Laga verdas minste animasjonsfilm

Beate Haugtrø
Publisert
Oppdatert 26.09.2018 19:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eit mobilkamera påkobla eit mikroskop kan vere til nytte også innan legevitskapen. Skjermdump frå doreymccall/Vimeo.com

Høyrt om CellScope? Det er ein Nokia-telefon med eit påkopla mikroskop, utvikla ved Fletcher-laboratoriet i Berkeley.

No er det laga ein minifilm med utstyret. Det er gjort hos animasjonsfilmselskapet Aardman Studios. Filmkameraet er mobilkameraet på ein Nokia, med 12 megapixel og Carl Zeiss-optikk.

Les også: Elevane får bruka både laser og 3D-skrivar

Mark Mccall og Richard Dorey har jobba på filmen. Dei fortel at teknologien der ein kombinerer mobilkamera med mikroskop, kan brukast til å filme bittesmå blodceller, diagnostiserer sjukdommar og bidra til å redde liv.

Dei bestemte seg for å feire teknologien med å lage verdas minste film, med same teknologi.

For å filme med så smått utstyr, måtte dei òg ha bittesmå figurar. Det fortel nettsida animationboss.net.

Figurar på berre ni millimeter

Hovudkarakteren i filmen, er ei minijente på berre 9 millimeter. For å få henne til å bevege seg, måtte dei lage femti forskjellige variantar av same jente i forskjellige positurar.

I filmen kjempar jenta, som dei kallar «Dot» i ei miniverd. Ei gigantisk fillerye rullar etter henne, og ho må springe for å sleppe å bli innrulla.

Sjå videoen frå Sumo Science her:

Fire sekund film per dag

Å bruke denne teknologien til å lage film tek tid. Teamet laga om lag fire sekund film per dag.

Chris Entwistle er hovudansvarleg for dei bittesmå figurane i filmen. Han fortel at dei først teikna modellane, for så å bruke eit 3D-program, der dei printa alle figurane med ein 3D-printer.

Dokkene er handmåla.

–For å måle dei, må eg slutte å prate og halde pusten i nokre sekund, fortel Entwistle i filmen, publisert på animationboss.net.

Sjå filmskaparane fortelje korleis dei har laga filmen her: 

Les også: Hva vil folk si er norsk Oscar-kandidat