Forskningsnytt: Ein genmodifisert baby, nordpolen og kyborgar

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fem høgdepunkt frå forskinga

Nyleg la det amerikanske National Academy of Sciences (NAS) fram ein rapport om genmodifisering av menneske. NAS tilrår at det skal bli lovleg å utføre genetiske endringar i menneskelege kjønnsceller og embryo, skriv Bioteknologirådet på sine nettsider.

Løyvet skal kun gjelde i dei få tilfella der genmodifisering er einaste måten å få eit born utan ein genetisk sjukdom. Endringane vil gå i arv og førast vidare til framtidige generasjonar. I Noreg er det ikkje lov å utføre slike endringar.

Amerikanarane vil ta i bruk den genetiske saksa CRISPR for å utføre presise endringar i arvestoffet i embryocellene. Teknologien kan vere aktuell for å korrigere genfeil som forårsakar Huntingtons sjukdom og cystisk fibrose. Begge desse sjukdomane skuldast kjente genfeil som det er mogleg å reparere.

Genmodifisering for å utføre endringar på elles friske embryo, til dømes for å auke intelligens eller muskelstyrke, er ikkje innanfor restriksjonane i tilråinga frå NAS.

Det er venta at tilråinga frå NAS vil føre til omfattande debatt i både fagmiljø og i samfunnet elles.

LES OGSÅ: Genredigering for alle!

 

Vil fryse nordpolen – treng 10 millionar pumper



Illustrasjonsfoto: Rob Oo/Flickr/CCBY 

Været på Nordpolen er ikkje som det pleier. I november 2016 var temperaturen heile 20 grader varmare enn normalt. Dette påverkar kor mykje vatn som frys, og får konsekvensar når sommaren tinar mykje av havisen..

No har ei gruppe forskarar frå Arizona lansert eit forslag om å ta i bruk 10 millionar vind-drivne pumper for å re-fryse nordpolen. Ved å pumpe vatn opp på isen, er målet å auke tjukkleiken på havisen med ein ekstra meter, og på den måten gi nordpolen ein betre buffer til å handtere dei temperaturendringane.

Forskarane melder at halvparten av sjøisen i havområda ved norspolen berre er 1,5 meter tjukk, så det å leggje til ein ekstra meter i løpet av vinteren vil kunne ha stor effekt.

– Lat oss vere ærlege – dette prosjektet er så stort, det kjem aldri til å skje i den noverande forma, skriv Science Alert, som understrekar at forslaget kanskje kan inspirere til handling istaden for passiv observasjon av klimaendringane.

LES OGSÅ: Rekordvarmt for tredje år på rad

 

Endå eit utryddingstruga dyr

Ein «raudrev på stylter» frå gras-slettene i Sør-Amerika er blant dyreartane som dei færraste har høyrt om, men som snart er borte. Arten er spesielt glad i frukt og har urin som luktar marihuana, men det er dei karakteristiske nakkehåra som har gitt den namnet mankeulv.

Sjølv om namnet hintar til at dyret er ein del av hundefamilien er ikkje mankeulven ein ulv, og den er heller ikkje ein rev. Arten skilde lag med utviklinga av ulvar og coyotar for 9-10 millionar år sidan.

No er arten utrydda i Uruguay, og sterkt truga i dei andre landa i det tropiske Sør-Amerika, skriv Earth Archives. Gras-slettene i Brasil vert fjerna til fordel for jordbruksområde, og om det held fram i same tempo vil 90 prosent av territoriet til mankeulven vere borte innan 2030.

LES OGSÅ: – Vi må redde primatane