mm
Faktaboks

Barneekteskap

• Over 30 prosent av dagens kvinner vart gifta bort før dei fylte 18 år

• Kvart år vert 15 millionar mindreårige jenter gifta bort

• Dagleg vert 39.000 jenter gifta bort

• Nokre barnebruder er så unge som 8-9 år

• Barneekteskap finn stad i alle verdsdelar

• Niger, Den sentralafrikanske republikk, Tsjad, Bangladesh og Mali har størst prosentdel av barneekteskap

• …medan India, Bangladesh og Nigeria har klart flest barnebruder i absolutte tal

• Rundt 9 prosent av graviditetar blant mindreårige skjer innafor ekteskap

• Graviditet og fødselskomplikasjonar er blant dei vanlegaste dødsårsakene for jenter i alderen 15-19 år i fattige land

Kjelde: Girls Not Brides

LES FAKTALUKK FAKTA

Skuleflinke Rachana Sunar er eldst i søskenflokken.  Ein dag 15-åringen kjem heim frå skulen er det munter prat i stova. Foreldra har gjester. Dei smilar og peikar på Rachana. Ungjenta vert nyfiken. Kva er det dei snakkar om?

– Til slutt forstår eg at dei planlegg å gifte meg bort. Eg skjønar ikkje korleis dei kan bestemme det utan meg. Eg skjønar ikkje korleis dei kan bestemme bryllaupsdatoen min utan at eg er med, fortel Rachana med store auge.

LES OGSÅ: Musikkvideo redda Sonita frå tvangsekteskap

«Love-marriage»

Framtida.no møter den no 22 år gamle jenta i lokala til Plan Norge i Oslo. Sidan august i fjor har ho vore på utveksling i Kristiansand, der ho jobbar i barnehage.

Det er kvinnedagen og Rachana er stolt over å ha fått lov å bruka si stemme under eit frukostmøte i Litteraturhuset i Oslo. Dei frammøtte fekk sjå 22-åringen vise fram smykke, som gifte jenter må gå med.

Nepal er blant dei landa i verda med høgast tal på barnebruder. 41 prosent av jentene er gifte før dei fyller 18, som er den lovlege aldersgrensa for å gifte seg med foreldra sitt samtykkje. Aldersgrensa for det ho kallar «love-marriage», der guten og jenta finn kvarandre, er 20 år.

Men sjølv om barnebryllaup er ulovleg og kan straffast  med fengsel i inntil tre år og bøter på opptil 10.000 rupi (omlag 800 NOK), vert sakene sjeldan rapportert og straffeforfølgt.

LES OGSÅ: Arrangert ekteskap er ofte som nettdating

– Eg, som er 22 år, er altfor gamal

Tradisjonane står sterkare enn rettsvesenet i Nepal.

– Bestemora mi vart gift då ho var ti år gamal. Ho seier at ho framleis lever og er lykkeleg, og kan ikkje forstå kva som er det store problemet. Når du er gift, treng du ikkje jobbe og streve. Det vert sett på som ei stor greie. I Nepal meiner ein at den riktige alderen for å gifte seg er når du er 16 år – og framleis vakker. Når du er over 20 vil ingen gutar ha deg. Eg, som er 22 år, er altfor gamal, men eg angrar ikkje. Eg er lykkeleg, ler Rachana.

Når ein nepalsk familie kjem til ein annan for å be om deira dotter, vil dei som regel aldri seie nei. Det handlar om å oppretthalde gode relasjonar til samfunnet.

Difor såg det ut til at Rachana skulle verte gifta bort til ein eldre mann av høgare kaste.

Racahana er fortvila og vurderer å rømma heimefrå. Men ho fryktar straffa frå faren.

Så får ho ein idé.

LES OGSÅ: Vil stogge barneekteskap

Rachana Sunar (22), Nepal
Rachana er uroa for livskvaliteten og den mentale helsa til dei unge jentene, som vert gifta bort.

