Tårnet: Å aldri få vende heim

Animasjonsfilmen Tårnet har Noregspremiere 30. november. Før det er filmen ein del av programmet på filmfestivalen Film fra Sør. Med filmen ønsker Mats Grorud å spreie kunnskap og forståing.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Intervjuet er gjort for filmfestivalen Film fra Sør.

Tårnet er ein fiktiv animasjonsfilm som tek utgangspunkt i den palestinske flyktningsituasjonen i Libanon, frå 1948 og fram til i dag.

Karakterane og historia er basert på intervju og samtalar regissør Mats Grorud sjølv har hatt med menneske i flyktningeleiren Bourj el Barajneh, i Beirut. Gjennom nære personlege portrett klarer han å formidle både drama og kunnskap.

Blanding av 2D- og dokkeanimasjon

Filmplakaten til Tårnet. Filmweb.

Grorud er utdanna ved animasjonslinja på Volda. Tidlegare har han blant anna laga kortfilmane Julenissen og Min Bestemor Beijing.

Tårnet er ei blanding av 2D-animasjon og dokkeanimasjon. Dette er eit uttrykk Grorud likar å jobba med. Han presiserer at dokker var essensielt i denne filmen for å føle nærleik til karakterane.

– Dokkefilm står hjartet mitt nært. Eg likar å sjå overflata av kva det er laga av. Samstundes ville eg bruka eit uttrykk der du kan involvere element frå røyndomen, slik at du vert mint om at det handlar om verkelege menneske undervegs.

Fekk ideen til filmen i barnehage i Palestina

Ideen til filmen kom då Grorud budde i Palestina og jobba i barnehage, gjennom eit solidaritetsprosjekt. Det starta med ein dokumentarfilm han var ein del av, Out of place out of time. Intervjua til denne filmen vart ein del av forarbeidet til Tårnet.

– Eg hadde lyst til å nå fleire menneske, difor ville eg lage ein animasjonsfilm. Eg ønskte å gi ein historisk kontekst gjennom generasjonsforteljingar. Samtidig ønskte eg å seie noko om korleis det er å bu i ein leir i dag og å lage portrett av menneska som bur der.

Trailer frå filmen:

https://www.youtube.com/watch?time_continue=1&v=FcVHk9nuHzU

Les også: Laga verdas minste animasjonsfilm

Karakterane er inspirerte av folk han møtte i leiren

Mykje av dei historiske tilbakeblikka i filmen er baserte på boka What it means to be a Palestinian og dessutan andre bøker. Karakterane i filmen er inspirert av verkelege menneske Mats Grorud møtte i leiren.

– Det viktigaste for meg med å lage filmen var å lage han for dei som bur i leiren. Når du er i leiren, er du der som gjest, og menneska tek godt vare på deg. Gjestfridomen ligg langt framme. Du får og får men føler ikkje at du får gitt noko tilbake. Så dette var gåva mi til menneska eg møtte i leiren. På denne måten kunne eg gi noko tilbake, seier han.

Du får og får men føler ikkje at du får gitt noko tilbake. Så dette var gåva mi til menneska eg møtte i leiren

Grorud fortel vidare at dette er menneske som føler seg gløymde og som føler at historia deira er gløymt. Han ville difor òg at filmen skulle bidra til å menneskeleggjere flyktningar.

– Der meiner eg animasjon fungerer bra. At du klarer å forhalda deg til dei du ser i filmen og klarer å gå emosjonelt inn i det utan å tenke at det berre handlar om «dei der borte». Til dette er animasjon ein god reiskap.

Les også: Barn av okkupasjonen

Viktig med tilbakemeldingar undervegs

Historia blir fortalt frå palestinarane sitt eige perspektiv, sjølv om filmskaparen ikkje er palestinar sjølv. Det har difor vore viktig for han å få tilbakemeldinger frå palestinarar undervegs, for å vite at det er riktig framstilling av hendingar og liva deira.

– Det har vore viktig for meg under arbeidet med filmen at folk kan relatere seg til historia. Kva det vil seie å vekse opp med krig og kva det vil seie å bu i eksil og ha familien din spreidd rundt i verda. Eg har møtt publikum frå andre delar av verda òg, som kan kjenne seg igjen i historia. Det er veldig fin tilbakemelding for meg å få, fordi her fortel eg på ein måte historia deira òg.

Det har vore viktig for meg under arbeidet med filmen at folk kan relatere seg til historia

Grorud håper at filmen kan leve lenge. At han kan bli vist breitt, ikkje minst for ungdom, for å bidra til forståing for og kunnskap om kvarandres bakgrunn.

– Når ungdom i Noreg ser noko på lerretet som dei kjenner seg igjen i, så trur eg det kan vere inngang til ein veldig fruktbar diskusjon. Eg håpar at filmen på denne måten kan vera med på å spreia kunnskap og forståing for kven vi er og der vi kjem frå.

Omsett til nynorsk av Framtida.no

Les også: Karoline jobbar frivillig i flyktningeleir i Palestina