar dei unge deltakarane ser alle moglegheitene som ligg i musikken – uansett kjønn.

Faktaboks

 LOUD – jentenes bandleir

Vert i år arrangert for tredje gong av AKKS og JM Norway

AKKS er ein idealistisk musikkorganisasjon som arbeider for å rekruttere, motivere og synliggjere kvinner i alle ledd av musikkbransjen.

JM Norway (Jeunesses Musicales Norway) er den norske seksjonen av Jeunesses Musicales International, verdas største internasjonale nettverk for unge musikarar.

For fyrste gong er leiren på Haugetun folkehøgskole utfor Fredrikstad

Leiren er open for musikkinteresserte jenter i alderen 11-17 år