Stipend og løn

Rachana, som på denne tida går i tiandeklasse, har fått stipend dei tre siste åra. Ho fortel foreldra at ho har skrive under på at ho ikkje skal gifte seg før skulegongen er ferdig. Dersom ho bryt kontrakten, må dei betale tilbake heile stipendet. Det er ikkje sant.

Foreldra hennar går til den andre familien og fortel om dilemmaet. Dei vert einige om å vente til Rachana er ferdig med skulegongen.

I mellomtida fullfører Rachana skulen og får ein deltidsjobb som lærar for vaksne analfabetar.

Den første løna på 3500 rupi (omlag 300 NOK) gir ho rett til foreldra, som i likheit med Rachana vert veldig stolte.

– Folk fortalde foreldra mine at eg var venleg og genuin. Dei innsåg at eg kunne gjera noko. No får eg mange kompliment for å vere ei god dotter, som hjelper familien min, smilar Rachana.

LES OGSÅ: Gutar og menn flyktar også frå tvangsekteskap

Søner > døtrer

I Nepal er søner meir verdsett enn døtrer. Det var difor ikkje særleg populært at mor til Rachana fekk fem døtrer, før dei fekk to søner.

– Søner er meir verdifulle fordi dei blir med familien og hjelper foreldra når dei vert gamle. Medan døtrer vert gifta bort, endrar sin identitet og vert nokon andre sin eigedom, forklarar ho.

Alle pengane Rachana tener går til familien. Ho vil gjere foreldra nøgde og sikra framtida for søskena sine.

Rachana er den første i området sitt, som har fullført vidaregåande og ser at fleire følgjer etter.

– Folk ser at om dei investerer i utdanning, så får dei igjen for det, smilar Rachana, som har lært seg god engelsk gjennom å være nepali-lærar for amerikanske frivillige.

Ho har til vanleg tre jobbar, to betalte og ein frivillig – som til saman varar frå sju om morgonen til sju om kvelden.

LES OGSÅ: Barn, hustru og mor

Sambad = dialog

I 2013 starta Rachana Sambad-senteret med støtte frå Kirdac Nepal og Strømme-stiftelsen.

Kvar veke kjem unge gifte mødrer for å snakka om viktige tema som kvinners rettar, barneekteskap, menneskehandel og kvifor det er så viktig at dei bruker stemma si.

Sambadbetyr dialog – eit verkemiddel Rachana har stor tru på. Dei jobbar både med at dei unge mødrene skal verte meir sjølvstendige, få høve til å fullføra skulegangen og læra seg ferdigheiter, som kan gje dei inntektsbringande arbeid.

– Du kan ikkje skilje desse jentene etter at dei har fått to born. Då vil dei få det enno verre. Dei missar respekt frå samfunnet, familien og vener. Det ein kan gjere er å myndiggjere dei.

Ho viser bilete av Sambad-jentene Manju, Sunita og Sushila. Alle var mellom 14 og 16 år då dei vart gifta bort. Dei har alle eitt eller to born. Manju er like gamal som Rachana, men har eit heilt anna liv. Sunita er deprimert og inneslutta. Rachana har bite seg merke i ein ting Sushila fortalde at ho lurte på: «Er eg ei kvinne? Eller er eg eit barn? Er eg ei dotter? Eller er eg ei mor?»

Dei jobbar òg med borna og mødrene til dei unge jentene, slik at tradisjonen med barneekteskap forhåpentlegvis vil forsvinne i neste generasjon.

Dei har òg fått til å stoppe fire barnebryllaup, ved å rapportere dei til myndigheitene.

Nepal har dei siste åra auka innsatsen mot praksisen og jobbar i desse dagar med ein nasjonal strategi, saman med UNICEF.

Men fattigdom og sosial ustabilitet etter det kraftige jordskjelvet i fjor skapar utfordringar.

