Vil dette gjere menn overflødige i framtida?

mm

Unge gutar som får kreft, vert som oftast sterile av cellegiftbehandlinga. 10-15 år seinare vil mange stifte familie, og då treng dei hjelp frå bioingeniørar. Målet er at nedfrosne vevsprøvar, henta ut før behandlinga tok til, kan vere utgangspunktet for laboratorieproduserte spermceller.

Når forskarar i dag forsøker å lage sperm på laboratoriet, er altså ikkje målet deira å gjere menn overflødige. Kan det likevel bli konsekvensen?

60 dagar i ein bioreaktor
Ei fransk forskargruppe, leia av Philippe Durand ved bioteknologiselskapet Kallistem, har nyleg publisert det dei meiner er eit vellukka forsøk på å lage sperm utanfor ein menneskekropp, skriv New Scientist. Teamet nytta personar som hadde gjennomgått hormonbehandling som donorar, der det innsamla vevet likna pre-pubertalt testikkelvev.

Målet var å gjenskape den naturlege utviklingsprosessen (kalla spermatogenese) utanføre kroppen. I 60 dagar låg testikkelvevet i ein bioreaktor som inneheldt ein spesiell gelé, der celler frå testikkelvevet fekk utvikle seg til lange, einskilde spermceller.

– I denne studien rapporterer vi, for fyrste gong, at heile den menneskelege spermutviklinga kan bli utført utanføre kroppen, skriv forskarane i artikkelen, publisert i Biology of Reproduction.

For å kontrollere at spermcellene hadde utvikla seg korrekt, undersøkte teamet om utsjånaden såg riktig ut, og om cellene hadde fullført kjønnsdelinga. I berre 3.8 prosent av cellene såg forskarane teikn til korrekt utvikling av spermceller.

For to år sidan fekk fagfeltet eit sett med reglar som forskarane bør strekke seg etter før dei ropar om nye gjennombrot innan laboratorieproduserte sperm- og eggceller. Den nye “gullstandarden” er til for å dokumentere at cellene i laboratoriet har utvikla seg slik som forskarane påstår.

Sperm som duger
Eit tydeleg kriterium er at dei heimelaga sperm- eller eggcellene må kunne produsere levedyktig avkom. Dette har ikkje den franske forskargruppa rappportert om enno, noko som bekymrar kollegaene.

– Sjølv om eg synest studien er viktig, er ikkje påstanden om komplett human spermutvikling utanfor ein menneskekropp bevist i denne studien, seier Jacob Hanna ved Weizmann Institute of Science i Israel til New Scientist.

I følgje Durant i Frankrike, er slike forsøk på veg, saman med moglegheitene for oppstart av ein klinisk studie for å teste metoden med frivillige pasientar.

Early human embryos
Tidleg menneske-embryo, skapt etter kunstig befrukting.

Konkurranse mellom forskarane
Å forske på kjønnsceller på laboratoriet er ikkje fritt fram, men er underlagt strenge reglar, både frå myndigheitene og frå fagmiljøet. Det er også stor konkurranse mellom forskar frå heile verda, med ein intens kamp om å vere fyrst ute med nye gjennombrot.

I 2011 annonserte eit japansk team, leia av Takehiko Ogawa ved Universitetet i Yokohama City, eit vellukka eksperiment med å utvikle spermceller frå mus i laboratoriet. Ved hjelp av mikroinseminering testa Ogawa og teamet hans om dei heimelaga spermcellene kunne befrukte egg, og resultatet vart friske og fertile avkom.

Same året fortalte eit anna japansk team, leia av Mitinori Saitou frå Kyoto, om deira resutat med produksjon av spermceller. Teamet viste at ulike typar stamceller kunne brukast til føremålet, eit viktig steg på vegen vidare.

I vår kasta også eit kinesisk forskarteam, leia av Qi Zhou frå Beijing, seg på i konkurransen. Dei kartla ein komplett utviklingsprosess hjå mus, frå embryonale stamceller til funksjonelle spermceller.

Detaljane om kva som skal til for å lage spermceller på labben vert stadig meir presise. 

Treng vi menn i framtida?
Resultata viser at dei ikkje er lenge att før humane spermceller trygt kan produserast på labben. Saman med den rivande utviklinga av genteknologi og moglegheit for å endre genene i celler på laboratoriet, opnar dette for at kvinner i framtida kan klare seg utan menn (kvinner klarer seg sjølvsagt utmerka utan menn også i dag, men med tanke på forplanting er menn framleis nødvendige).

Sjå føre deg følgjande scenario for framtida: Ei kvinne gir frå seg nokre friske hudceller, som vert omforma til spermceller i laboratoriet. Spermcellene befruktar ei eggcelle, og det resulterande jentebornet får namnet Eva. Ho er starten på ein ny generasjon kvinner som klarar seg fint heilt utan menn.

Det er sjølvsagt ei rekke teknologiske og etiske utfordringar knytt til eit slikt scenario, men det er likevel ei av dei moglege tolkingane av den nye forskinga. Kva skal vi med menn om vi kan få sperm frå laboratoriet?

Svolten på meir forskingsnytt? Les også denne: Døgnrytmen påverkar forsvar mot virus

Og denne: Internasjonale forskarar er bekymra for langtidseffektane av zikavirus

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.12

LES OGSÅ

ANNONSE