Vert Taiwan det første landet i Asia som tillèt likekjønna ekteskap?

På laurdag skal folket stemme over fleire forslag om korleis landet jurdisk skal definere «ekteskap».

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 06.02.2020 12:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den sjølvstyrte øya, som har det offisielle namnet Republikken Kina, kan verte det første landet i Asia som tillèt likekjønna ekteskap.

Alt er avhengig av korleis 19 millionar taiwanarar stemmer i folkerøystinga som finn stad laurdag 24. november.

Det skriv The Guardian.

Sigeren var nesten i boks

Mange i Taiwan trudde sigeren i den årelange kampen for likekjønna sin rett til å gifte seg var sikra allereie i mai 2017.

Då vedtok høgsteretten i Taiwan at lovteksta som sa at ekteskap er mellom ein mann og ei kvinne, var grunnlovsstridig. Det samsvarar ikkje med folket sin fridom til å gifte seg eller retten til likskap – to rettar som begge er nedfelt i grunnlova.

I pressemeldinga frå høgsteretten stod det skrive at «seksuell orientering er ein uforandelerleg karakteristikk» og difor ikkje noko ein person kan endre. Homofile taiwanarar har i årevis vore fornekta på grunn av gamle tradisjonar og skikkar.

Høgsterett i landet melde den gong at innan to år skulle lovverket og dei gjeldande instansar rette seg etter vedtaket, og likekjønna ekteskap skulle vere tillate. Taiwanarane skulle sjølve få bestemme om dei ville gifte seg, og kven dei ville gifte seg med.

I fjor senka landet talet på underskrifter som krevst for å føreslå ei folkerøysting til 280.000, noko som tilsvarar 1,5 prosent av veljarane.

I august måtte regjeringa difor annonsera ei folkerøysting om temaet etter initiativ frå gruppa «Alliance for Next Generation’s Happiness», som hadde samla inn nok stemmer til å krevje ei folkerøysting.

Les også reportasjen om dragscena i Taipei!

Sterke stemmer på begge sider

The Guardian skriv at konservative grupper har brukt nærare 100 millionar taiwanske dollar, kring 30 millionar norske kroner, for å sørge for at definisjonen på ekteskap framleis er «mellom ein mann og ei kvinne».

Desse pengane har mellom anna gått til reklamer på taiwansk fjernsyn og i aviser, og spreiinga av feilaktig informasjon på sosiale medium.

Men det er også sterke krefter til støtte for likekjønna ekteskap. Ei rekke kjendisar, samt 27 organisasjonar og store selskap talar for legalisering av likekjønna ekteskap. Desse inkluderer teknologi-gigantar som Google, Microsoft, IBM og finanskjemper som Deutsche Bank.

Mangfald og inkludering bidreg til å drive verksemda vår, seier Microsoft ifølgje Reuters.

Samstundes samla den årlege pride-paraden i Taipei, hovudsete i Taiwan, 137 000 mennesker i gatene.

Sjå videoen frå pride-paraden i Taipei for ein knapp månad sidan: 

Les også: Hundretusenvis bur ulovleg på Taiwans hustak. Norske John er ein av dei.

Regjeringa må lytte til folket

Stemmesetelen reflekterer også dei sterke motstridande sidene. Den har fire spørsmål som omhandlar likekjønna ekteskap – to av spørsmåla er formulert til fordel for legalisering, og to imot.

Samstundes skal taiwanarane også stemme over eit spørsmål om obligatorisk likestilling i skulen.

Reuters skriv at 25 prosent av dei kring 19 millionar kvalifiserte veljarane må røyste ja, for at lovene skal verte endra. Regjeringa i landet vil då vere forplikta til å foreslå lover som reflekterer resultatet.

Les også: Jordbær-republikken Taiwan