LES OGSÅ: Mount Everest flytta på seg

Økonomisk avhengige

Rachana kjem frå ein fattig familie av ein lågare kaste. Fattigdom er både årsak til og konsekvens av barnebryllaup i Nepal, ifølgje Girls Not Brides.

Jenter frå rike familiar gifter seg i snitt to år seinare enn dei frå fattigare familiar. Over 90 prosent av jenter frå familiar som har nok mat, gifter seg etter dei har fylt 19 år.

Rachana peikar på at ein trur kvinner er utrygge og utsette i det offentlege rom, men at faktum er at mange ikkje er trygge heime.

Vald i heimen er eit vanleg problem i Nepal. Naboar veit gjerne om det, men lukkar augo for det som gjerne vert sett på som ei familiesak.

I Nepal er sjølvmord den vanlegaste dødsårsaka blant jenter og kvinner i fruktbar alder.

– Våre jenter mistar verdigheita si og lever i vonde forhold. Om du ikkje er økonomisk uavhengig og får alt frå ein annan person, så let du han gjere kva han vil med deg. Jenter har ikkje skulegang,  ferdigheiter eller jobbar. Dei jobbar mykje, gjerne frå 4 om morgonen til 12 om kvelden, men det er uløna. Dei lever som levande lik. Kroppen er daud, dei er har ingen kjensler og ikkje noko stemme. Du ser antrekket og familienamnet, men jenta har mista sitt namn og sin identitet.

LES OGSÅ: Erna Solberg: – Utan jenter, vert ikkje verda betre

Rachana Sunar Plan Norge
Rachana og Plan Norge jobbar mot same mål i ulike land.


40.000 barnebruder dagleg
Barneekteskap er eit stort problem på verdsbasis. Dagleg vert nesten 40.000 jenter under 18 år gifta bort.

– Me skuldar desse jentene å ta dette på alvor. Det å bli gifta bort når du er så ung – nokon heilt ned i femårsalderen – lagar nokre rammer rundt livet ditt, som held deg nede. Du får ikkje gå på skulen, andre bestemmer over deg, du får ikkje utvikla deg og du får ikkje ta del i samfunnslivet.

Det seier generalsekretær i Plan Norge, Kjell Erik Øie.

Han peikar vidare på at barnebruder gjerne vert mødrer for tidleg, med dei helsefarane det medfører.

– Så er det jo eit gedigent overgrep. Vaksne ligger med barn. Det kallar me eit overgrep til vanleg og det skal me òg kalla eit overgrep her.

Norske barnebruder

I 2014 lukkast Plan Norge med å gjera barnebryllaup relevant for norske forhold med den prisløna kampanjen om 12 år gamle Thea, som blogga om bryllaupet med 37 år gamle Geir.

Med flyktningstraumen har denne problemstillinga vorte enno nærare. I februar kunne NRK fortelje at minst 61 mindreårige kom til Noreg i 2015. Minst ti av desse var under 16 år og den yngste var heilt nede i 11 år.

Rachana meiner det mest rette i denne situasjonen er å la dei ta ein «ekteskapspause», der dei framleis er gift på papiret, men lever og utviklar seg kvar på sin kant.

Øie på si side, er klar på at ein ikkje skal behandla ungar som kjem til Noreg, noko annleis enn dei som er fødd og oppvaksne i Noreg.

– Om ein norsk 15-åring levde saman med ein vaksen mann ville me gripa inn med det same. Det skal me òg gjere med desse familiane og jentene. Me har teke på oss eit ansvar når dei kjem hit, og då må me visa oss det ansvaret verdig. Me kan ikkje ha eitt sett reglar for jenter som kjem frå Syria og eitt sett reglar for jenter som er fødd i Noreg, slår Øie fast.

LES OGSÅ: Stakk ut augo med gaffel for å unngå tvangsekteskap

Sjå kampanje-filmen frå Plan Norge, som er sett over 8,6 millionar gongar:

Oppdatert: tysdag 6. mars 2018 11.21

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE