Elise Løvereide
Publisert
Oppdatert 29.03.2021 12:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nancy Herz (21): – Vi må sjølve stå på barrikadane

«Skamløs» av Amina Bile, Sofia Nesrine Srour og Nancy Herz kom ut i haust på Gyldendal forlag.

«Skamløs» av Amina Bile, Sofia Nesrine Srour og Nancy Herz kom ut i haust på Gyldendal forlag.

Denne hausten har 21 år gamle Herz debutert som medforfattar av boka Skamløs. Det er ei bok som tar opp ukultur og sosial kontroll i lukka miljø. Delar av boka er ein samtale mellom henne sjølv og dei to medforfattararane, Amina Bile og Sofia N. Srour.

– Eg kjende Sofia litt frå før, men vi har blitt venner og kollegaar i dette skamlause fellesskapet. Vi tre har ulike bakgrunnar og ulike interesser, men eit felles mål om å stå opp mot patriarkatet og sosial kontroll, seier Herz, som er på besøk i Bergen.

LO i Hordaland, Fagforbundet, Empo Flerkulturelt Ressurssenter og fleire andre organisasjonar inviterte denne veka til seminar om det å avskaffe vald mot kvinner, i høve den internasjonale FN-dagen 25. november. På seminaret var Herz ein del av eit debattpanel om negativ sosial kontroll.

– Sosial kontroll er eit spekter

La oss spole litt tilbake: Ein dag i fjor sat Nancy Herz på toget og las i avisa om ei jente med arabisk bakgrunn som levde med streng sosial kontroll. Herz kjende seg att, og blei forbanna.

– I reint sinne greip eg pennen fatt og skreiv ein kronikk. Det var starten på omgrepet «dei skamlause jentene» og vidareføringa av ein kamp mange har tatt før oss.

Dei skamlause jentene kritiserer ikkje berre eigne miljø, men også ukultur, fordommar og rasisme i storsamfunnet. Det å vere annleis er negativt i nesten alle samfunn og kulturar.

– For meg er det viktig å sjå den sosiale kontrollen som eit spekter. Drap og vald er det ekstreme, men sosial kontroll kan også dreie seg om å avgrense andre. Ofte kan det handle om å kontrollere jenters seksualitet, seier ho.

Herz meiner at også gutar er utsette for sosial kontroll, men at dei ofte slepp unna den seksualiserte delen.

– Gutane blir sjølve offer for sosial kontroll ved å måtte utøve den mot andre.

Ateist med muslimsk bakgrunn

Herz er fødd i Beirut, men med norsk statsborgarskap. For tida bur 21-åringen i Oslo der ho jobbar og studerer. Ved sidan av forfattarskapen er Herz saman med dei to andre mottakar av Skamløs-prisen i 2016. Herz er dessutan spaltist i Aftenposten, der heile skamlaus-debatten starta.

Dei skamlause, arabiske jentene slepp likevel ikkje unna kritikk, og har blitt omtala som ein «heltinneindustri». I tillegg blir dei stundom kritiserte for å ikkje vere skamlause nok. Til dømes får Herz høyre at ho ikkje tar nok avstand frå islam.

Herz veit dessutan at det blir skrive stygt om henne på diverse lukka forum, særleg om det at ho er uttalt ateist.

– Det er ikkje så farleg. For meg ligg ikkje identiteten min i det å tru på noko. Eg definerer meg som ateist med ein muslimsk bakgrunn. Eg treng ikkje religion for å kjenne tilhøyrsle.

Herz (21) er spaltist i Aftenposten, jusstudent og no også bokaktuell. Foto: Elise Løvereide

– Khan og Rehman brøyta veg

Saman med Bile og Srour – som for øvrig ikkje er ateistar – har Herz skrive ei bok for alle kjønn. Boka er også for foreldregenerasjonen, sjølv om ho ikkje trur dei vil utgjere den største lesargruppa.

– Eg trur mange kan kjenne seg att i boka, uansett bakgrunn. Dette er ei opplysingsbok der vi deler våre erfaringar og tankar. Deeyah Khan, Shabana Rehman, Amal Aden og fleire sterke kvinner har brøyta veg dei siste 20 åra og vi ønsker å halde fram kampen.

Men debatten denne gongen er annleis, trur Herz:

– Eg trur debatten er blitt meir nyansert. Fleire kjem til orde. Det er større medvit rundt det interseksjonelle – at diskriminerande strukturar heng saman. Og debatten må vere antirasistisk.

Feministar blir ofte kritiserte for å ikkje bry seg om innvandrerkvinner og kvinner med minoritetsbakgrunn. Herz meiner at dei må få snakke på vegner av seg sjølve – som ho, Bile og Srour no gjer.

– Kritikken rundt dette kjem ofte frå såkalla «hobbyfeministar» – dei er feministar når dei sjølve vel å vere det. Det er mange som prøver å definere debatten, seier ho, og avsluttar:

– Vi må sjølve stå på barrikadane og ta opp desse temaa.