Kan bli lettare å sjå strøymetenester og nett-TV på reise

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag er det slik at tilgangen til mange nettbaserte tenester ofte blir påverka av det landet ein oppheld seg i, og mange kan oppleve at innhald blir geoblokkert om ein er på utanlandsreise. Kulturdepartementet vil no ha endringar på dette området, opplyser dei i ei pressemelding.

– Nye strøymetenester legg til rette for at vi kan sjå TV-seriar og innhald der vi sjølv vil. Då er det også naturleg at ein får tilgang til favorittseriane ved utanlandsopphald, seier kulturminister Trine Skei Grande.

Les også: NRK vil nå unge med Lykkeland

Uavhengig av kvar i EØS ein befinn seg

EUs portabilitetsforordning tredde i kraft i april i år og gjeld no i alle EUs medlemsstatar. Forordninga gir reglar som skal sikre at abonnentar av portable nettbaserte innhaldstenester også får tilgang til desse tenestene uavhengig av kvar i EØS dei oppheld seg.

Kulturdepartementet fremma fredag ein proposisjon til Stortinget der det blir foreslått at portabilitetsforordninga blir norsk lov.

I utgangspunktet gjeld forordninga berre betalingstenester, mens det for dei som tilbyr gratistenester er valfritt om dei ønsker å bli omfatta av reglane. NRK opplyser at dei har som mål å nytte seg av regelverket i løpet av 2019.

Proposisjonen som er lagt fram vil no bli behandla i Stortinget. Regjeringa ønskjer at reglane kan tre i kraft så raskt som mogleg etter eit vedtak i Stortinget, kjem det fram i pressemeldinga.

Les også: Det er ein slags statement å sjå unge jenter drite seg ut