Elise Løvereide
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Iram Haq: – Det er frykt som driv sosial kontroll vidare

Hva vil folk si er ei gripande og sterk forteljing om norskpakistanske Nisha (16), som følgjer foreldra sine strenge rutinar om dagen og festar med vennene om natta.

Dobbeltlivet fungerer heilt til faren oppdagar at Nisha har besøk av Daniel på soverommet. Faren trur ikkje på at dottera ikkje har hatt sex med Daniel, og etter råd frå to menn i nabolaget sender han Nisha til Pakistan mot hennar vilje.

Hva vil folk si har denne veka hatt visningar i heile landet og allereie tatt filmkritikarar og publikum med storm. For regissøren, Iram Haq, har filmen rot i ei ganske personleg historie.

– Det har vore spennande å utvikle ei forteljing som er inspirert av mine erfaringar. Både det å flytte og å fiksjonere det vidare, og samstundes skape eit univers som er relevant ut over mi eiga historie. Dette har vore ei lang reise, med manusarbeid over fleire år, fortel Haq.

Forsoning etter fleire år

Sjølv vart Haq send til Pakistan av faren som 14-åring. Etter dette mista ho kontakten med familien, og fekk først ei forsoning med faren i ein alder av 27.

– Då hadde eg eit møte med far min, som sa unnskyld for det han hadde gjort. Eg fekk ei forståing for korleis han hadde tenkt, noko som gjorde at eg kunne skape nyansar i filmen. Denne forsoninga og dialogen vi hadde om frykt og om kjensler gjorde at eg skjønte korleis han var redd for det framande og det norske. Eg forstod at eg trengte mykje tid for å kunne fortelje alt dette på ein god måte.

Faren ville sjølv at Haq skulle fortelje historia før han døydde.

Hva vil folk si er ei gripande skildring av eit far-dotter-forhold. Mer film/Filmweb

– Ei fantastisk reise

– Kva er forholdet ditt til Pakistan i dag?

– Eg ser på Pakistan som heimlandet til mine foreldre. Faren min vaks opp i India, mora mi er frå Pakistan. Det er der røtene mine er. Eg har sjølvsagt tilknyting til landet, men eg er jo ei norsk dame som tenkjer på norsk. Noreg er min heim.

I hovudrollene til Hva vil folk si spelar den norske filmdebutanten Maria Mozhdahi og den kjende indiske skodespelaren Adil Hussain. Filmen har blitt skildra som ei historie om eit sterkt far-dotter-forhold.

– Nokon hadde mykje erfaring frå før, og andre har ingen tidlegare erfaring. Alle hadde ulike tilnærmingar til sine roller. Som regissør har eg forsøkt å møte dei der dei er. Det har vore ei fantastisk reise, både menneskeleg og sosialt, seier Haq.

Sjå traileren her: 

– Handlar om å passe inn

Temaet for Hva vil folk si dreier seg først og fremst om ære og sosial kontroll. Haq trur at æreskultur kjem frå behovet for tilhøyrsle og det å passe inn i eit miljø.

– Den æreskulturen som eg prøver å skildre heng saman med integrering: Somme er gjerne mindre integrerte enn dei trur sjølve. Men også i andre miljø går det føre seg sosial kontroll, som i strengt kristne grupperingar. Eg trur det handlar mykje om å passe inn i. Viss ein ikkje følgjer reglane og normane kan ein falle utanfor. Alle har eit ønske om å tilhøyre noko og å få aksept. Menneske er villige til å gå ganske langt for det.

– Kva driv foreldre til å kidnappe og true eigne born?

– Eg trur det handlar om frykt. Frykt for å ikkje vere ein del av kulturen, frykt for at barna ikkje skal bli gifte. Foreldre styrer barna sine til å forstå og til å passe inn i systemet, fordi dei trur at det er til deira beste. Det er slik dei sjølve er oppdratte, og difor driv dei denne kunnskapen vidare.

– Kor representantiv er Nisha si historie, trur du?

– Det er berre to veker sidan førre æresdrapsforsøk i Noreg. Men det finst større og mindre grad av sosial kontroll, og det eksisterer også utanfor innvandrarmiljø. Eg trur mange ungdom ikkje er klare over at dei opplever sosial kontroll. Det eg ønskjer, er å ta opp dette problemet slik at vi kan få meir kunnskap. Barnevernet grip kanskje ikkje inn i alle slike saker fordi dei ikkje har nok kompetanse på sosial kontroll, trur Haq.

Adil Hussain speler faren i Hva vil folk si. Mer film/Filmweb

Frykt for det vestlege

Nisha har lenge skjult sitt «norske liv» for foreldra, samstundes med at ho ikkje har vore i stand til å involvere seg i alt vennene gjer. På eit tidspunkt blir foreldra redde for at ho skal bli for vestleg.

– Nisha lever eit dobbeltliv. Prisen er høg for å stå åleine. Mange foreldre veit ikkje kva det betyr å vere vestleg. Dei tenkjer at det vil bli eit einsamt liv, fordi han ikkje har den same gruppementaliteten som eksisterer i opphavslandet. Dei unge som veks opp i Noreg får litt av begge delar: Dei forstår foreldra, men ønskjer også å vere ein del av det norske samfunnet. Dette kjem stundom på kollisjonskurs.

Råkar også gutar

Med Hva vil folk si ønskjer Haq å skape dialog. Ho meiner at sosial kontroll er noko vi må tore å prate meir om.

– Vi er kvarandre sine fangevoktarar, alle saman. Og faren lir også i denne historia. For litt sidan vart ein far drepen i Sverige fordi han ikkje æresdrap dotter si. Sosial kontroll råkar også gutar. Eg ønskjer ikkje svart-kvitt-forteljingar, og eg ønskjer heller ikkje å svartmåle innvandrarmiljø. Det eg ønskjer, er ein debatt, seier ho.

For å få fleire på banen, meiner regissøren det trengst eit statleg opplegg og eit nettverk som kjenner att sosial kontroll.

– Det er ikkje nok med ein trøystande telefonsamtale, vi treng rådgivarar og eit nettverk som kan gripe inn. Då må vi andre vere observante ovanfor jenter og gutar som vi mistenkjer kan bli utsette for dette. Mitt hjarte brenn for å få bukt med sosial kontroll. Eg kan ikkje forandre alt, men eg håpar at filmen kan setje i gong noko, kanskje fungere som ein tankevekkar. Då blir eg utruleg takksam.