Kjerringråd mot kronisk hets

Synnøve Marie Sætre
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Kommentaren stod først på trykk hjå Møre-Nytt.

Eg græt ikkje så ofte, og eg er heller ikkje den fyrste til å innrømme at eg både tidt og ofte ser Stjernekamp på NRK, men sanninga er at under årets finale hulka eg så eg rista. I det Ella Marie Hætta Isaksen stod på scenen og joika tårene or auga på oss som såg på, vart Stjernekamp noko meir enn ein underhaldande konkurranse mellom kjende og mindre kjende musikarar. Sigeren måtte Isaksen dele med den samiske kulturen og heile det norske språkmangfaldet.

Me er kanskje så heldige at me bur i verdas beste land, men sjølv her skal det søren ikkje vere lett å vere annleis. I Stjernekamp viste Isaksen at me heldigvis er komne eit stykke på veg, men sigeren kom diverre ikkje utan bismak.

Nettrolla sat pal ved tastaturet og hamra laus hatske ytringar i kjend stil. Samstundes var det fleire unge med samiske røter som såg Isaksen sin siger som ei frigjering, og endeleg kunne dei stå rakare i ryggen og fortelje om urett dei hadde blitt utsett for på bakgrunn av opphavet sitt.

Nettrolla sat pal ved tastaturet og hamra laus hatske ytringar i kjend stil

Nettrolla sin vreide er tilsynelatande ei sareptakrukke. Han tek ikkje slutt, og det har me sett fleire døme på dei siste dagane. Miljøbyråden i Oslo, Lan Marie Berg, som for mange av dei som kjempar for bilen i Oslo sentrum har blitt hatobjekt nummer éin, vart møtt med grov hets då ho kunngjorde at ho var gravid.

Det var heller ikkje alle som var like nøgde med at varaordførar i same by, Kamzy Gunaratnam, skulle leie 17. mai-komiteen. Ho var tydelegvis ikkje kronisk norsk. I desse tilfella var politikarar frå alle leirar samstemte i at dette høyrer ingen stad heime.

Eg kjenner ikkje til så mange som er plaga med å vere kronisk norsk, men det er tydeleg at mange slit med noko langt verre: kronisk hetsing. Denne merkelege tilstanden der dei forferdelegaste ytringar går rett frå galleblæra, inn i fingrane og ut på nett utan å late det passere hjernen fyrst.

Dei som er råka av dette, kallar me gjerne nettroll, men namnet ufarleggjer dei og gjer dei mindre ansvarlege. For dei er ikkje troll, dei er heilt vanlege folk, gjerne godt vaksne som burde vite langt betre, og folk kan tydelegvis vere skumlare enn troll.

Folk kan tydelegvis vere skumlare enn troll

For å få bukt med netthetsen, treng me gode førebilete som Ella Marie Isaksen, som gjer andre sterke til å stå opp imot urett. Me treng at politikarane våre er tydelege og set foten ned, og at dei snakkar politikk framfor å henge ut kvarandre og skape skilje mellom folk.

Lat oss alle lære litt av korleis Knut Arild Hareide opptredde etter å ha tapt kampen om retningsvalet i sitt eige parti. Med stor respekt for meiningsmotstandarane og eit standpunkt sterkare enn viljen til makt, stod han i det.

Men me treng òg at folk som sit der heime med litt for kort avstand mellom galleblære og publiseringsknappen lærer folkeskikk, og eg har god tru på at den oppveksande generasjonen kan vise veg. Om vreiden skulle blusse opp, og trongen til å hetse nokon fordi dei er litt annleis enn deg sjølv vert stor, så pust med magen, ta eit glas vatn og gå ein tur. Det hjelper mot så mangt.

Les også: Ella Marie Hætta Isaksen: – Stjernekamp har gjort meg sterkare