Artiststipend til Thea Hjelmeland og Hanne Kolstø

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Stipendet skal brukast på nytt album som har fått tittelen Jue eit ord som eg brukte mykje då eg vaks opp i Sykkylven på Sunnmøre, seier Hanne Kolstø til Ballade.no.

Ho fortel vidare at ordet er brukt i barneleik for eit område som er ein friplass der ein ikkje kan bli «tatt» av motstandaren.

– Det er eit ord som minner meg på at musikken min skal vere eit friområde der alt skal vere lov. Det er viktig, seier songaren og låtskrivaren.

I 2016 gav den kritikarroste artisten ut si første plate på norsk, noko som tydelegvis har gitt meirsmak.

– Eg føler meg heilt enormt fri. Eg kjem nærare både meg sjølv og dei eg snakkar til, og det er så fint og så skummelt, fortalte Kolstø til Framtida.no den gong.

Samisk, blues og elektronika

Måndag vart det klart at ho er ein av seks artistar som får Artiststipendet 2018.

Dei andre fem som får eit stipend på 250 000 kroner kvar er: Thea Hjelmeland frå Førde, samiska Elle Márjá Eira, elektronikaartist Hans-Peter Lindstrøm frå Stavanger, bluesgitarist Amund Maarud frå Nes og black-metal-trommis Kjetil Haraldstad frå Øyer.

Artiststipendet vart delt ut første gong i fjor. Bak stipendet står Stiftelsen GramArts Fond for norske fonogramartister og Artistorganisasjonen GramArt.

I 2017 gjekk stipendet til mellom anna popkometen Sigrid Raabe, dialektyndling Daniel Kvammen, visesongar Erlend Ropstad, Highasakite-vokalist Ingrid Helene Håvik og Tor-Arne Vikingstad i Sløtface.

I år som i fjor vart det delt ut fleire stipend enn dei planlagte fire. Talet på stipend kan variere frå år til år avhengig av utbetalingane frå vederlagsorgaisasjonen Norwaco.

Les intervju med plateaktuelle Thea Hjelmeland: – Hadde eg ikkje vore artist, ville eg vore jordmor. Eg elskar fødeprogram

– Eg gjer alt sjølv: Er mitt eige plateselskap og manager, jobbar visuelt og lagar skisser til alle bilete og videoar, syr mine eigne kostyme, seier Thea Hjelmeland, no aktuell med tredjeplata «Kulla». Foto: Linn Stokkedal / Handout

– Eg gjer alt sjølv: Er mitt eige plateselskap og manager, jobbar visuelt og lagar skisser til alle bilete og videoar, syr mine eigne kostyme, seier Thea Hjelmeland, no aktuell med tredjeplata «Kulla». Foto: Linn Stokkedal / Handout

Juryen er imponert

Thea Hjelmeland seier til Ballade.no at ho er utruleg takksam for tildelinga.

– Dette stipendet gir meg betre tryggleik i ei satsingsperiode med nytt album og nye prosjekt. Stipendet skal brukast til fleire komande kunstnarlege prosjekt!

Styreleiar i GramArts fond Christian Wadahl Uhlen. Foto: Aksel Jermstad

I år vurderte styret heile 120 søknadar. I ei pressemelding skriv dei at det har vore krevjande å velje blant så mange gode søkjarar og at dei er «imponert over breidda, engasjementet og skapargleda blant norske artistar».

Styreleiar Christian Wadahl Uhlen forklarar at ei klar og tydeleg retning er det som har gjort at årets seks artistar skil seg ut.

– Dei har alle seks hatt personlege, sterke søknadar kor dei har klart å formidla viktigheita av sine unike prosjekt. Dette gjer at me forventar oss mykje av årets stipendmottakarar, seier han i pressemeldinga.

I utveljinga har styret tatt omsyn til spreiing i sjanger, kjønn og regional plassering.